Hopp til innhald

Studieplan - Master i psykisk helse- og rusarbeid

Hausten 2023

Mastergradsstudiet i Psykisk helse- og rusarbeid er eit tverrfagleg studium der studentane skal tileigne seg djup kunnskap om samanhengar mellom psykisk helse, biologiske, psykologiske, sosiale, økonomiske - materielle, kulturelle og samfunnsmessige faktorar. Studiet fokuserer på utfordringar knytt til mennesket si forankring i familie og samfunn, og på kunnskap om samanhengar mellom krevjande livserfaringar og psykisk helse. Målet med studiet er å ruste studentane til å utføre kvalifisert og fagleg oppdatert hjelp til menneske som slit med psykiske lidingar og rusproblem, samt deira pårørande.

Studiet går over tre år og utgjer samla 120 studiepoeng i samsvar med § 3 i Forskrift om krav til mastergrad. Det første året er eit fulltidsstudium (60 studiepoeng) i tråd med "Rammeplan for vidareutdanning i Psykisk helsearbeid" frå 2005, og fører fram til kompetanse som Psykisk helsearbeidar. Det andre og tredje året (til saman 60 studiepoeng) er organisert som deltidsstudium og omfattar fordjuping i vitskapsteori og metodar, samt gjennomføring av eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i form av ei masteroppgåve

Målgruppe
Målgruppa for studiet er helse- og sosialarbeidarar som ynskjer å ta ein mastergrad for å forbetre sine kvalifikasjonar for arbeid med menneske som har psykiske og rusrelaterte helseproblem.

Opptakskrav

  • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag.
  • Minst 1 års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning.

Søkjarar med annan relevant utdanning kan verte vurderte for opptak.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har djup kunnskap om mennesket si risiko for utvikling av psykiske- og rusrelaterte og fysiske helseproblem sett i samanheng med kultur, livsløp, krevjande livserfaringar og materielle forhold (K1)
  • har avansert kunnskap om ulike faglege og internasjonale perspektiv og forståing av psykiske lidingar og rusproblem og djup kunnskap om integrert behandling, tverrfagleg samhandling og koordinering av hjelpetilbod
  • har djup kunnskap om ulike perspektiv på psykisk helse- og rusproblem og samanhengar mellom psykisk og fysisk helse/uhelse og kan forhalde seg analytisk til korleis ulike perspektiv får konsekvensar for behandling og organisering av tenestetilbodet
  • har djup kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar og «best practice» i helse- og rusarbeid
  • har djup kunnskap i vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsprosessar generelt og knytt til feltet psykisk helse- og rusarbeid spesielt

Ferdigheiter:
Kandidaten...

  • kan dokumentere og formidle behov for psykiske og fysiske helsetenester til/frå menneske med psykisk helse- og rusproblem
  • kan gje profesjonell hjelp til menneske med ulike gradar av psykiske og rusrelaterte helseproblem og deira pårørande, det profesjonelle og private nettverket og hjelpeapparatet med utgangspunkt i deira ressursar, ønskjer og behov basert på brukarmedverknad og likeverd
  • kan stimulere og bidra til å utvikle tverrfagleg og tverretatleg samarbeid, anerkjenne og nyttiggjere seg andre faggruppers kompetanse i eit forpliktande samarbeid
  • har utvikla si personlege kompetanse, kreativitet og mot
  • kan innhente relevant kunnskap om psykisk helse- og rusarbeid, og kritisk vurdere kjeldene
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt i tråd med grunnleggjande etiske og metodologiske prinsipp for å finne svar på aktuelle problemstillingar i praksis

Generell kompetanse:
Kandidaten...

  • kan formidle aktuell forsking, kritisk vurdere kjeldene og bidra til gjennomføring av og bruk av forsking i praktisk verksemd
  • kan reflektere kritisk over eigen profesjonell kompetanse og utvikling og nyttiggjere seg eige fags særeigne bidrag i psykisk helse- og rusarbeid
  • kan kritisk vurdere brukarar/pasientar sin og helse- og sosialarbeidarar si rettar og pliktar og kunne analysere etiske dilemma knytt til yrkesutøvinga
  • kan identifisere politiske føringer og rammeverk for fagområdet og kan analysere og formidle korleis desse påverkar praksis i fagfeltet
  • kan analysere og kritisk vurdere korleis forståing av psykiske og rusrelaterte helseproblem er relatert til fysisk helse og kulturelle og samfunnsmessige forhold.

Praksis

Praksis er ein viktig del av mastergrad i Psykisk helse- og rusarbeid. Praksis-emnet gjennomførast i andre semester og utgjer 15 studiepoeng. Praksis gjennomførast i tråd med Rammeplan i Psykisk helse- og rusarbeid 2005 §4. Utdanninga sine praksisplassar er tilknytta arbeidsområde der yrkesutøving innan psykisk helse / rusproblematikk er sentralt. I praksis-emnet er yrkesfeltet hovudlæringsarenaen i løpet av utdanninga.

Det blir lagt vekt på trening i relasjonskompetanse og kompetent fagleg tilnærming i høve til pasient/brukar, pårørande og andre fagpersonar. Analyse og refleksjon over etiske dilemma i fagutøvinga er sentralt.

Praksisstudiet blir lagt til einingar som har rettleiar(ar) med kompetanse innan Psykisk helse- og rusarbeid eller tilsvarande. Praksisrettleiarar skal ha minst 75 % stilling, hovudsakleg knytt til pasient-/brukarrelaterte arbeidsoppgåver. I praksisstudiet er ein av høgskulens lærarar kontaktperson for den enkelte studenten. Studenten har ansvar for eiga læring og skal utarbeide eige læringsutbyttedokument i løpet av dei to første praksisvekene.

Arbeidsformer

Refleksjon og livslang læring ligg til grunn for masterprogrammet. For å nå læringsutbytta blir undervisnings- og arbeidsformene varierande, mellom førelesningar og studentaktive metodar. Gjennom ulike didaktiske tilnærmingar ynskjer vi å oppnå auka refleksjon, stimulere til fagleg diskusjon og styrke den analytiske og kritiske kompetansen. Det blir spesielt lagt vekt på kontinuerleg veksling mellom teori, presentasjon av aktuell forsking og praksis, slik at studenten blir utfordra til å strukturere og formulere faglege spørsmål knytt til yrkesutøving. Innhaldet i emna byggjer på kvarandre, slik at kunnskap og ferdigheiter blir utvikla gradvis. Gjennom heile studiet blir arbeidsformer nytta som fremjar kunnskapsbasert praksis, der studenten integrerer forskings- og anna teoretisk kunnskap, erfaringskunnskap og pasientkunnskap. Emna vil i stor grad ta utgangspunkt i studentane sine eigne refleksjonar, gjennom førelesningar, gruppearbeid, kommunikasjonsverkstad, ferdigheitstrening, prosessrettleiing og praksisøving. Arbeidsformene gir trening i å tolke teoretiske tekstar, forsking og praktiske situasjonar på best mogleg måte basert på kunnskap, erfaring og forsking.

Undervisningsmetodane inkluderer førelesningar i plenum og via internett, studentseminar, gruppearbeid, rettleiing av skriftleg arbeid og sjølvstudium. Gjennom studentaktive læringsformer forventast det at studentane tek ansvar både for eigen og medstudentane si faglege utvikling og læring for å nå læringsutbytta. I undervisninga blir diskusjonar, argumentasjonar og munnlege framlegg vektlagt. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir lagt vekt på, og det blir forventa at studentane nyttar erfaringar og refleksjonar frå praksis. Studiet er derfor organisert slik at studentane arbeider både individuelt og i gruppe. Vi nyttar itslearning som studiestøttesystem. Studentane må ha eigen PC med tilgang til internett. Erfaring med standard tekstbehandlingsprogram og internett er avgjerande.
All undervisning som er obligatorisk, blir registrert.

Høgskulen samarbeider internasjonalt. Internasjonale samarbeidspartnarar vil bidra, og undervisninga vil då vere på engelsk. Studentane må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter både på norsk og engelsk.

Krav til studieprogresjon

For å fremja studentanes framdrift og oppnåing av læringsutbyte, blir det stilt krav til studieprogresjon.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan stille til eksamen i emnet. Innhaldet og omfanget av obligatoriske arbeidskrav går fram av emneomtalen.

For å melde seg opp til eksamen i PHA508, må alle emne i første studieår (PHA501 - 506) i tillegg til MAMET1P vere bestått. For meir konkret informasjon, sjå emneomtalane.

Internasjonalisering

Høgskolen på Vestlandet har bred satsing på internasjonalisering. For studenter på Master i psykisk helse- og rusarbeid vil det legges til rette for studentutveksling i en avgrensende periode i 2.semester og i tredje semester.  Det kan søkes utreise både til praksisopphold og i teoretiske emner.

Organisering

Masterstudiet utgjør totalt 120 studiepoeng, og er et fulltidsstudium første år og et deltidstudium de neste to årene (60 studiepoeng).

Studiet inneholder åtte emner. Syv av emnene er på 7.5 - 15 studiepoeng, masteroppgaven utgjør 45 studiepoeng og praksisemnet utgjør 15 studiepoeng.