Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i nautikk

Hausten 2018

Nautikkutdanninga ved HVL er solid forankra i ei av dei sterkaste maritime klynga i Noreg. Med ein bachelorgrad i nautikk og fullført fartstid som kadett er du attraktiv både som sjøoffiser ombord i alle typar skip, nasjonalt og internasjonalt - men òg i den landbaserte delen av maritim verksemd.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskap:

Kandidaten:

  • Har inngåande kunnskap i nautiske emne i tråd med regelverket i STCW 78 med tillegg, regel II/1 og II/2, seksjon A-II/1 og A-II/2, samt tabellane A-II/1 og A-II/2.
  • Har eit heilskapleg perspektiv på det nautiske fagområdet, med kunnskap om fagområdet si historie og tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
  • Har brei kunnskap om nasjonalt og internasjonalt maritimt regelverk relatert til operasjon og drift av skip.
  • Har brei kunnskap om ulike metodar, teoretiske perspektiv og problemstillingar relatert til maritim tryggleik og leiing.
  • Har kunnskap innan matematikk, naturvitskap og maritim engelsk relatert til operasjon og drift av skip.
  • Har inngåande kunnskap om å innhenta relevant informasjon og løysa problemstillingar ved bruk av grunnlagsfag som matematikk, fysikk, kjemi og metodefag i kombinasjon med nautiske emne som navigasjon, last, tryggleik og leiing.
  • Har inngåande kunnskap om dekksoffiseren si rolle i samfunnet.
  • Kjenner til relevant forskings- og utviklingsarbeid, vitskapeleg metodikk, verkty og arbeidsmåtar i det maritime fagområdet.
  • Er i stand til å oppdatera kunnskapen sin, til dømes gjennom litteratursøk, kontakt med ulike fagmiljø og revisjon av eigen praksis.
  • Har grunnleggjande kunnskap om innovasjonsprosessar som medverkar til utvikling av maritim næring.

 

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • Kan sjå dei ulike fagområda i samanheng, slik at han/ho kan nytta kunnskap og ferdigheiter frå fleire fag på ei problemstelling.
  • Kan med bakgrunn i kunnskapane tileigna i studiet og relevant forskings- og utviklingsarbeid reflektera rundt og vurdera teoretiske, praktiske og tekniske problemstellingar knytt til operasjon og drift av skip, og er i stand til å gjera grunngjevne val.
  • Kan nytta kunnskapane frå grunnlagsfaga på eit bredt spekter av maritime problemstellingar.
  • Kan nytta ulike metodar og verkty, inkludert simulator, for å operera skip trygt og effektivt.
  • Er i stand til å leia operasjonar ombord i skip på norsk og engelsk.
  • Kan arbeida sjølvstendig og i team.
  • Har innsikt i og kan reflektera over eigen fagleg utøving, og justere denne under rettleiing.
  • Kan forhalda seg til og kommunisere med personell fra andre faglege retningar og med anna nasjonalitet.
  • Kan nytta relevant fagterminologi og andre maritime uttrykksformer.
  • Kan finna, halda seg kritisk til, nytta og visa til relevant informasjon, litteratur og fagstoff, samt framstelle og drøfte dette slik at det belyser en problemstelling.

 

Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • Innehar det teoretiske grunnlaget i tråd med STCW 78 med tillegg regel II/1 og II/2 til å gjennomføra kadettpraksis.
  • Har problemforståing i fagområde som navigasjon, last, tryggleik og leiing.
  • Er medviten samfunnsmessige, miljømessige og etiske utfordringar relatert til maritim verksemd, og evnar å sjå kunnskapen i samanheng med si rolle ombord eller i landbasert verksemd.
  • Kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt, aleine eller saman med andre, i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • Kan formidla maritim fagkunnskap, teoriar og problemstellingar til ulike målgrupper, skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • Kan bidra i tverrfagleg arbeid og kan tilpassa eigen fagleg utøving og teamegienskapar til den aktuelle arbeidssituasjonen og arbeidstilhøva.
  • Deltar aktivt i faglege diskusjonar og er i stand til å dela sine kunnskapar og erfaringar med andre, for på denne måten å bidra til utvikling av god praksis.
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i det maritime fagfeltet.
  • Har utvikla eit grunnlag for utvikling av analytisk evne og vilje, samt tileigna seg teoretiske kunnskapar til å fortsetje studier på masternivå i inn- og utland.

Innhald

Den treårige nautiske utdanninga er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer til bachelorgrada i nautikk og den teoretiske delen av dekksoffiser/navigatørutdanning i tråd med STCW 78 med tillegg, regel II/1 og II/2. Utdanninga gir innsikt i og kunnskap om verdien av maritim verksemd i lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv, og bidrar til å ivareta samspelet mellom maritim teknologi, miljø og samfunn.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ansvar for at undervisninga er i tråd med Sjøfartsdirektoratet sine gjeldande krav. Utdanninga er underlagt Sjøfartsdirektoratet sine krav til kvalitetssikring i tråd med STCW 78 med tillegg og FOR 2011-12-22 nr. 1523 Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk. Bachelorgrada oppfyller krava i STCW A-II/1 og A-II/2. I tillegg til ordinære emner må følgjande kurs gjennomførast:

Grunnleggjande sikkerheitsopplæring for sjøfolk (dekkjer STCW A-VI/1-1, A-VI/1-2, A-VI/1-3 og A-VI/1-4)

Videregåande sikkerheitsopplæring for dekksoffiserar (dekkjer STCW A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1)

Medisinsk behandling (STCW A-VI/4-2)

Maritim kommunikasjon (GMDSS, STCW IV)

HVL arrangerer nokre av desse kursa i samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar. Høgskulen tek atterhald om at det kan verta kravd kursavgift på slike kurs etter nærare informasjon. Studentane vil få utstedt kursbevis for, ARPA, ECDIS og AIS og ferdigheitssertifikat for sikkerheitskurs og medisinsk behandling, i tillegg til at Telenor utsteder GOC-sertifikat. Kursbevis og ferdigheitssertifikat vert skrivne ut på bakgrunn av kurs og emner som studentane gjennomfører i løpet av studiet. Tilbodet om slike kurs vert gitt studentar med rimeleg progresjon i studiet og som ikkje har gjennomgått tilsvarande før studiestart og dermed har gyldig kurs. Kurs er normalt gyldige i 5 år. I tillegg kan det verta sett kvalifikasjonskrav.

Kurs vert berre tilbudt ein gong for kvar einskild student. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører kurset utan godkjent grunn, vil ein ikkje få moglegheit til å ta kurset på nytt gjennom høgskulen. Gyldig kurs kan óg vera forkunnskapskrav til påfølgjande emner. Dersom kurset ikkje lenger er gyldig ved oppmelding til det påfølgjande emnet, må studenten sjølv sørge for nytt kurs før oppmelding kan skje.

Studentar med opptak på Bachelor i nautikk får og tilbod om kurset Tryggleiksmedvit for sjøfolk med særskilte tryggingsplikter som dekkjer STCW A-VI/6(4) og tabell A-VI/6-2. Når kurset er gjennomført får ein eit ferdighetssertifikat. Dette kurset er ikkje obligatorisk for å oppnå bachelorgrada.

Gjennom valemner i bachelorprogrammet kan studentane og oppnå kursbevis innan:

Tankermann, lavaste grad olje og kjemikalie, og høgste grad olje (STCW A-V/1-1, tabell: A-V/1-1-1 og A-V/1-1-2)

Kystseglas for kadettfarledsbevis, 48 t. (Gjennomført i tråd med Modellkurs "Cadet Pilot Exemption Course")

Desse emna eller kursbevisa er ikkje obligatoriske for å oppnå bachelorgrada.

Arbeidsformer

Undervisinga er basert på ei forskingsbasert og analytisk tilnærming til emna som inngår i studiet, til dømes gjennom arbeid med casestudier, pensumlitteratur og liknande. Varierte formidlingsformer vert nytta, med førelesingar, oppgåveløysing i grupper og problembasert læring som dei mest vanlege. Det vert lagt ned svært mykje arbeid i førebuingar frå fagpersonalet si side og det vert difor forventa at studentane møter førebudde i undervisinga.

Gruppearbeid i tillegg til individuelt arbeid er dei arbeidsformene som nyttast mest. Studenten må rekna med minimum 30 timar pr studiepoeng pr semester i eigenarbeid.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er integrert i undervisinga med Classfronter og databaserte støttesystem som viktige verkty i det faglege og pedagogiske arbeidet.

Vurderingsformer

Vurderingsformene ved nautisk utdanning har to formål:

  1. Dei skal gi studentane tilbakemelding på kvar dei står fagleg og dermed leggje til rette for forbetring.
  2. Dei skal seia noko om studentane sitt læringsresultat.

Karakterskalaen utgjer bokstavkarakterane A-F eller bestått/ikkje bestått. Karakterane A-E viser at studenten har bestått kurset, og karakteren E indikerer at alle minimumskrav i STCW er dekka. Karakteren F angir stryk. Karakteren C reflekterar eit godt og solid fagleg resultat.

Internasjonalisering

Nautisk utdanning gir moglegheiter for utveksling til utdanningsinstitusjonar i Europa innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Utvekslinga kan vera av ulik lengd og innhald. Høgskolen kan og tilby opphald ved samarbeidinstitusjonar i andre verdsdeler i løpet av studietida. Du kan lesa meir om HVL sitt utvekslingstilbod her: http://www.hsh.no/internasjonalisering.htm