Hopp til innhald

Studieplan - Praktisk-pedagogisk utdanning, deltid

Hausten 2019

Studiet skal kvalifisere studentar til læraryrke på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Studiet er profesjonsretta og legg særskild vekt på studentane si utvikling av fagleg og didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.

Studiet er retta inn mot studentar med 3 års studium på universitet eller høgskule i relevante skulefag.

Til grunn for studieplanen ligg

  • Forskrifter om rammeplan praktisk-pedagogisk utdanning. Fastsett av Kunnskapsdepartementet 21. desember 2015.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
  • har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt  verdigrunnlag og opplæringsløpet
  • har inngåande kunnskap om og evne til å holde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga 
  • har solid kunnskap om barne- og ungdomskultur og barns og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekster
  • har brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonal og internasjonalt perspektiv

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings og erfaringsbasert kunnskap
  • kan leia og legge til rette for undervisning som fører til gode faglige og sosiale læringsprosesser
  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elever si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
  • kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, som identifisere teikn på vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglige vurderinger skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
  • kan med stor grad av sjølvstende   utvikle vidare eigen kompetanse og bidra til både kollega og skulen si utvikling
  • kan bygge relasjonar til elever og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skulen

Innhald

Utdanninga har eit omfang på 60 studiepoeng og består av pedagogikk (30 studiepoeng) og fag-yrkesdidaktikk (30 studiepoeng). Minst 60 dagar praksisopplæring som er integrert del av pedagogikk og fagdidaktikk.

Følgjande kompetanseområde er sentrale i studiet:

  • Fagleg kompetanse
  • Skulen i samfunnet
  • Etikk
  • Pedagogikk og fagdidaktikk
  • Leiing av læringsprosessar
  • Samhandling og kommunikasjon
  • Endring og utvikling

Utdanninga vert organisert i to delemne:

  • Emne 1: Leiing av læreprosesser -leiing av lærings- og utviklingsarbeid i et individ- og gruppeperspektiv
  • Emne 2: Skulen i samfunnet - leiing  av lærings- og utviklingsarbeid i et organisasjons- og samfunnsperspektiv

Det vert lagt vekt på at utdanninga skal vere

  • Profesjonsretta og integrert
  • Praksisnær og relevant
  • Forskingsbasert og utviklingsorientert
  • Høg kvalitet og nasjonal standard

Praksis

Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert.

Omfanget av praksisopplæringa skal vere 60 arbeidsdagar i skulen.

  • Alle studentar skal ha rettleidd praksis på minimum to ulike praksisinstitusjonar (6+6 veker). Ein periode i grunnskulen og ein periode på vidaregåande skule.
  • Studentar som er tilsett i undervisningsstilling i fag dei har formell kompetanse til å undervise i, kan søkje om å få gjennomføre praksis på eigen arbeidslass (skule/vaksenopplæring) i sitt 2.studieår, med ekstern rettleiar. For å få godkjent slik praksis, må studenten vere tilsett i minimum 50% stilling gjennom heile skuleåret. Rektor ved praksisskulen må godkjenne eit slikt praksisopplegg.
  • HVL har faste avtalar med praksisinstitusjonar om praksisgjennomføring. Praksisgjennomføringa går primært føre seg på praksisinstitusjonar i Sogn og Fjordane. For deltidsstudentar vil praksis så langt råd bli lagt til studenten sitt  nærområde, i dagpendlaravstand, jf. Reglement for tildeling av praksisplass ved avdeling for lærarutdanning og idrett.

Teieplikt
Studenten har teieplikt når det gjeld elevar i grunnskule - og vidaregåande skule, deira familietilhøve og personaltilhøva. Studenten vert informert om gjeldande reglar for teieplikt og for skikkavurdering i utdanninga og skriv under eige skjema.

Politiattest
Studentar som skal ta til på lærarutdanning må levere politiattest ved studiestart (jf Forskrift om opptak til høgre utdanning § 6-2 ).

Arbeidsomfanget i praksisperiodane
I heile praksisperioden skal studenten ha eit arbeidsomfang tilsvarande 100 % stilling i skulen.

Type aktivitet i praksis

  • Eiga undervisning
  • Undervisningsrelaterte aktivitetar som observasjon av praksislærar/medstudent, deltaking på samarbeidsmøte, teammøte, elev/utviklingssamtalar osv.

Rettleiing
Praksislærar skal setje av tid til rettleiing i praksisperioden. I gjennomsnitt skal studentane ha 4 timar rettleiing pr. praksisveke (ved gruppe på 2 studentar vert rettleiingstida auka opp til 6 timar pr veke). Studentane skal ha praksis knytt til fag/ fagområde som dei formelt er kvalifiserte til å undervise i.

Om lag midtvegs i praksisperioden skal det gjennomførast ein midtvegssamtale. (jf Skjema for vurdering av praksis for PPU).

Praksisførebuande møte
I forkant av kvar hovudpraksisperiode vert det arrangert praksisførebuande møte for praksislærarar.

Vurdering av praksis
Praksisopplæring vert vurdert til "greidd" eller "ikkje greidd". Jf Forskrift til Rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning § 3 og Rammeplan for PPU kap. 2.4.

Vurdering av studenten sin kompetanse skal gjevast undervegs, og bevisstgjere studenten på dei områda han/ho må arbeide vidare med. Praksisskulen skal nytte eige skjema for vurdering av praksis på PPU, med utgangspunkt i oppsette kriterium. Studenten si eigenvurdering av praksisperioden er ein del av denne praksisvurderinga.

Dersom det er tvil om ein student skal få godkjend ein praksisperiode, skal studenten i tillegg til vanleg rettleiing også få ei førebels skriftleg vurdering. Denne vurderinga skal klart gjere greie for vurderinga så langt og klargjere vilkår for "greidd praksis" ved sluttvurdering. I slike tilfelle skal programansvarleg informerast snarast mogleg. Til dette skal det brukast eige skjema som ligg på PPU si heimeside for praksis.

Dersom studenten får "ikkje greidd" praksis kan ein ny praksisperiode  gjennomførast etter avtale med høgskulen. Praksis må vera gjennomført og bestått før vitnemål for utdanninga kan skrivast ut.

Kriterium for vurdering av praksis
Praksisskulen har medansvar for å hjelpe studenten til å utvikle seg som lærar. Studentane sin kompetanse skal vurderast i høve til dei ulike kompetansemåla i utdanninga: Fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.

Skikkavurdering
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal skje gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga vert gjennomført i  heile studiet. Særskild skikkavurdering begynner ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg med kopi til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er heimla i Lov om universitet og høyskoler, §4-10. Dette er nærare omtala i Forskrift om skikkethetsvurdering, fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Arbeidsformer

Det vert lagt vekt på varierte arbeidsmåtar som skal bidra til at studentane reflekterer og ser samanhengen mellom teori og praksis. Arbeidsmåtane skal stimulere til ansvar for eigen og andre si læring. Det vert ei veksling mellom fellesundervisning, gruppeundervisning, rettleiing, individuelt arbeid og sjølvstudium.

Vurderingsformer

Sjå emneplan.