Hopp til innhald

Studieplan - Norsk 1, 1.-7. trinn

Hausten 2023

Norsk 1 tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med grunnskolelærarutdanning 1-7 og er retta mot lærarar som vil undervise i norsk på barnetrinnet.

Innhald

Studiet er delt i to emne: Emne 1 Begynnaropplæring (15 studiepoeng)går om hausten, og emne 2 Opplæring på mellomsteget (15 studiepoeng) går om våren.

Til saman gir dei to emna ei innføring i norsk språk og litteratur og i arbeidet med faget norsk i klasserommet.

Arbeidsformer

Norsk i begynnaropplæringa er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Samlingane har obligatorisk frammøte. Mellom og etter samlingane skal ein arbeide individuelt og i studiegrupper.

Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det er vidare ein føresetnad at den som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene ein tileignar seg med lærarar i kollegiet på eigen skule.

Vurderingsformer

  • Emne 1: Heimeeksamen, 1 veke
  • Emne 2: Mappevurdering

Internasjonalisering

Nei