Studieplan - Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Hausten 2017
Innhold: 4 emner à 15 studiepoeng med avsluttande eksamen i kvart emne
Målgruppe: Personar i privat og offentlig sektor som arbeidar med psykisk helsearbeid
Praktisk informasjon om studiet: Deltidsutdanning med vekessamlingar/enkeltdagar på campus.
Profilering: Meistring, myndiggjering og relasjonskompetanse
Læringsutbytte
Kunnskap:
Kandidaten:
- har inngåande kunnskap om psykiske lidingar, og kan identifisere miljømessige og biologiske faktorar si betydning for utvikling av psykiske lidingar
- har inngåande kunnskap om psykologiske og sosiale teoriar som forklarer utviklinga av psykiske lidingar
- har avansert kunnskap om kva forhold som fremmer betringsprosessar hjå psykisk lidande, herunder kunnskap om terapeutisk kommunikasjon og samhandling med fokus på meistring og myndiggjering
- har inngåande kunnskap om sentrale føringar og lovverk som regulerer arbeidet med mennesker med psykiske lidingar, og om oppbyggjing og organisering av psykiske helsetenester
- har inngåande kunnskap om vitskapsteori og om forskningsmetodar som vert brukt innan helse- og sosialfaga.
Ferdigheter:
Kandidaten:
- kan identifisere nødvendige tiltak for fremming av psykisk helse på individ- og gruppenivå
- kan vurdere kva forhold som kan fremme meistring og myndiggjering, og anvende modellar for myndiggjering og meistring i praktiske øvelser og refleksjon
- kan analysere og kritisk vurdere modellar for helsefremming, omsorg og samhandling
- kan anvende aktuelt lovverk i kliniske situasjonar, og forhalde seg kritisk reflektert i forhold til fagområdets rammevilkår og etiske og moralske utfordringar
- kan utføre systematiske litteratursøk, analysere forskningsrapportar og utøve kjeldekritikk
Generell kompetanse:
Kandidaten:
- kan relatere ulike helse- og omsorgsteoriar og sosiale og psykologiske teoriar til arbeid med menneske med psykiske lidingar
- kan formidle, drøfte og analysere faglige problemstillingar i eit samarbeid med brukaren og andre faggrupper
- kan analysere og kritisk vurdere grunnlaget for forskning og kunnskapsutvikling i psykisk helsearbeid
- kan utarbeide prosjektplan til ei masteroppgåve/fagutviklingsplan under rettleiing og i tråd med gjeldande forskningsetiske retningslinjer
FoU-basering: Høgt nivå på pensumlitteratur. Forelesarar med fyrstekompetanse. Forelesarar frå eigen institusjon og frå kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsformer
Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ei omfattande eigeninnsats mellom samlingane.
Praksis: Tverrfaglige rettleiingsgrupper gjennom heile studiet
Vurderingsformer
Heimeeksamen
Organisering
Studieplan:
PSYK6101 Mennesket, psykiske lidingar og det sosiale miljø
PSYK6102 Organisering av tenestane for menneske med psykiske lidingar og faglig fundament
PSYK6103 Utvikling og utøving av psykisk helsearbeid: Kommunikasjon, samhandling og konfliktløysing
PSYK6104 : Psykisk helsearbeid og relasjonskompetanse i eit brukarperspektiv