Studieplan - Praktisk pedagogisk utdanning
Hausten 2018
Studiet skal kvalifisere studentar til læraryrke på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring. Studiet er profesjonsretta og legg særskild vekt på studentane si utvikling av fagleg og didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.
Studiet er retta inn mot studentar med studentar med 3 års studium på universitet eller høgskule i relevante skulefag.
Til grunn for studieplanen ligg
- Forskrifter om rammeplan praktisk-pedagogisk utdanning. Fastsett av Kunnskapsdepartementet 21. desember 2015.
Læringsutbytte
Kandidaten skal etter fullført praktisk-pedagogisk utdanning ha følgjande samla læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn
- har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet
- har inngåande kunnskap om og evne til å holde seg oppdatert på gjeldende lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barns og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekster
- har brei kunnskap om læringsstrategier, læringsarenaer og arbeidsmetoder generelt og særleg i respektive fag
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, som kunnskap om vold og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonal og internasjonalt perspektiv
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forsknings og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap
- kan leia og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglige og sosiale læringsprosesser
- kan bruke varierte arbeidsmetoder, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldende læreplanverk, og skape motiverande og inkluderende læringsmiljø
- kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elever si læring, gi læringsfremmande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
- kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, herunder identifisere teikn på vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglige vurderinger skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillinger på eit avansert nivå
- har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål
- kan med stor grad av sjølvstende videreutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollega og skolen si utvikling
- kan bygge relasjonar til elever og føresette, og samarbeide med aktører som er relevante for skoleverket
Innhald
Utdanninga har eit omfang på 60 studiepoeng og består av pedagogikk (30 studiepoeng) og fagdidaktikk (30 studiepoeng). Minst 60 dagar praksisopplæring som er integrert del av pedagogikk og fagdidaktikk.
Følgjande kompetanseområde er sentrale i studiet:
- Fagleg kompetanse
- Skulen i samfunnet
- Etikk
- Pedagogikk og fagdidaktikk
- Leiing av læringsprosessar
- Samhandling og kommunikasjon
- Endring og utvikling
Utdanninga vert organisert i to delemne:
- Emne 1: Leiing av læreprosesser - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i et individ- og gruppeperspektiv
- Emne 2: Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i et organisasjons- og samfunnsperspektiv
Det vert lagt vekt på at utdanninga skal vere:
- Profesjonsretta og integrert
- Praksisnær og relevant
- Forskingsbasert og utviklingsorientert
- Ha nasjonal standard og høg kvalitet
Praksis
Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert.
Omfanget av praksisopplæringa skal vere 60 arbeidsdagar i skulen.
- Alle studentar skal ha rettleidd praksis på minimum to ulike praksisinstitusjonar (6+6 veker), ei periode i grunnskule og ein periode i vidaregåande skule.
- HVL har faste avtalar med praksisinstitusjonar om praksisgjennomføring. Praksisgjennomføringa går primært føre seg på praksisinstitusjonar i Sogn og Fjordane.
Teieplikt
Studenten har teieplikt når det gjeld elevar i grunnskule - og vidaregåande skule, deira familietilhøve og personaltilhøva. Studenten vert informert om gjeldande reglar for teieplikt og for skikkavurdering i utdanninga og skriv under eige skjema.
Politiattest
Studentar som skal ta til på lærarutdanning må levere politiattest ved studiestart (jf Forskrift om opptak til høgre utdanning § 6-2 ).
Arbeidsomfanget i praksisperiodane
I heile praksisperioden skal studenten ha eit arbeidsomfang tilsvarande 100 % stilling i skulen.
Type aktivitet i praksis
- Eiga undervisning
- Undervisningsrelaterte aktivitetar som observasjon av praksislærar/medstudent, deltaking på samarbeidsmøte, teammøte, elev/utviklingssamtalar osv.
Rettleiing
Praksislærar skal setje av tid til rettleiing i praksisperioden. I gjennomsnitt skal studentane ha 4 timar rettleiing per praksisveke (ved gruppe på 2 studentar vert rettleiingstida auka opp til 6 timar per veke).
Om lag midtvegs i praksisperioden skal det gjennomførast ein midtvegssamtale. (jf Skjema for vurdering av praksis for PPU).
Praksisførebuande møte
I forkant av kvar hovudpraksisperiode (ca 1 veke før), vert det arrangert praksisførebuande møte for studentar, praksislærarar og faglærarar i Sogndal. Obligatorisk deltaking.
Vurdering av praksis
Praksisopplæring vert vurdert til "greidd" eller "ikkje greidd". Jf Forskrift til Rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning § 3 og Rammeplan for PPU kap. 2.4.
Vurdering av studenten sin kompetanse skal gjevast undervegs og bevisstgjere studenten på dei områda han/ho må arbeide vidare med. Vurderinga skal relaterast til mål og målområde i rammeplanen for praksis. Praksisskulen skal nytte eige skjema for vurdering av praksis på PPU, med utgangspunkt i oppsette kriterium. Studenten si eigenvurdering av praksisperioden er ein del av denne praksisvurderinga.
Dersom det er tvil om ein student skal få godkjend ein praksisperiode, skal studenten i tillegg til vanleg rettleiing også få ei førebels skriftleg vurdering. Denne vurderinga skal klart gjere greie for vurderinga så langt og klargjere vilkår for "greidd" praksis ved sluttvurdering. Til dette skal det brukast eige skjema som ligg på PPU si heimeside for praksis.
Dersom studenten får "ikkje greidd" praksis kan ein ny praksisperiode gjennomførast etter avtale med høgskulen. Praksis må vera gjennomført og bestått før vitnemål for utdanninga kan skrivast ut.
Kriterium for vurdering av praksis
Studenten sin kompetanse skal vurderast i høve til dei ulike kompetansemåla i utdanninga: Fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.
Skikkavurdering
Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Løpande skikkavurderinga skal føregå gjennom heile studiet, medan særskild skikkavurdering begynner ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg med kopi til instituttleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er heimla i Lov om universitet og høyskoler, §4-10. Dette er nærare omtala i Forskrift om skikkethetsvurdering, fastsett av Kunnskapsdepartementet.
Arbeidsformer
Det vert lagt vekt på varierte arbeidsmåtar som skal bidra til at studentane reflekterer og ser samanhengen mellom teori og praksis. Arbeidsmåtane skal stimulere til ansvar for eigen og andre si læring. Det vert ei veksling mellom fellesundervisning, gruppeundervisning, rettleiing, individuelt arbeid og sjølvstudium.
Vurderingsformer
Sjå emneplan.