Hopp til innhald

Studieplan - Naturfag 2, 1.-7. trinn

Hausten 2023

Naturfag 2 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Kurset bygger på naturfag 1, og er eit tilbod til lærarar som tidlegare har 30 studiepoeng i naturfag frå grunnskulelærarutdanninga. Til saman utgjer naturfag 1 og 2 ei årseining i naturfag (60 studiepoeng).

Innhald

Emne 1 undervisast om hausten og tar for seg tema innan fysikk og kjemi. Emne 2 undervisast om våren og tar for seg tema innan humanbiologi, cellebiologi og evolusjon.

Arbeidsformer

Kvart emne består av tre samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, demonstrasjonar, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. 

Vurderingsformer

  • Emne 1: Heimeeksamen, 4 dagar
  • Emne 2: Munnleg eksamen

Internasjonalisering

Nei