Musikk 1 | 1.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle barn og unge musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i å utøve, lage og oppleve musikk. I musikkstudiet i lærarutdanningane for grunnskulen er det difor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom lærarstudenten si eiga musikalske og kunstnarlege utvikling, og fagdidaktisk kompetanse i å planlegge, gjennomføre og reflektere over musikkundervisning.

Musikkfaget er tufta på eit premiss om likeverd og er godt eigna som regifag innanfor dei tverrfaglege tema demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling som vi finn i fagfornyinga. Det er eit inkluderande fag kor «utanforskap» kan reduserast gjennom at elevane er aktive i samspel med kvarandre.

Studiet har desse hovudkomponentane: Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1–7 og 5-10 i gjeldande læreplan.

Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1–7 og 5-10. Det kan bli lagt opp til eit differensiert opplegg for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn i deler av emnet dersom det er føremålsteneleg og tilhøva ligg tilrette for det. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget.

Arbeidet i studiet skjer gjennom samlinger, gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid, og gjennom studentane si bruk av studieinnhaldet i eigen ordinære undervisningspraksis.

Timeplan

Samlingene vil foregå på dagtid, og du vil få informasjon om eksakt klokkeslett før studiestart.

Høsten 2021:

  • Veke 36: Onsdag 8. – fredag 10. september 2021
  • Veke 42: Onsdag 20. – fredag 22. oktober 2021
  • Veke 47: Onsdag 24. – fredag 26. november 2021 (eksamenssamling)

Våren 2022:

  • Veke 4: Onsdag 26. – fredag 28. januar 2022
  • Veke 11: Onsdag 16.– fredag 18.mars 2022
  • Veke 17: Onsdag 27. – fredag 29. april 2022 (eksamenssamling)