Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i nautikk med integrert praksis

Hausten 2024

Bachelor i nautikk med integrert praksis er eit studieprogram som går over fire år og har eit omfang på 240 sp. Studiet har praksis, og det er Høgskulen på Vestlandet (HVL) som gir kvar einskild student eit tilbod om praksisplass om bord i eit skip i eit gitt rederi gjennom hele studieløpet.

Utdanninga er regulert i The International Convention on Standards of Training, Certification and Watchkeeping for Seafarers 78 as Amended (STCW) og FOR-2011-12-22 nr. 1523 Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk. Desse krava ligg til grunn for naudsynt godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet, og studieprogrammet er godkjend profesjonsutdanning for dekksoffiserar. Programmet gir studentane både teoretisk og praktisk kompetanse, og sikrar at ein kan søke om dekksoffiser klasse 3-sertifikat (D3) umiddelbart etter fullført utdanning. Kandidatane kan dermed starte i jobb som styrmann om bord i skip etter endt utdanning. Gjennom studieløpet har studentane tette koplingar til næringa, og kandidatene er svært attraktive for fremtidige arbeidsgjevarar.

Studentar som er tatt opp må programmet, må til ein kvar tid kunne vise fram gyldig helseerklæring utan avgrensning, utferda av godkjend sjømannslege.

Fullført bachelorutdanning kvalifiserer til opptak på masterutdanning i Maritime operasjoner (MMO) ved HVL. Studiet vil og kvalifisere til andre nasjonale og internasjonale masterprogram.

Opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse. Alternativt kan du også dekke opptakskravet med såkalla MARTE-krav, som vil seie:

- bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 eller

- bestått 2-årig teknisk fagskule eller

- bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskuleutdanning.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

Har inngåande kunnskap innan nautiske tema i tråd med regelverket i STCW 78 med tillegg, regel II/1 og II/2, seksjon A-II/1 og A-II/2, og tabellane A-II/1 og A-II/2.

Har eit heilskapleg perspektiv på det nautiske fagområdet, med kunnskap om fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.

Har brei kunnskap om det å arbeide om bord i eit skip og kven som har ansvar for ulike arbeidsoppgåver om bord.

Har brei og oppdatert kunnskap om nasjonalt og internasjonalt maritimt regelverk relatert til operasjon og drift av skip.

Har brei kunnskap om ulike metodar, teoretiske perspektiv og problemstillingar relatert til maritim sikkerheit og leiing.

Har kunnskap i matematikk, naturvitskap og maritim engelsk relatert til operasjon og drift av skip.

Har kunnskap om optimalisering av operasjonar og drift av skip.

Har inngåande kunnskap om å innhente relevant informasjon og løyse problemstillingar ved bruk av grunnlagsemne som matematikk, fysikk, kjemi og metodefag i kombinasjon med nautiske emner som navigasjon, last, sikkerheit og leiing.

Har inngåande kunnskap om dekksoffiseren si rolle i samfunnet.

Kjenner til relevant forskings- og utviklingsarbeid, vitskapeleg metodikk, verkty og arbeidsmåtar innan det maritime fagområdet.

Er i stand til å oppdatere kunnskapen sin, til dømes gjennom litteratursøk, kontakt med ulike fagmiljø og revisjon av eigen praksis.

Har grunnleggande kunnskap om innovasjonsprosessar som medverkar til utvikling av maritim næring.

Ferdigheiter

Kandidaten:

Kan sjå dei ulike fagområda i samanheng, og kan nytte kunnskap og ferdigheiter frå fleire fag på ei særskilt problemstilling.

Kan med bakgrunn i kunnskap tileigna i studiumet og relevant forskings- og utviklingsarbeid reflektere rundt og vurdere teoretiske, praktiske og tekniske problemstillingar knytt til operasjon og drift av skip, og er i stand til å treffe begrunna val.

Kan nytte kunnskap frå grunnlagsfaga på eit breitt spekter av maritime problemstillingar.

Kan nytte ulike metodar og verkty, inkludert simulator, for å operere skip sikkert, effektivt og bærekraftig.

Er i stand til å planlegge, gjennomføre og leie operasjonar om bord i skip på norsk og engelsk.

Kan arbeide sjølvstendig og i team.

Har innsikt i og kan reflektere over eiga fagleg utøving, og justere denne under rettleiing.

Kan kommunisere og samarbeide med personell frå andre faglege retningar og med anna nasjonalitet, og vise respekt for andre.

Kan bruke relevant fagterminologi og andre maritime uttrykksformer.

Kan finne, vurdere kritisk, bruke og vise til relevant informasjon, litteratur og fagstoff, i tillegg til å framstille og drøfte dette slik at det klårgjer ei problemstilling.

Kan identifisere, vurdere, prioritere, planlegge, utføre, følge opp, rapportere og dokumentere arbeidsoppgåver i eige ansvarsområde om bord, og er kjent med og følger retningsliner om bord i skipet.

Kan bruke erfaringar frå teori i praksisperiodane og frå praksisperiodane inn i teoriundervisinga.

Generell kompetanse

Kandidaten:

Oppfyller krava i STCW 78 med tillegg regel II/1 og II/2 slik at kandidaten kan søke dekksoffisersertifikat klasse 3 (D3) og er kvalifisert for å søke jobb som sjøoffiser.

Har problemforståelse innan fagområde som navigasjon, last, sikkerheit og leiing.

Er medvitne samfunnsmessige, miljømessige og etiske utfordringar relatert til maritim verksemd, og evnar å sjå kunnskapen i samanheng med eiga rolle om bord eller i landbasert verksemd.

Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt, åleine eller saman med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner.

Kan formidle maritim fagkunnskap, teoriar og problemstillingar til ulike målgrupper, skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.

Kan medverke i tverrfagleg arbeid og kan tilpasse eiga fagleg utøving og teameigenskapar til den aktuelle arbeidssituasjonen og arbeidstilhøva.

Deltar aktivt i faglege diskusjonar og evnar å dele eigen kunnskap og eigne erfaringer med andre, for på denne måten å medverke til utvikling av god praksis.

Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar innan det maritime fagfeltet.

Har tileigna seg eit godt grunnlag for utvikling av analytisk evne og vilje, og tileigna seg teoretisk kunnskap til å fortsetje å studere på masternivå i inn- og utland.

Har ei heilskapleg forståing av skipsdrift og forstår kompleksiteten og konteksten som gjeld sjøoffiserane sine arbeidsvilkår.

Kan bruke teoretisk og praktisk kunnskap på nye problemstillingar og i utviklingsprosessar.

Har innsikt i utvikling og bruk av teknologi og digitale løysingar på skips- og systemnivå.

Innhald

Nautikkutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ei praksisnær utdanning som er solid forankra i ein av dei sterkaste maritime regionane i Noreg. Den fireårige nautiske utdanninga er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer til bachelorgrada i nautikk i tråd med krava i STCW- 78 med tillegg, regel II/1 og II/2. Utdanninga gir innsikt i og kunnskap om tydinga av maritim verksemd i eit regionalt, nasjonalt og globalt perspektiv, og medverkar til å ivareta samspelet mellom menneske, maritim teknologi, miljø og samfunn. Fullført og bestått Bachelor i nautikk med integrert praksis gir grunnlag for å søke Sjøfartsdirektoratet om dekksoffisersertifikat klasse 3.

Krav til utdanninga

Utdanninga er underlagt internasjonale og nasjonale krav til kvalitetssikring og innhald i tråd med STCW 78 med tillegg og FOR 2011-12-22 nr. 1523 Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk. Bachelorgrada oppfyller krava i STCW-78 med tillegg, regel II/1 og II/2 og FOR-2011.12.22 nr. 1523 og er godkjent av Sjøfartsdirektoratet.

Oppbygning av studiet

Første studieår er ei innføring i nautikk med hovudvekt på navgiasjonsemne og grunnlagskunnskapar som studentane treng i det vidare studieløpet. Første praksisperiode er lagt til starten av andre semester, og har som formål å gi studentane praktisk innsikt i tema gjennomgått i første semester og som eit grunnlag for vidare teoretisk opplæring i resten av studieløpet. Studentane har og simulatortrening for å tileigna seg naudsynte praktiske ferdigheitar heilt frå studiestart på første semester.

Andre studieår bygger vidare på opplæring og praksis i første studieår. Navigasjon er fortsatt viktig, men både skipstekniske tema og kunnskap om menneske, organisasjon og teknologi er viktig i 3. og 4. semester. I tillegg får dei ein introduksjon til tema som står på agendaen i tredje studieår. Andre praksisperiode avslutter det fjerde semesteret, og studentane jobbar i praksisperioden med det dei har lært så langt på studiet. Studentane vert vurdert ut frå teoretisk kompetanse, men ferdigheiter og kompetanse vert og testa gjennom praksisperiode og praktisk/munnleg vurdering i fleire emne. Profesjons- og rolleforståing står sentralt i andre studieår.

I tredje studieår er det skipstekniske emne, regelverk og helse, arbeidsmiljø og sikkerheit om bord som står sentralt, saman med kunnskapsbasert praksis. Studentane har så god kjennskap til fagområdet og praksis om bord at dei kan sjå desse i eit profesjonsperspektiv. Studentane kan kople teori og praksis og sjå desse i samanheng i utøvinga av praktiske oppgåver om bord og i læringssituasjonen på studiestaden. Det er fortsatt fokus på systematiske, kvalitetsforbetrande og vitskapelege arbeidsmetodar.

I fjerde studieår vert dei STCW-relaterte emna avrunda med ein avsluttande praksis der studentane får sett praktiske og teoretiske kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse opparbeidd gjennom studiet i samanheng. I 8. semester gjennomfører studentane bachelorprosjektet og spesialisering i form av valgemne. Det er tilrettelagt for utveksling i 8. semester, og studentane kan derfor gjennomføre spesialiseringa si ved ein internasjonal utdanningsinstitusjon. Studentane sitt totale læringsutbytte er nådd og ved fullført vitnemål kan studentane søke Sjøfartsdirektoratet om dekksoffisersertifikat klasse 3 (D3).

Praksis

Praksis er lagt inn i studieprogrammet gjennom fire obligatoriske praksisperiodar. Praksisopphalda har ulik varighet og er inndelt slik:

Praksis I: Første del av 2. semester, 4 veker.

Praksis II: Siste del av 4. semester, 8 veker

Praksis III: Første del av 5. semester, 8 veker

Praksis IV: Siste del av 7. semester, 5 veker

For studentane er det obligatorisk å gjennomføre oppgåver i Webcadet (digitalt opplæringssystem for kadettar, godkjent av Sjøfartsdirektoratet) i praksisperiodane. Vurderinga av dei praktiske oppgåvene som vert gjennomført om bord er assessor på skipet ansvarleg for. Dette er i tråd med Sjøfartsdirektoratet sine krav, og assessor har naudsynt opplæring og godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet.

Det faglege innhaldet i praksisperiodane er saman med læringsutbyttet studentane skal sitje att med definert i emneskildringane for dei fire praksisemna. Oppsummert vil praksisperiodane ha følgjande hovudtema;

Praksis I – familiarisering, rollar om bord og eiga rolle no og framover, oppstart navigasjon

Praksis II – navigasjon hovudtema, oppstart skipsteknikk og leiing

Praksis III – skipsteknikk hovudtema, leiing, avslutting navigasjon

Praksis IV – leiing, avslutting alle tema

Den einskilde praksisperiode vil stå i samanheng med emne gjennomført før praksisperioden og emne som kjem etter aktuell periode. Det vil sei at studentane kan få einskilde tilleggsoppgåver om bord som handlar om innsamling av informasjon til bruk i påfølgjande emne. Viser til emneskildringane for praksisemna for meir detaljert informasjon om fagleg innhald.

Arbeidsformer

Arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivitetar som inngår i studieprogrammet:

Arbeidsformer:

Førelesingar

Simulering

Ferdigheitstrening

Praktiske øvingar

Rekneverkstad

Munnlege presentasjonar

Prosjektarbeid

Praksis

Ekskursjon/bedriftsbesøk

Diskusjonar

Rettleiing

Sjølvstudium

Gruppearbeid

Digitale ressursar

Obligatoriske læringsaktivitetar

Skriftlege innleveringar

Passeringstestar

Medstudentvurderingar

Gruppearbeid og individuelt arbeid

Rettleiing

Praktiske kurs og øvingar

Simulatorøvingar

Labøvingar

Munnleg presentasjon

Undervisinga er basert på ei forskningsbasert og analytisk tilnærming til emna som inngår i studiet, til dømes gjennom arbeid med casestudium, pensumlitteratur og liknande. Gjennom studiet møter studentane ulike formidlingsformer fysisk og digitalt, med førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing i grupper og problembasert læring som dei mest vanlege. Det vert lagt opp til og forventa stor grad av studentaktivitet i alle emne. Fagmiljøet legg mykje arbeid ned i førebuing og oppfølging, og det vert difor forventa at studentane møter førebudd til undervisinga. Digitale verkty er ein viktig del av det faglege og pedagogiske arbeidet.

Vurderingsformer

Følgende vurderingsformer vert nytta i studiet:

Skriftleg vurdering

Praktisk/munnleg vurdering

Oppgåver individuelt og i gruppe

Vurdering av praksis

Mappevurdering

Munnleg vurdering

Bacheloroppgåve

Vurderingsformene har to føremål:

Dei skal gje studentane tilbakemelding på deira faglege ståstad og dermed legge til rette for forbetring og vidare progresjon i studiet.

Dei skal sei noko om studenten sitt læringsresultat og oppnådd læringsutbytte.

Vurderingsform er fastsett ut frå det einskilde emnet sitt innhald og arbeidsformer som vert nytta. Einskilde emne har derfor vurdering som er ein kombinasjon av praktisk(e) og teoretisk(e) vurderingsdelar. Varierte vurderingsformer vert nytta. Fleire av vurderingsformene vert gjennomført digitalt.

Vurderingsformene spenner frå tradisjonell summativ vurdering som skriftleg eller munnleg eksamen til formative vurderingar som mappeeksamen med fleire element til ein kombinasjon av fleire vurderingsformer som til dømes praktisk/munnleg eksamen på simulator kombinert med ein skriftleg eksamen. Nokre vurderingsformer er basert på ei individuell vurdering, medan andre er gruppebaserte eller ein kombinasjon av desse. I praksisemna vert karakterskalaen bestått/ikkje bestått nytta, medan det i øvrige emne vert lagt opp til gradert karakter med karakterskala A til F.

Internasjonalisering

Det vert lagt til rette for at studentane kan studere ved ein samarbeidande utanlandsk utdanningsinstitusjon i siste semester (fjerde studieår), der studentane gjennomfører 30 sp ved aktuell institusjon. I utvekslingssemesteret kombinerer studentane valemne (15 sp) med bacheloroppgåva (15 sp). Dette gir studentane eit breitt utval av relevante utanlandske institusjonar.