Hopp til innhald

Studieplan - Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13

Hausten 2018

Studiet skal kvalifisere studentar for lærararbeid, i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring og medverke til studentane si personlege danning. Studiet er yrkesretta og praksisbasert og legg særskild vekt på studentane si utvikling av fagleg og didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.

Målgruppe

Studiet er retta inn mot studentar med yrkesfagleg utdanning, 3-årig profesjonsutdanning eller studentar med 3 års studium på universitet eller høgskule i relevante skulefag.

 

Til grunn for studieplanen ligg

  • Nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for profesjonsdanninger trinn 8-13
  • Forskrifter om praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag  trinn 8-13. Fastsett av Kunnskapsdepartementet 22.03, 2013

Læringsutbytte

Kandidaten skal etter fullført Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag ha følgjande samla læringsutbytte, definert som kunnskap, ferdighetier og generell kompetanse.

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokumenter som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga
  • har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetoder/verktøy og prosesser som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga, og kan vurdere behov for HMS-tiltak
  • kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i et historisk og kulturelt perspektiv
  • har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet fra ungdomstrinnet til ferdig fag- eller yrkesopplæring (8 -13 trinn)
  • har brei kunnskap om ungdomskultur og ungdomsutvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, som kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonal og internasjonalt perspektiv
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglige området, og kan oppdatere sin kunnskap innan fagområdet

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan anvende sine yrkesfaglige, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
  • kan planlegge, grunngi, gjennomføre, leia, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sine  behov
  • kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter, som yrkesdidaktisk bruk av digitale verktøy
  • kan vurdere og dokumentera elevane si læring og utvikling, gi læringsfokuserte tilbakemeldingar og bidra til at elevane/lærlingane kan reflektere over eiga læring
  • kan orientere seg i faglitteraturen og forhalde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar knytt til ungdomstrinnet og fag- og yrkesopplæring (8-13.trinn)
  • meistrar  relevante arbeidsprosesser, verktøy, teknikker og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøveøving  og justere denne under rettleiing  
  • kan bruke og henvise til relevante forskningsresultat for å treffe grunngi valg og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglige og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftlig, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer 
  • kan via faglig innsikt, engasjement og formidlingsevne motivera for elevar/lærlingar si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan legge til rette for entreprenørskap, nytenkning og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv involveres i opplæringen
  • kan bygge gode relasjoner til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
  • kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnar

Innhald

Utdanninga har eit omfang på 60 studiepoeng og inneheld pedagogikk (30 studiepoeng) og yrkesdidaktikk (30 studiepoeng).

Følgjande kompetanseområde er sentrale i studiet:

  • Fagleg kompetanse
  • Skulen i samfunnet
  • Etikk
  • Pedagogikk og yrkesdidaktikk
  • Leiing av læringsprosessar
  • Samhandling og kommunikasjon
  • Endring og utvikling

Utdanninga vert organisert i to delemne:

  • Emne 1: Leiing av læreprosesser - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i et individ- og gruppeperspektiv
  • Emne 2: Skulen i samfunnet - leiing  av lærings- og utviklingsarbeid i et organisasjons- og samfunnsperspektiv

I utdanninga skal studentane gjennomføre eit tverrfaglig utviklingsprosjekt. Utviklingsprosjektet skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis og utgjera minst 10 studiepoeng.

Det vert lagt vekt på at utdanninga skal vere:

  • Profesjonsretta og integrert
  • Praksisnær og relevant
  • Forskingsbasert og utviklingsorientert
  • Høg kvalitet og nasjonal standard

Praksis

Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert, og  inngå som en integrert del av begge emna og delt over begge semester. Det skal vera progresjon i praksisopplæringa. Omfanget av praksisopplæringa skal vere 60 arbeidsdagar i skulen.

  • Alle studentar skal ha rettleidd praksis på minimum to ulike praksisinstitusjonar (6+6 veker). Praksisopplæringa skal i hovudsak gjennomførast i vidaregåande opplæring og delast  på de ulike trinna i programområdet. Minst 10 dager skal gjennomførast på ungdomstrinnet (8.-10. trinn).
  • Studentar som er tilsett i undervisningsstilling i fag dei har formell kompetanse til å undervise i, kan søkje om å få gjennomføre praksis på eigen arbeidslass (skule/vaksenopplæring) i sitt 2.studieår, med ekstern rettleiar. For å få godkjent slik praksis, må studenten vere tilsett i minimum 50% stilling gjennom heile skuleåret. Rektor ved praksisskulen må godkjenne eit slikt praksisopplegg.
  • HVL har faste avtalar med praksisinstitusjonar om praksisgjennomføring. Praksisgjennomføringa går primært føre seg på praksisinstitusjonar i Sogn og Fjordane. For deltidsstudentar vil praksis så langt råd bli lagt til studenten sitt nærområde, i dagpendlaravstand, jf. Reglement for tildeling av praksisplass ved avdeling for lærarutdanning og idrett

 

Teieplikt
Studenten har teieplikt når det gjeld elevar i grunnskule - og vidaregåande skule, deira familietilhøve og personaltilhøva. Studenten vert informert om gjeldande reglar for teieplikt og for skikkavurdering i utdanninga og skriv under eige skjema.

Politiattest
Studentar som skal ta til på lærarutdanning må levere politiattest ved studiestart (jf Forskrift om opptak til høgre utdanning § 6-2 ).

Arbeidsomfanget i praksisperiodane
I heile praksisperioden skal studenten ha eit arbeidsomfang tilsvarande 100 % stilling i skulen.

Type aktivitet i praksis

  • Eiga undervisning
  • Undervisningsrelaterte aktivitetar som observasjon av praksislærar/medstudent, deltaking på samarbeidsmøte, teammøte, elev/utviklingssamtalar osv.

Rettleiing
Praksislærar skal setje av tid til rettleiing i praksisperioden. I gjennomsnitt skal studentane ha 4 timar rettleiing pr. praksisveke (ved gruppe på 2 studentar vert rettleiingstida auka opp til 6 timar pr veke). Studentane skal ha praksis knytt til fag/ fagområde som dei formelt er kvalifiserte til å undervise i.

Om lag midtvegs i praksisperioden skal det gjennomførast ein midtvegssamtale. (jf Skjema for vurdering av praksis for PPU).

Praksisførebuande møte
I forkant av kvar hovudpraksisperiode vert det arrangert praksisførebuande møte for praksislærarar.

Vurdering av praksis
Praksisopplæring vert vurdert til "greidd" eller "ikkje greidd". Jf Forskrift til Rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning § 3 og Rammeplan for PPU kap. 2.4.

Vurdering av studenten sin kompetanse skal gjevast undervegs, og bevisstgjere studenten på dei områda han/ho må arbeide vidare med. Praksisskulen skal nytte eige skjema for vurdering av praksis på PPU, med utgangspunkt i oppsette kriterium. Studenten si eigenvurdering av praksisperioden er ein del av denne praksisvurderinga.

Dersom det er tvil om ein student skal få godkjend ein praksisperiode, skal studenten i tillegg til vanleg rettleiing også få ei førebels skriftleg vurdering. Denne vurderinga skal klart gjere greie for vurderinga så langt og klargjere vilkår for "greidd" praksis ved sluttvurdering. I slike tilfelle skal programansvarleg informerast snarast mogleg. Til dette skal det brukast eige skjema som ligg på PPU si heimeside for praksis.

Dersom studenten får "ikkje greidd" praksis kan ein ny praksisperiode  gjennomførast etter avtale med Høgskulen. Praksis må vera gjennomført og bestått før vitnemål for utdanninga kan skrivast ut.

Kriterium for vurdering av praksis
Praksisskulen har medansvar for å hjelpe studenten til å utvikle seg som lærar. Studentane sin kompetanse skal vurderast i høve til dei ulike kompetansemåla i utdanninga: Fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.

Skikkavurdering
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal skje gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga vert gjennomført i  heile studiet. Særskild skikkavurdering begynner ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg med kopi til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er heimla i Lov om universitet og høyskoler, §4-10. Dette er nærare omtala i Forskrift om skikkethetsvurdering, fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Arbeidsformer

Det vert lagt vekt på varierte arbeidsmåtar som skal bidra til at studentane reflekterer og ser samanhengen mellom teori og praksis. Arbeidsmåtane skal stimulere til ansvar for eigen og andre si læring. Det vert ei veksling mellom fellesundervisning, gruppeundervisning, rettleiing, individuelt arbeid og sjølvstudium.  Canvas er eit viktig kommunikasjons- og læringsverktøy i studiet.

Vurderingsformer

Sjå emneplan.