Studieplan - Læringsmiljø og pedagogisk leiing
Hausten 2019
Studiet er eit tilbod knytta til Utdanningsdirektoratet si strategi Kompetanse for framtidens barnehage - revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018 - 2022.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten skal:
- Ha kunnskap om leiarskap knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
- Ha kunnskap om leiarskap knytt til barnehagens fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
- Ha kunnskap om utviklingsarbeid.
Ferdigheiter:
Kandidaten skal:
- Kunne utøve leiarskap knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
- Kunne utøve leiarskap knytt til barnehagens fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
- Kunne leie utviklingsarbeid og vidareutvikle eigen arbeidsplass.
Generell kompetanse:
Kandidaten skal:
- Kunne utøve profesjonelt skjønn og reflektere fagleg over praktiske og teoretiske problemstillingar knytt til barnehagen sitt læringsmiljø og pedagogisk leiing.
- Kunne reflektere kritisk over barnehagen sitt læringsmiljø, barn sine demokratiske læreprosessar og psykososiale læringsmiljø.
- Kunne vise etisk og profesjonell innsikt gjennom bruk av observasjon og pedagogisk dokumentasjon.
Innhald
Emne 1: Læringsmiljø og pedagogisk leiing 1 15 sp.
- Pedagogisk leiing knytt til samarbeid med barnehagens aktørar.
- Pedagogisk leiing knytt til barnehagen sitt fysiske rom; arkitektur, interiør, gjenstandar, materiale og konteksten i form av kroppar, tid og rom.
- Observasjon og pedagogisk dokumentasjon.
- Kritisk refleksjon.
Emne 2: Læringsmiljø og pedagogisk leiing 2 15 sp.
- Metodar
- Pedagogisk utviklingsarbeid.
- Pedagogisk leiing knytt til barnehagens læringsmiljø med fokus på korleis vi gjennom kritisk refleksjon kan undersøkje og ta vare på barn sine demokratiske læreprosessar og psykososiale læringsmiljø.