Studieplan - Norsk 1, 5.-10. trinn, nettbasert
Hausten 2023
Studietilbodet gjev grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg mot undervising på mellomsteg og ungdomssteg.
Innhald
Emne 1: Arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene skriving og munnlegheit. Sentrale tema er skrivedidaktikk, munnlegdidaktikk, grammatikk og respons og vurdering. Emnet legg òg vekt korleis Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20) kan bli integrert i den norskfaglege undervisninga.
Emne 2: Elementær tekstkunnskap, litteraturdidaktikk og arbeid med den grunnleggande ferdigheita lesing. Sentrale tema er den vidare leseopplæringa, litteratur og tekst, som litteraturteori og litteraturdidaktikk. Eit viktig perspektiv i emnet er korleis ein kan arbeide med eit mangfald av tekster i klasserommet med utgangspunkt i Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20).
Arbeidsformer
Dette studiet er eit nettbasert tilbod, og det inneber at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si.
Studiet nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som også bidreg til å auke studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Vurderingsformer
- Emne 1: Mappevurdering
- Emne 2: Heimeeksamen, 1 veke
Internasjonalisering
Nei