Person ser på blad med forstørrelsesglass

Naturfag 2 | 1.-7. trinn

Vidareutdanning på bachelornivå

Ønsker du å vidareutvikle deg som naturfaglærar? Med denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan utvikle dei yngste elevane si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Du må ha minst 30 studiepoeng i naturfag frå tidlegare.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Meir om søknadsprosessen

    Kvifor studere Naturfag 2?

    Ved å fordjupe deg i naturfag, får du mogelegheit til å utvida eigen kunnskap, men også å veksa som pedagog. Det å kunne formidle eit fag som av barneskuleelevar kan opplevast komplekst, på ein engasjerande måte, vil vere veldig verdifullt som lærar. 

    Kva lærer du?

    Korleis utvikle dei yngste elevane si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk, når dei introduserast for naturfaget? Korleis bruke dette til å hjelpe elevane til å forstå omgjevnadene våre, og for å legge til rette for ei berekraftig utvikling i framtida? Studiet vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til naturfagundervisninga i grunnskulen.

    Målgruppe

    Naturfag 2 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Kurset bygger på naturfag 1, og er eit tilbod til lærarar som tidlegare har 30 studiepoeng i naturfag frå grunnskulelærarutdanninga. Til saman utgjer naturfag 1 og 2 ei årseining i naturfag (60 studiepoeng).

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Kvart emne består av tre samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, demonstrasjonar, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. 

    Naturfag 2 er delt i to emne:

    • Emne 1 undervisast om hausten og tar for seg tema innan fysikk og kjemi.
    • Emne 2 undervisast om våren og tar for seg tema innan humanbiologi, cellebiologi og evolusjon.

    Du finn meir informasjon i emneplanen:

    Samlingar

    Haust 2024
    Beregnet tid for undervisning på fysiske samlinger er 08:15 til 16:00

    • Uke 35 29.-30. august
    • Uke 38 20. september digital samling kl. 09:15-11:00
    • Uke 40 3.-4. oktober
    • Uke 43. 25. oktober digital samling kl. 09:15-11:00
    • Uke 45 6., 7. og 8. november

    Vår 2025
    Beregnet tid for undervisning på fysiske samlinger er 08:15 til 16:00

    • Uke 3 16.-17. januar.
    • Uke 6 7. februar digital samling kl. 09:15-11:00
    • Uke 8 19., 20. og 21. februar.
    • Uke 11 14. mars digital samling kl. 09:15-11:00
    • Uke 3.-4. april

    Tilrådd forskunnskap

    Kurset bygger på naturfag 1, og er eit tilbod til lærarar som tidlegare har 30 studiepoeng i naturfag frå grunnskulelærarutdanninga. 

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart.

    Eksamensform

    Emne 1 avsluttast med ein skriftleg eksamen i desember, og emne 2 avsluttast med ein munnleg eksamen i juni.

    Stipendordning for lærarar i skulen

    Jobbar du i skulen, kan du søkje om vikar- eller stipendordning gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsperioden er frå 1. februar til 1. mars. Les meir om tilretteleggingsmidlar, vikar- og stipendordning frå Utdanningsdirektoratet på udir.no

    Du må sende to søknader i 2025:
    Ein søknad til Utdanningsdirektoratet for finansiering, frist 1. mars.
    Ein søknad til HVL for opptak på vidareutdanningstilboda våre, frist 15. april.

    Andre interessante studietilbod

    To elevar i klasserommet

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs