Hopp til innhald

Studieplan - Økonomi og jus, bachelorstudium, Sogndal

Hausten 2024

Studiet skal gje studentane ei brei kompetanseplattform for å arbeide som fagpersonar eller rådgjevarar i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Studentane skal også kunne arbeide som mellomleiarar og leiarar i privat og offentleg sektor.

Studiet skal generelt gi studentane eit godt grunnlag for vidare studiar på masternivå.

Studiet passar spesielt godt for dei som er interesserte i økonomi, jus og administrasjon, som ønskjer å arbeide som leiarar og som ønskjer å fordjupe seg i styring og drift av ein organisasjon. Studiet passar godt for dei som ynskjer å jobbe med rådgjevings- eller spesialistoppgåver knytt til sakshandsaming, dei økonomiske, organisatoriske eller administrative delane av ein organisasjon.


Studiet passar også for dei som ønskjer å ha ei brei utdanning som ein kan byggje vidare ved å ta ein master. Studentar som ønskjer å studere vidare på masternivå, bør sette seg inn i opptakskrava til den aktuelle institusjonen.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet
  • har brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar
  • har innsikt i korleis rettssystemet er bygd opp og kva verdiar det kviler på
  • forstår forskjellen mellom utøving av offentleg mynde og privat autonomi
  • kjenner til grunnleggande juridisk metode
  • har kunnskap om avgjerder på mikronivå innanfor private og offentlege organisasjonar med sikte på å koordinere bruken av knappe ressursar for å nå organisasjonens mål
  • forstår samfunnsmessige verknader av avgjerder og handle i samsvar med juridiske, miljømessige og etiske standarder
  • er i stand til å vurdere nye investeringer, kunne analysere inntekter og kostnader
  • forstår korleis organisasjonar fungerer, korleis dei kan organiserast og leiast
  • har kunnskap om korleis produkt og tenester kan utviklast og marknadsførast
  • forstår korleis eit lands økonomi blir påverka av for eksempel endringer i etterspørselen, myndigheitene sin politikk, internasjonale forhold eller teknologisk utvikling
  • har eit godt metodegrunnlag i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapelege metode
  • kan oppdatere kunnskap innanfor eige fagområde

Ferdigheiter:

Kandidaten

  • kan nytte forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar som dei kan møte i arbeidslivet
  • kan planlegge og gjennomføre eigne prosjekt, jobbe saman med andre i grupper, kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg og kunne utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til utvikling av god praksis
  • har grunnleggjande ferdigheiter i å tolke å bruke lovreglar på konkrete problemstillingar
  • kan framstille innhaldet i rettsreglar for andre
  • er i stand til å vurdere nye investeringer, kunne analysere inntekter og kostnader
  • kan framskaffe, analysere og presentere økonomisk styringsinformasjon
  • kan analysere ulike konkurransesituasjonar ut frå ei bedrift sin ståstad
  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitane i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapelege metoder på eit bredt spekter av økonomisk-administrative problemstillingar
  • kan sjå dei ulike fagområda i sammenheng, slik at han kan bruke kunnskapar og ferdigheiter frå fleire fag på ei bestemt problemstilling
  • kan bidra til utviklingsarbeid for å fremje verksemda si innovasjonsevne

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • er godt rusta til å kunne gå videre på masterstudium i inn- og utland.
  • har fagleg innsikt og analytiske ferdigheter
  • kan bruke dei kunnskapane, metodane og verktøya han tileignar seg på ein kritisk måte.

Innhald

Bachelorstudiet i økonomi og jus er eit treårig studium som gir graden bachelor i økonomi og jus. Studiet tel 180 studiepoeng. Alle emne er obligatoriske.

Studieplanen vert revidert ein gong per år. Rekkefølgja på emna kan bli endra. Andre endringar kan og førekomme.

Arbeidsformer

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, seminar, arbeidsgrupper, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid med tilbakemelding. Problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante, står sentralt i studiet si undervisning og læringsform.

I studiet legg ein vekt på å lære studentane opp til å jobbe sjølvstendig både med individuelt arbeid og gruppearbeid. Det er nødvendig med eit stort innslag av sjølvstudium.

Det vert lagt opp til ein studietur i 2. eller 3. klasse med besøk hjå verksemder og institusjonar. Studentane må pårekne ein eigenbetaling for delar av ekskursjonen. For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

For å følgje undervisning og gjennomføre eksamenar i studiet, må studentane disponere eigen berbar datamaskin med standard programvare.

Enkelte emne har arbeidskrav. Eit arbeidskrav er et obligatorisk arbeid som studenten må ha greidd for å kunne gå opp til eksamen i emnet. Eit arbeidskrav kan vere et individuelt arbeid eller eit gruppearbeid. Det framgår av dei enkelte emneplanane om det er arbeidskrav.

Vurderingsformer

Går fram av emneomtalane.