Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon, Haugesund

Hausten 2024

Studiet byggjer på anbefalt nasjonal plan frå Universitets og høgskulerådet (UHR) sin fagstrategiske eining for økonomi og administrasjon som samordnar bachelorstudiane i økonomi og administrasjon i Noreg. Målet med ein felles plan er å sikre eit høgt fagleg nivå og ein felles kunnskapsbase for bachelorstudentane. Studieplanen er bygd opp med obligatoriske emne påm 1. og 2. studieår innan bedriftsøkonomiske fag, administrative fag, samfunnsøkonomiske fag, metodefag og etikk, samfunnsansvar og berekraft. Siste året av studiet gir studentane høve å velje mellom ulike valemner i tillegg til at studentane arbeider med ei selvstendig bacheloroppgave. Studiet er godt tilrettelagt for at studentane kan ta deler av sitt tredje studieår i utlandet. Studiet er eit tverrfagleg og yrkesretta studium og kvalifiserer studentar til opptak ved økonomisk/administrative mastergradsstudiar i inn- og utland.

Læringsutbytte

Dei emna som er inkludert i bachelorprogrammet skal samla bidra til at studentane oppnår følgjande læringsutbytte på programnivå, satt opp i form av kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:

KUNNSKAP

Kandidaten:

har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innafor det økonomisk-administrative fagområdet, deriblant:

korleis kapitalmarknadene og verdipapir fungerer, korleis verksemder vert finansiert, korleis investeringar vert vurdert

korleis økonomiske styringsverktøy vert brukt og korleis rekneskap vert utarbeida, rapportert og analysert

korleis verksemder utviklar og iverkset strategiar, korleis dei vert organisert og leiia, samt korleis produkt og tenester vert marknadsført og posisjonert.

korleis marknaden fungerer, korleis konsumenter og produsenter gjer sine val og korleis desse vert påverka av økonomisk politikk, teknologi og internasjonale rammevilkår

korleis verkesemder vert starta, utvikla og endra i tråd med behov, juridiske rammer og forventninger i samfunnet, slik som til dømes berekraft, globalisering, innovasjon og teknologiutvikling, samt den nordiske arbeidslivsmodellen si verknad for arbeids-og næringsliv

korleis verksemder utøver sin aktivitet på ein etisk forsvarlig måte slik at dei ivaretar sine interessentar og samtidig fremmer FN sine berekraftsmål

har grunnleggjande kunnskap i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapelig metode, samt forstår korleis metodiske verktøy vert brukt i samband med innhenting, organisering og analyse av data.

kjenner til fagområda sin historie, tradisjonar, egenart, plass i samfunnet, samt forsnings-og utviklingsarbeid

kjenner til forskings- og utviklingsarbeid i fagområdet og er i stand til å oppdatere si kunnskap innanfor fagområdet.

FERDIGHETER

Kandidaten:

kan nytte faglig kunnskap og relevante resultat fra forsknings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og grunngje sine val, deriblant:

innhente, sortere og vurdere relevant informasjon

analysere økonomisk-administrative problemstillingar ved hjelp av egna teori og empiriske metodar

gjere ei kritisk vurdering av usikkerheit ved eigne analyser

evnar å kommunisere innhold i analyser, metodevalg, resultater og forutsetninger både muntlig og skriftlig

kan nytte arbeidslivsrelevante digitale verktøy, teknikker og uttrykksformer

kan vurdere ulike typer risiko og konsekvensar av slutningar

kan nytte ulike faglige perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å forstå korleis verksemdar fungerer

kan integrere ansvarlighet og berekraftshensyn i verksemda sin forretningsmodell og praksis

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten:

er medviten sine eigne verdiar og korleis desse verkar inn på eigen aktivitet og slutningar

viser evne til ansvarlighet, kritisk tenkning og etisk refleksjon

forstår korleis problemstillingar, prosessar og slutningar verkar inn på ressurser, kontekst og verdisett

har grunnlag for å gje innspel til langsiktig verdiskaping for virksomhet og samfunn

har grunnlag for å operere i ein internasjonalt arbeidsmarknad

kan samarbeide i ulike kontekster og på tvers av fagområde

har grunnleggjande forståelse av IT- systemer og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og verdiskaping

skal kunne bidra til å fremje verksemdas innovasjons- og omstillingsevne i ein omskifteleg arbeidsmarknad.

Innhald

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta. I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, har du høve til å fordjupe deg i valemner fra dei ulike fagområda.

Studiet inkluderer følgjande fagområder;

  • Bedriftsøkonomiske fag (finansrekneskap, økonomistyring, investeringsanalyse og finansiering)
  • Administrative fag (marknadsføring, foretaksstrategi, organisasjonsteori og leiing)
  • Samfunnsøkonomiske fag (mikroøkonomi og makroøkonomi)
  • Metodefag (matematikk, statistikk, samfunnsvitskapelig metode)
  • Etikk, samfunnsansvar og berekraft

I 3. studieår har du høve til å velgje mellom ulike valgemner.

Praksis

Det er mogleg å ha praksis som valfag anten i 3. eller 5. semester.

Arbeidsformer

Vi tilbyr forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad på campus Haugesund. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper. Studiet forutset at du er tilstades i Haugesund, og både forelesninger, seminar og rekneverkstad kan innehalde obligatoriske aktiviteter.

Vurderingsformer

Vurderingsformene som blir brukt er mellom anna skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, mappevurdering og muntleg eksamen. Det kan også førekomme ein kombinasjon av fleire vurderingsformer, som heimeeksamen og skuleeksamen. I mange av emna er det obligatoriske læringsaktivitetar som må vere godkjende for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet. Karakterskalaene består av bokstavkarakterene A-F eller bestått/ikkje bestått.

Sjå emneomtalen for det enkelte emnet for å få nøyaktig informasjon av type vurdering som er vald.

Krav til studieprogresjon

Det krevst minst 60 studiepoeng bestått innan obligatoriske emne før oppstart av praksisperioden ved val av praksis som valfag.

Studentane må ha minst 100 studiepoeng innanfor det økonomisk-administrative fagområdet før oppstart av femte semester for å få skrive bacheloroppgåva.

Internasjonalisering

Det blir gitt høve til eit utanlandsopphald i løpet av studiet. Det er lagt til rette for at studentar som ønskjer det kan studere i utlandet hausten det 3. studieåret. Etablerte program og samarbeidsavtalar gjer at opphald på tre til seks månader blir godkjent som del av ditt studium ved HVL, og du taper ikkje tid.