Hopp til innhald

Studieplan - Psykisk helsearbeid, tverrfagleg vidareutdanning

Hausten 2021

Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er eit tverrfagleg studietilbod for helse- og sosialpersonell som ynskjer å styrkje og vidareutvikle sin faglege  kompetanse i arbeid med menneske som er utsette eller lever med psykiske lidingar/psykososiale vanskar.

Vidareutdanning i psykisk helsearbeid formidlar ei tilnærming til brukar/pasient basert på: Meld. St. 25 (1996-97) Åpenhet og helhet: Om psykiske lidelser og tjenestetilbudene. Førebygging, behandling og rehabilitering skal vere i eit samanhengande og heilskapeleg tilbod, på tvers av skilje mellom forvaltningsnivå og etatar. Kommunale tenester og spesialisthelsetenester skal utgjere koordinerte og heilskaplege tilbod, som utfyller kvarandre til det beste for brukarar. Tenestetilboda skal fremje uavhengigheit, sjølvstende og evne til å meistre eige liv, og å gje auka livskvalitet og stimulere til aktiv deltaking i samfunnslivet.

"En person med psykiske problemer må ikke bare ses på som pasient, men som et helt menneske med kropp, sjel og ånd. Nødvendige hensyn må tas til menneskets åndelige og kulturelle behov, ikke bare de biologiske og de sosiale. Psykiske lidelser berører grunnleggende eksistensielle spørsmål og dette må prege oppbygging, praksis og ledelse av alle helsetjenester"(St.prp. nr. 63, 1999-2006, s. 6).

Sentralt i vidareutdanninga står eit humanistisk menneskesyn, med forståing og respekt for det einskilde menneske sin eigenart og livshistorie. 

Vidareutdanning i psykisk helsearbeid byggjer på Rammeplan og forskrift - Vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Utdannings- og forskningsdepartementet 1. desember 2005, og kvalitetsreforma Stortingsmelding 27. 2000-2001.  Studenten sin kunnskap og erfaring er utgangspunkt for ny læring. Samarbeid med andre vidareutdanningar innan rusproblematikk og psykisk helse vil styrke forståing og kunnskap for andre fagfelt og sektorar.

Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er forma for å kunne utgjere 60 studiepoeng i masterprogram i psykisk helsearbeid. Høgskulen på Vetslandet (HVL) nyttar undervisningspersonale med naudsynt akademisk og yrkesfagleg kompetanse inklusive erfaring frå praksisfeltet. Praksisstudiar vert i hovudsak avvikla i Sogn og Fjordane. Praksisrettleiarane har relevant utdanning.

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning har/kan kandidaten:

Kunnskap

  • avansert kunnskap om faktorar som fremmer helse og reduserer risikoen for psykiske lidingar
  • avansert kunnskap om ulike symptom og uttrykk ved ulike psykiske lidingar
  • inngåande kunnskap om betydinga av eit samanhengande og heilskapleg tilbod til enkeltmenneske, familien, nettverket og samfunnet  ved psykisk liding
  • avansert kunnskap om ulike perspektiv på psykisk helse, rusproblematikk og psykisk liding,
  • avansert kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar
  • inngåande kunnskap i vitskapsteori, og forskingsprosessar generelt og relatert til feltet psykisk helsearbeid spesielt

Ferdigheiter

  • gje hjelp til menneske med ulike grader av psykiske helseproblem og lidingar og deira pårørande med utgangspunkt i deira ressursar, ønske og behov
  • nytte kunnskap om og tilby berande relasjonar til menneske med psykiske helseproblem 
  • analysere korleis ulike perspektiv får konsekvensar for behandling og organisering av tenestetilbodet.
  • sjølvstendig argumentere for og nytte kunnskapsbaserte metodar/intervensjonar til menneske med psykisk liding og samansette problem
  • intervenere med bakgrunn i anerkjente metodar i psykisk helsearbeid
  • bidra til forpliktande samarbeid med andre på tvers av faggrupper og etatar
  • nytte anerkjent kunnskap om ulike psykiske lidingar og behandling  på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse

  • analysere og kritisk vurdere psykisk helse og psykisk liding relatert til ulike kulturelle, eksistensielle og åndelege forhold
  • sjølvstendig analysere faglege og etiske problemstillingar innan fagområdet
  • bidra til nytenking og innovasjon innan psykisk helsearbeid, og kan dokumentere og formidle behov for psykiske helseteneste 
  • reflektere kritisk over eigen profesjonelle kompetanse og utvikling 

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning i psykisk helsearbeid utgjer 60 studiepoeng og kvalifiserer for arbeid med menneske som har psykiske problem/ lidingar i den kommunale helse- og sosialtenesta og spesialisthelsetenesta.

Innhald

Studiet er ei deltidsutdanning over to år og er inndelt i 6 emne:

  1. Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk
  2. Vitskapsteori, metode og etikk
  3. Organisering av tenesta på individ og systemnivå i psykisk helsearbeid
  4. Kommunikasjon, samarbeid, konfliktforståing og konfliktløysing
  5. Krevjande livserfaringar og psykiske lidingar i eit livsløpsperspektiv
  6. Fordjuping i klinisk psykososialt arbeid

Emna PS1-300, PS1-301, PS1-302, PS1-303, PS1-304, PS1-305  dannar eit felles fagleg grunnlag. Rammeplan og forskrift for vidareutdanning i psykisk helsearbeid (2005) krev at 15 studiepoeng skal vere fullført før studenten tek til på fordjupingsemna PS1-304 og PS1-305. I emna PS1-304 og PS1-305 fordjupar studenten seg i kunnskap om psykisk helsearbeid relatert til bestemte til aldersgrupper, problemområde, institusjonstypar eller i forhold til individuelt -, familie-, gruppe- og/eller lokalsamfunnsarbeid. Studenten får i stor grad velje fordjupingsområde gjennom val av tema for prosjektplan, PS1-304 og og klinisk praksis PS1-305.

Praksis

Studentane har 9 veker (270 timar) praksisstudium. HVL nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, rusinstitusjonar og rusomsorg, lokalbasert psykisk helseteneste i den kommunale helse- og sosialtenesta og familiekontor. Relasjonskompetanse er ein sentral del av behandling og oppfølging av den enkelte brukar, like så blir samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltingsnivå vektlagt. I praksis skal studentane, ved hjelp av rettleiing, ha fagleg medansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med pasient/ klient eller familie med psykososiale vanskar. Det er krav om 90 % frammøte i praksis, fråvære utover 10 % kan berre godkjennast etter søknad. Det vert utarbeidd retningsliner før studentane tek til i praksis. Praksisstudiet vert vurdert til greidd/ikkje greidd.

 Rettleiing i grupper. Studentane deltek i grupperettleiing gjennom dei tre første semestera (totalt 15 timar). Det er krav om 80 % frammøte i rettleiingsgruppene, fråvære utover 20 % kan berre godkjennast i samband med søknad.

Arbeidsformer

Studiet skal medverke til aktiv studentdeltaking. I studiet vert læring forstått som ein aktiv prosess med merksemd på ulike former for kunnskap og faginnhald. Studentane sin eigen praksis og erfaring, både før og i løpet av studiet, er viktig kunnskap som vert nytta pedagogisk i arbeidskrav og faglege samtaler. Å vere i ein læringsprosess inneber refleksjon og vurdering av eigne erfaringar i møte med ny kunnskap. Undervisnings- og læringsformene speglar læringsutbytte for utdanninga. Dette inneber varierte arbeidsformer som førelesing, seminar med diskusjonar, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving, prosjektarbeid, fordjupingsgrupper/kollokviegrupper, rettleiings- og refleksjonsgrupper og praksisstudium.

Vurderingsformer

Arbeidskrav

Dei ulike emna har arbeidskrav som er obligatoriske. Arbeidskrava kan omfatte krav til frammøte i delar av undervisninga, rettleiing, praksis, ferdigheitstrening, skriftlege oppgåver eller munnleg framlegg. Emneomtale gjev nærare omtale av dei ulike arbeidskrava. Alle arbeidskrava må vere gjennomført for at studenten skal kunne framstille seg til sluttvurdering i emnet.

Sluttvurdering

Kvart emne har avsluttande vurdering. 
Sluttvurdering kan vere skrifteleg individuell eksamen, prosjekteksamen, praksisvurdering og prosjektoppgåve. Nærare spesifikasjon for sluttvurdering står i emneomtalane. Det vert nytta  intern og ekstern sensor for sluttvurdering i emne PS1-300, PS1-301, PS1-302, PS1-303, PS1-304,  som er fordjupingsoppgåve. Sluttvurdering i emne PS1-305 vert utført av praksisrettleiar og tilsett på høgskulen.