Studieplan - Master i praktisk utdanningsvitskap
Hausten 2020
Dette er eit høgare grads studium som har ei brei gruppe studentar med tilknyting til utdannings- og skulesystemet som målgruppe. Studiet er organisert med ulike profilar, med valfri fordjuping i:
- Spesialpedagogikk
- IKT i læring
Studiet har ei praksisnær tilnærming som kvalifiserer til stillingar der utvikling av faglege støtte og leiing av utdanning er sentrale funksjonar. Med den praktiske tilnærminga til studiet vil innhald og tema bli knytt til studentane si yrkeserfaring og yrkesutøving. Studiet skal gje eit vitskapeleg grunnlag for drift og utvikling av utdanningsinstitusjonar, og kvalifiserer til opptak til Ph.d.-studium. Studiet kvalifiserer for arbeid i utdanningssystemet.
Læringsutbytte
Emna skal bidra til at studenten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Kandidaten:
- Har inngåande kjennskap til oppdatert og relevant forsking knytt til den profilen som er vald i studiet
- Har inngåande kjennskap til korleis forskingsbasert kunnskap kan nyttast for å utvikle system, tenester og støttefunksjonar i undervisnings-, utdannings- og skulesamanheng
- Har avansert kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar, forskingsdesign og forskingsmetodar med relevans for utdanningsforsking
Ferdigheiter
Kandidaten:
- Kan analysere undervisnings og læringssituasjonar og legge til rette for didaktiske utviklingsprosessar på relevant nivå
- Kan reflektere over bruk av relevante verktøy og framgangsmåtar i forbetringsarbeid i ulike undervisningskontekstar
- Kan analysere og bruke relevant forskingslitteratur i utarbeiding og design av forskings- og utviklingsprosjekt
Generell kompetanse
Kandidaten:
- Kan arbeide vitskapleg med problemstillingar knytte til læraren sin profesjonsfaglege kompetanse og skuleverkets behov for didaktisk utvikling
- Kan kvalitetssikre utdanningssystemets tenester på elev-, lærar- eller organisasjonsnivå
- Kan kritisk vurdere aktuelle hjelpemiddel og framgangsmåtar, samt analysere etiske problemstillingar knytt til utvikling og drift av undervisningsinstitusjonar.
Innhald
Det overordna målet for studiet er at ein som student skal utvikle kunnskap og ferdigheiter i forsking, analyse og utvikling knytt til utviklingsprosessar i undervisning læring og 4 utdanningsinstitusjonar. Studiet har ei praksisnær organisering, der deler av arbeidet skal prøvast ut i praksis.
Studiet er organisert med ulike profilar, der ein i profilemna kan fordjupe seg i, spesialpedagogikk eller IKT i læring. Studiet har sitt utspring i lærarutdanningane, og gjennom studiet skal ein utvikle forståing for utvikling og drift av både dei individuelle, kollektive og samfunnsretta sidene ved utdanningsinstitusjonane. Studentane skal utvikle både evne til kritisk refleksjon og endringskompetanse.
Profilen spesialpedagogikk kvalifiserer for direkte arbeid med barn som treng ekstra støtte i fagleg og sosial læring i barnehage og skule. Det vert lagt vekt på eit forebyggande perspektiv for å kunne hindre utvikling av vanskar.
Profilen IKT i læring kvalifiserer for stillingar i utdanningssystemet. Den generelle målsettinga for profilen er todelt, der studentane gjennom utviklingsorientert og skapande arbeid skal utvikle avansert og inngåande kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere pedagogisk utviklingsarbeid der digital teknologi inngår som sentralt element.
Felles- og profilemna skal til saman danne eit teoretisk grunnlag for arbeidet med masteroppgåva, der ein som student skal gjere eit forskingsarbeid med utgangspunkt i eige forskingsdesign. Gjennom studiet skal ein få inngåande kunnskap om utdanningsforsking og akademiske arbeidsformer i møte med praksisutøving på ulike nivå i utdanningssystemet. Kunnskapsbasert handling vil vere eit gjennomgåande tema. Utdanningsforsking og akademisk kunnskapsutvikling for bruk i praktisk utdanningsverksemd vil stå sentralt. Studiet dannar eit vitskapleg grunnlag for forsking, og kvalifiserer til opptak på Ph.d.-studie.
Arbeidsformer
Studiet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert lagt stor vekt på studentaktive læringsformer i studiet.
Vurderingsformer
Vurderingsformer varierer mellom dei ulike emna. Det er brukt mappe, munnleg eksamen og heimeksamen. Sluttvurdering er spesifisert i den enkelte emneplan.
Krav til studieprogresjon
Progresjonskrav:
- Profilemne 1 må tas før profilemne 2
- Fellesemne 1 må tas før fellesemne 2 og 3
- Fellesemne 2 og 3 må tas før masteroppgåva
Det er ikkje progresjonskrav mellom profil og fellesemne.
Internasjonalisering
Profilemne Spesialpedagogikk og IKT i læring kan legge til rette for utveksling i 2. semester.