Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon - deltid
Hausten 2017
Studiet er eit deltidsstudium som strekk seg over fem år. Undervisinga skjer på dagtid saman med fulltidsstudentene. Arbeidsmengden dei tre fyrste åra er på 30 studiepoeng (15 per semester). Studiet er bygd på tilvist nasjonal plan fra Nasjonalt Råd for Økonomisk Administrativ utdanning (NRØA) som samordnar bachelorstudier i økonomi og administrasjon i Noreg. Målet med ein felles plan er å sikre eit høyt faglig nivå og ein felles kunnskapsbase for bachelorstudentane. Studieplanen er bygd opp med obligatoriske emne i bedriftsøkonomi og rekneskap, metodefag, samfunnsøkonomi og administrasjonsfag. Dei to siste åra av studiet gir studentane eit val om fordjupning innan tre ulike profilar (rekneskap, finans og økonomistyring eller administrasjon og leiing). Studentane kan og velgje fritt frå dei tre profilane. Studiet er eit tverrfaglig og yrkesretta studium og kvalifiserer studentane til opptak ved økonomisk / administrative mastergradsstudier i inn- og utland.
Læringsutbytte
Ein student med fullført bachelorutdanning i økonomi og administrasjon oppnår følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten:
-
- Har bred kunnskap i bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi, metodefag og administrasjonsfag slik at ho/han til dømes:
- Kan gjere greie for ulike prinsipp for kostnadsestimering, kostnadsdeling og produktkalkulasjoner.
- Kjenner til budsjettet som styringsverktøy samt kan gjere greie for korleis budsjettprosessar vert organisert og gjennomført.
- Kan gjere greie for korleis virksomheter vert finansiert, nye investeringer vert vurdert samt korleis årsrekneskapen vert utarbeidd og analysert (bedriftsøkonomiske fag).
- Kan gjere greie for korleis strategier vert utvikla og iverksatt, virksomheter fungerer, er organisert, kan leias og forbetras, samt korleis produkt og tenester vert utvikla, markedsført og posisjonert (administrative fag).
- Kan gjere greie for korleis økonomien i eit land blir påvirka av til dømes endringar i etterspurnad, myndighetenes politikk, internasjonale forhold eller teknologisk utvikling. Kandidatane skal ha kunnskap om og kunne analysere ulike konkurransesituasjonar ut fra en bedrifts ståstad (samfunnsøkonomi).
-
- Har kjennskap til forsknings- og utviklingsarbeid innafor desse fagområda, slik at kandidaten har oppdatert kunnskap om relevante teorier og metoder for desse.
Ferdigheter
Kandidaten:
- Kan nytte kunnskap fra dei ulike fagområda på praktiske problemstillingar i arbeidslivet samt innhente og analysere relevant informasjon basert på metodefag (matematikk, statistikk og samfunnsvitenskapelige metodar) til å løyse eit bredt spekter av økonomisk-administrative problemstillingar.
- Er i stand til å oppdatere sin eigen kunnskap gjennom hele sitt yrkesaktive liv.
- Kan planleggje samt gjennomføre eigne prosjekt.
Generell kompetanse
Kandidaten:
- Har grunnleggjande faglig innsikt, analytisk trening og problemforståing innan økonomisk administrative fagområder som bedriftsøkonomi, administrasjon og samfunnsøkonomi.
- Har opparbeida særskilt kompetanse innafor valgt fordjupningsprofil og gjennom bacheloroppgåve, slik at kandidaten kan ivareta økonomiske og administrative oppgåver i privat og offentlig sektor, samt vera i stand til å identifisere, analysere og vurdere rammer for og konsekvenser av beslutninger.
- Kan planleggje samt utføre eigne analyser av praktiske problemstillingar og treffe beslutninger basert på desse.
- Har kvalifisert seg til studier på masternivå i inn- og utland.
- Har utvikla evne til innovativ tenking samt ha god forståing for etiske og andre samfunnsmessige omsyn i beslutningssammenheng.
- Har utvikla gode kommunikasjon og samarbeidsevner.
- Kan formidle fagstoff skriftleg og muntleg og utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til utvikling av god praksis.
Arbeidsformer
I studieprogrammet blir det brukt varierte arbeidsformer som forelesninger, seminar og rekneverkstad.
Vurderingsformer
Vurderingsformene som blir brukt er skriftleg skoleeksamen, heimeeksamen, prosjektoppgåve eller mappevurdering. Andre vurderingsformer kan vera aktuelle i tråd med studieforskrifta. Det kan også vera ein kombinasjon av fleire vurderingsformer.
I mange av emna er det obligatoriske arbeidskrav som må vera godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. Karakterskalaen bruker bokstavkarakterene A-F eller bestått/ikke bestått.
Se emneomtalen for det enkelte emnet for å finne informasjon om kva for ein type vurdering som er gjeld.
Internasjonalisering
Gjeld ikkje for deltidsstudiet.
Organisering
Den femårige studiemodellen er delt opp i ti semestre. Dei tre første åra er det 15 studiepoeng per semester. Dei resterande studiepoenga vert delt på dei siste fire semestra og til saman er studiet på 180 studiepoeng. Etter fem år får kandidaten graden Bachelor i økonomi og administrasjon. Studiet skal gje kandidatane ei bred kompetanseplattform for å arbeide som fagperson eller rådgjevar innafor det økonomiske og administrative fagfeltet i privat næringsliv, offentlig sektor og andre organisasjoner.
Studieplanen har følgjande hovedinndeling:
- Bedriftsøkonomisk analyse med følgjande emner: grunnleggjande bedriftsøkonomisk analyse og grunnleggjande rekneskap, finansrekneskap, investering og finansiering og driftsrekneskap med budsjettering.
- Administrasjonsfag med følgjande emner: marknadsføring, grunnleggjande organisasjonsfag (organisasjonsteori samt organisasjonspsykologi og leiing), foretaksstrategi og videregåande organisasjonsfag.
- Samfunnsøkonomi med følgende emner: makroøkonomi, mikroøkonomi samt by- og regionaløkonomi.
- Metode med følgende emner: grunnleggjande matematikk, grunnleggjande statistikk, it og arbeidsmetoder innan økonomi og administrasjon og samfunnsvitenskapelig metode.
Profilering (dersom profilvalg):
Det fjerde og femte året kan studentane velgje spesialisering:
- Finans- og økonomistyring
- Administrasjon og leiing
- Rekneskap *
(*Profilen kvalifiserer for utdanningskravet til autorisert rekneskapsførar. I tillegg vert det krevd 2 års relevant arbeidserfaring for å kunne søkje om autorisasjon.)
Studentane må velgje alle emna (60 sp) som inngår i spesialiseringen for å få profileringen gitt på vitnemålet.
Studiet er organisert slik at det får ein naturlig progresjon gjennom alle de fem årene.