Hopp til innhald

Studieplan - Norsk 1 , 5-10 - nettstudium

Hausten 2018

Studiet er ein del av vidareutdanningstilbodet til lærarar gjennom Kompetanse for Kvalitet, finansiert av Kunnskapsdepartementet.

Læringsutbytte

KUNNSKAPAR

Studenten

  • har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
  • har brei kunnskap om relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring
  • har god kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring
  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk
  • har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har gode kunnskapar om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
  • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
  • har god kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
  • har kunnskap om lese- og skrivestrategiar
  • har omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
  • har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot ungdom og vaksne lesarar

 

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. trinn og grunngi faglege val
  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
  • kan kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
  • kan analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
  • kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
  • kan bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
  • kan stimulere den estetiske sansen til elevane
  • kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
  • kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyte til elevane
  • kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
  • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktivt refleksjon
  • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
  • kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Innhald

Studiet inneheld to emne: Elevens språk og elevens tekst. Innhald i studiet er: 

  • Vidare lese- og skriveopplæring
  • Språket som system
  • Tekstskaping og -forståing

Arbeidsformer

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet går over to semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Fronter og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect. Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.

Det er minst fire arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i tekstskaping og -forståing. Kollegarespons står sentralt.

Vurderingsformer

Sjå emneplan