Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon, Sogndal
Hausten 2019
Studiet skal gje studenten ei brei kompetanseplattform for å arbeide som fagpersonar eller rådgjevarar i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Studentane skal også kunne arbeide som mellomleiarar og leiarar i privat og offentleg sektor.
Studiet skal generelt gje studentane eit godt grunnlag for vidare studiar på masternivå. Det skal vere spesielt tilpassa masterstudiet i økonomi og administrasjon (som gir sidetittelen siviløkonom).
Studiet passar godt for dei som ynskjer å jobbe med rådgjevings- eller spesialistoppgåver knytt til dei økonomiske, organisatoriske eller administrative delane av ein organisasjon. Studiet passar spesielt godt for dei som ynskjer å fordjupe seg i styring og drift av ein organisasjon. Studiet eignar seg i kombinasjon med andre utdanningar der ein kombinerer anna fagkunnskap med økonomiske og administrative fag.
I studiet skal kandidatane kunne planlegge og gjennomføre eigne prosjekt, jobbe saman med andre, kunne formidle fagstoff skriftlig og munnleg, delta i fagleg diskusjonar, samt bidra til utvikling av god praksis. Studiet er bygd opp av fleire fagområder og kandidatane skal kunne sjå ulike fagområde i saman, slik at dei kan bruke kunnskap og ferdigheitar frå fleire fag for å løyse ei problemstilling.
Ved å velje emne innan finansrekneskap, skatte- og avgiftsrett, rettslære og bacheloroppgåve i rekneskap, kan studentane etter to års relevant praksis søke Finanstilsynet om autorisasjon som rekneskapsførar.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Kandidaten
- har kunnskap om avgjerder på mikronivå innanfor private og offentlege organisasjonar med sikte på å koordinere bruken av knappe ressursar for å nå organisasjonens mål
- skal forstå samfunnsmessige verknader av avgjerder og kunne handle i samsvar med juridiske, miljømessige og etiske standardar
- har kunnskap om finansiering av verksemder og vere i stand til å vurdere nye investeringar og kunne analysere inntekter og kostnader
- skal kunne utarbeide og analysere rekneskap
- forstår korleis organisasjonar fungerer og korleis dei kan organiserast og leiast
- har kunnskap om korleis produkt og tenester kan utviklast og marknadsførast
- forstår korleis eit lands økonomi blir påverka av endringar i etterspurnad, styresmaktene sin politikk, internasjonale forhold og teknologisk utvikling
- skal ha eit godt metodegrunnlag i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapeleg metode
Ferdigheiter:
Kandidaten
- kan nytte forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar som dei kan møte i arbeidslivet
- skal kunne gjennomføre strategiske analyser
- er i stand til å vurdere nye investeringar, kan analysere inntekter og kostnader
- kan nytte økonomistyringsverktøy og skaffe, analysere og presentere økonomisk styringsinformasjon
- kan analysere ulike konkurransesituasjonar ut frå ei bedrifts ståstad
- kan bidra til utviklingsarbeid for å fremje verksemda si innovasjonsevne
- kan nytte relevant metode og ferdigheiter på eit breitt spekter av økonomisk-administrative problemstillingar
Generell kompetanse:
Kandidaten
- har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet
- har oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar
- skal ha utvikla fagleg innsikt og analytiske ferdigheiter
- skal ha utvikla kritisk evne til faget og kunne delta i diskusjonar om organisasjonen sitt samfunnsansvar
Innhald
Studieplanen er i samsvar med plan for bachelor i økonomi og administrasjon vedtatt av Nasjonalt råd for økonomisk-administrativ utdanning (NRØA) 17. oktober 2011.
Obligatoriske emne utgjer 135 studiepoeng, valfrie emne utgjer 45 studiepoeng. Studentane kan velje valfag i 4. og 5. semester. Vi gjer merksam på at tilbodet av valemne kan bli endra. Valemne med få studentar kan bli avlyste. Avlysing av valemne vil bli kunngjort like etter semesterstart. Andre relevante emne enn dei omtalte i studieplanen kan inngå som valfag etter søknad.
Praksis
Sjå emneomtalar - ingen obligatorisk praksis.
Arbeidsformer
Undervisninga vekslar mellom førelesingar, seminar, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiar. Problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante for dagens organisasjonar blir nytta. I studiet legg ein vekt på å lære studentane opp til å jobbe sjølvstendig både med individuelt arbeid og gruppearbeid. Det er nødvendig med eit stort innslag av sjølvstudium.
Det vert lagt opp til ein studietur i 2. eller 3. klasse med besøk hjå verksemder og institusjonar. Studentane må pårekne ein eigenbetaling for delar av ekskursjonen. For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.
For å følgje undervisning og gjennomføre eksamenar i studiet, må studentane disponere eigen berbar datamaskin med standard programvare.
Vurderingsformer
Sjå emneomtalane.
Internasjonalisering
Det er lagt til rette for utanlandsopphald i 4. semester der ein gjennomfører studier ved utanlandsk institusjon. Emna må ha førehandsgodkjenning.