Studieplan - Naturfag 2, 1.-7. trinn
Hausten 2020
Naturfag 2 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Kurset bygger på naturfag 1, og er eit tilbod til lærarar som tidlegare har 30 studiepoeng i naturfag frå grunnskulelærarutdanninga. Til saman utgjer naturfag 1 og 2 ei årseining i naturfag (60 studiepoeng).
Naturfag 2 er delt i to emne:
- Emne 1 undervisast om hausten og tar for seg tema innan fysikk og kjemi.
- Emne 2 undervisast om våren og tar for seg tema innan humanbiologi, cellebiologi og evolusjon.
Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i hovudsak ved Høgskulen på Vestlandet på Kronstad.