Hopp til innhald

Studieplan - Læringsmiljø og pedagogisk leiing

Hausten 2018

Studiet er eit tilbod knytta til Utdanningsdirektoratet si strategi Kompetanse for framtidens barnehage - revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018 - 2022.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

 

Kunnskap:

Kandidaten skal:

  • Ha kunnskap om leiarskap knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
  • Ha kunnskap om leiarskap knytt til barnehagens fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
  • Ha kunnskap om utviklingsarbeid.

 

 

Ferdigheiter:

Kandidaten skal:

  • Kunne utøve leiarskap knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
  • Kunne utøve leiarskap knytt til barnehagens fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
  • Kunne leie utviklingsarbeid og vidareutvikle eigen arbeidsplass.

 

Generell kompetanse:

Kandidaten skal:

  • Kunne utøve profesjonelt skjønn og reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barnehagen sitt læringsmiljø og pedagogisk leiing.
  • Kunne reflektere kritisk over barnehagen sitt læringsmiljø, barn sine demokratiske læreprosessar og psykososiale læringsmiljø.
  • Kunne vise etisk og profesjonell innsikt gjennom bruk av observasjon og pedagogisk dokumentasjon.

Innhald

Emne 1: Læringsmiljø og pedagogisk leiing 1 15 sp.

  • Pedagogisk leiing knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
  • Pedagogisk leiing knytt til barnehagen sitt fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
  • Observasjon og pedagogisk dokumentasjon.
  • Kritisk refleksjon.

Emne 2: Læringsmiljø og pedagogisk leiing 2 15 sp.

  • Metodar
  • Pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Pedagogisk leiing knytt til barnehagens læringsmiljø med fokus på korleis vi gjennom kritisk refleksjon kan undersøkje og ta vare på barn sine demokratiske læreprosessar og psykososiale læringsmiljø.

Arbeidsformer

Forelesing, dialog og refleksjon i klasse/grupper, praktisk arbeid, gruppearbeid og framføring av studentarbeid.

Samlingsbasert, 3 fysiske samlingar over 2 dagar pr. semester. I tillegg 3 nettbaserte samlingar haust og 3 vår.

Vurderingsformer

Emne 1: Skriftleg heimeeksamen
Emne 2: Skriftleg heimeeksamen (utviklingsarbeid) som tel 60/100 og munnleg framføring som tel 40/100