Hopp til innhald

Studieplan - Norsk 1 , 5-10 - nettstudium

Hausten 2019

Norsk 1 er eit videreutdanningstilbod som rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på undervising i norsk med elevar frå 5.-10. trinn. Kurset kvalifiserer til undervisingskompetanse i norsk på mellomsteget og ungdomssteget (30 stp.). Kurset gir deg som lærar norskfagleg og didaktisk kompetanse og ei brei innføring i norskfaget i skulen. Undervisningsspråket er norsk.

Kurset består av to emner på 15 studiepoeng kvar. Studiet går over to semestre, og det er eitt emne per semester. Studiet er eit reint nettbasert kurs.

Studiet er ein del av vidareutdanningstilbodet til lærarar gjennom Kompetanse for Kvalitet, finansiert av Kunnskapsdepartementet.

Læringsutbytte

Sjå emneomtale.

Innhald

Studiet inneheld to emne: Elevens språk og elevens tekst. 

Innhald i studiet er: 

  • Den andre lese- og skriveopplæringa
  • Språket som system og norsk som andrespråk
  • Munnlegdidaktikk
  • Tekstomgrepet og elevtekstanalyse
  • Barne- og ungdomslitteratur
  • Respons og vurdering

Praksis

Det er ikkje praksis i emnet, men du må ha tilgang på eit klasserom, slik at du får moglegheit til å prøve ut nye metodar.

Arbeidsformer

Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet går over to semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect. Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.

Det er minst arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i tekstskaping og -forståing. Kollegarespons står sentralt.

Vurderingsformer

Sjå emneomtale.