PC-skjerm som viser bilde av mange bøker. Bokhyller i bakgrunnen

Norsk 1 | 1.-7. trinn | nettbasert

Vidareutdanning på bachelornivå

Denne vidareutdanninga er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i norsk på 1. - 7. trinn.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Meir om søknadsprosessen

    Kvifor studere Norsk 1?

    I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.

    Kva lærer du?

    • Den første og andre lese- og skriveopplæringa
    • Talemål og skriftspråk
    • Barne- og ungdomslitteratur
    • Elevtekstar

    Studiet inneheld to modular, les mer om innhold i emnene i emneplanene: NOB801N Begynnaropplæringa er tema i første semester og NOB802N mellomsteget tema i andre semester.

    Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

    Målgruppe

    Studiet rettar seg mot lærarar som underviser i norsk på 1.- 7. trinn.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Det er to timar obligatorisk nettundervisning kvar veke. Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.

    Vi nyttar læringsplattforma Canvas og møteverktøyet Zoom. 

    Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.

    Nettundervisning

    Etter at du har fått stadfesta opptak, vil du få ein e-post der du vert spurt om å prioritere kva tidspunkt for nettsamling som høver best for deg (med atterhald om at det er søkjarar til tre klassar, er dette tidspunkta kurset vert undervist på).

    Måndagar 09.00–11.00
    Måndagar 12.00–14.00
    Onsdagar 09.00–11.00

    Haust 2025, NOB801N:
    Nettundervisning. Sogndal, gruppe B, måndagar 09.00 - 11.00. Haustsemesteret
    Nettundervisning. Sogndal, gruppe C, måndagar 12.00 - 14.00. Haustsemesteret
    Nettundervisning. Bergen, gruppe A, onsdagar 09.00 - 11.00. Haustsemesteret

    Vår 2026, NOB802N
    Nettundervisning. Sogndal, gruppe B, måndagar 09.00 - 11.00. Haustsemesteret
    Nettundervisning. Sogndal, gruppe C, måndagar 12.00 - 14.00. Haustsemesteret
    Nettundervisning. Bergen, gruppe A, onsdagar 09.00 - 11.00. Haustsemesteret

    Tilrådd forkunnskap

    Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart, vi rådar deg til å starte med grunnlitteraturen før det:

    Grunnlitteratur, NOB801N

    • Bjerke, C. & Nygård, M. (Red.) (2021). Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærerutdanning 1–7 (2. utg.). Universitetsforlaget.
    • Breivega, K. & Selås, M. (Red.) (2024). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. ( 2.utg.) Samlaget.
    • Kaldestad, P. O. & Knutsen, H. (2019) Diktboka (5. utg.). Cappelen Damm Akademisk. Kunnskapsdepartementet. (2019).
    • Læreplan i norsk (NOR1-06). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/nor01-06  Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del –verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/verdier-og-prinsipper-forgrunnopplaringen/id2570003/ 
    • Nygård, M. & Bjerke, C. (Red.) (2021). Norskboka 1. Norsk for grunnskulelærarutdanning 1–7 (2. utg.). Universitetsforlaget.
    • Seierstad Stokke, R. og Seip Tønnessen, E. (2022). Møter med barnelitteratur - introduksjon for lærere. Universitetsforlaget. Kap: Kap: 1, 2, 3, 4, 6, 7, 11, 12, 14 og 17

    Grunnlitteratur, NOB802N

    • Bjerke, C. & Nygård, M. (Red.) (2021). Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærerutdanning 1–7 (2. utg.). Universitetsforlaget.
    • Breivega, K. & Selås, M. (Red.) (2024). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. ( 2.utg.) Samlaget.
    • Nygård, M. & Bjerke, C. (Red.) (2021). Norskboka 1. Norsk for grunnskulelærarutdanning 1–7 (2. utg.). Universitetsforlaget.
    • Seierstad Stokke, R. og Seip Tønnessen, E. (2022). Møter med barnelitteratur - introduksjon for lærere. Universitetsforlaget. Kap 3, 5, 8, 10, 13, 14 og 15.

    Eksamensform

    Haust:

    • 7-dagars heimeeksamen. Eksamen vil ha to oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50 prosent og begge må vere bestått for å få godkjent eksamen.

    Vår:

    • Mappevurdering: Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk. Vekting: 60 prosent
    • Videoinnlevering i studiegruppe. Vekting: 40 prosent

    Stipendordning for lærarar i skulen

    Jobbar du i skulen, kan du søkje om vikar- eller stipendordning gjennom Utdanningsdirektoratet. Søknadsperioden er frå 1. februar til 1. mars. Les meir om tilretteleggingsmidlar, vikar- og stipendordning frå Utdanningsdirektoratet på udir.no

    Du må sende to søknader i 2025:
    Ein søknad til Utdanningsdirektoratet for finansiering, frist 1. mars.
    Ein søknad til HVL for opptak på vidareutdanningstilboda våre, frist 15. april.

    Andre interessante studietilbod

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærar? Her er oversikta over vidareutdanningar innan ordninga «Kompetanse for kvalitet» frå Høgskulen på Vestlandet.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs