Studieplan - Felles masterprogram i programvareutvikling
Hausten 2024
Dette studieprogrammet er en fellesgrad som tilbys av Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet - Bergen (HVL) og Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen (II/UiB) i felleskap. Programmet skal gi studentane både praktiske og teoretiske ferdigheiter innan programvareutvikling.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har fullført felles mastergrad i programvareutvikling skal ha oppnådd følgjande læringsutbytte med omsyn til kunnskaper, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap
Kandidaten:
- har brei kunnskap innan fagfeltet programvareutvikling og har djupare innsikt innan tema for masteroppgåva.
- har grundig kjennskap til teori og metodikk som blir nytta innan programvareutvikling.
- kan anvende kunnskapar, forståing og problemløysingsferdigheiter i nye kontekstar innan programvareutvikling.
- kan analysere problemstillingar innan programvareutvikling basert på kunnskap, teknologi og samfunnsrelevans til dette fagområdet.
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan analysere og handsama kritisk ulike informasjonskjelder og bruke dei til å strukturere og formulere vitskapelege resonnement.
- kan analysere eksisterande problemstillingar, metodar og tolkingar innan programvareutvikling og jobbe sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem innan fagfeltet.
- kan bruke passande forskings- og arbeidsmetodar på ein sjølvstendig måte.
- kan utføre eit forskings- og utviklingsprosjekt i samsvar med gjeldande normer for forskingsetikk.
- kan på sjølvstendig vis designe, spesifisere og programmere eit middels stort informasjonssystem.
- kan på sjølvstendig vis analysere, teste og validere eit større informasjonssystem.
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan analysere relevante forskingsretta og profesjonsretta etiske problem innan programvareutvikling.
- kan anvende kunnskapane og ferdigheitane sine på nye fagområde for å gjennomføre avanserte oppgåver og prosjekt.
- kan formidle eit omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar språk og terminologi brukt innan programvareutvikling.
- kan diskutere akademiske problemstillingar, analyser og konklusjonar innan programvareutvikling, både med spesialistar og ålmenta.
- kan bidra til innovasjonsprosessar i samfunnet ved å anvende informasjonsteknologi.
Innhald
Studiet legg vekt på å gje studentane ferdigheiter innanfor moderne systemutviklingsmetodar og teknologi, og korleis desse kan anvendast innanfor ulike domene.
Vidare skal studiet gje studentane kjennskap til dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som ligg under konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem.
Etter fullført studium skal du ha utvikla spisskompetanse innan eitt delområde, samt ha god oversikt over heile fagfeltet programvareutvikling.
Arbeidsformer
Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.
Vurderingsformer
Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Studiet avsluttast med ein presentasjon av masteroppgåva kombinert med ein munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.
Internasjonalisering
Det kan legges til rette for studieopphold i utlandet. Studenter som planlegger slike utenlandsopphold bør kontakte instituttet i god tid for å få avklart hvordan utenlandsstudiet kan passes inn i studieløpet.
Organisering
Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på enten 30 eller 60 studiepoeng.
Emnedelen
Følgjande emne er obligatoriske:
INF222 Programmeringsspråk (undervises ved HVL)
DAT250 Avansert programvareteknologi (undervises ved HVL)
DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar (undervises ved HVL)
Emna i emnedelen skal vere på 200- og 300-talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.
Tilrådd studieplan:
1.semester DAT250 VAL VAL
2.semester INF222 DAT251 VAL
3.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve
(alternativt 3. semester ved 30 studiepoengsoppgåve: DAT234 VAL VAL)
4.semester Oppgåve Oppgåve Oppgåve
Tilrådde valemne må veljast i samråd med rettleiar.