Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i reiseliv, marknadsføring og ledelse

Hausten 2024

Reiseliv er ei næring i stadig vekst på den globale arena og studiet skal gje moglegheit til å leia verksemder innan transport, overnatting, attraksjonar, aktivitets- og opplevingsbaserte, og/eller til å jobbe innan marknadsføring og sal i reiselivet. Studiet legg og til rette for å jobbe med eiga entreprenørverksemd og innovasjonsutvikling.

Studiet skal gje studenten ein brei kompetanseplattform for å arbeide innan reiselivsnæringa, som fagperson eller rådgjevar i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Studentane skal kunne arbeide som leiarar og mellomleiarar i privat og offentleg sektor.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Læringsutbytte

Etter fullført studium skal kandidaten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten har/kan:

  • brei kunnskap om sentrale tema innan reiseliv og opplevingar, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan fagområdet.
  • brei kunnskap i forsking- og utviklingsarbeid innan reiseliv.
  • brei kunnskap om reiselivet si historie, tradisjonar eigenart og plass i samfunnet.
  • brei kunnskap om utvikling og drift av kjernenæringane i reiselivet og spesielt om natur- og kulturbaserte opplevingar, attraksjonar og arrangement
  • brei kunnskap om verktøy for heilskapeleg og grøn destinasjonsutvikling
  • brei kunnskap om samfunnsansvar og bærekraftig utvikling av reiselivsføretak og reisemål
  • brei kunnskap om tema- og nisjebasert reiseliv
  • brei kunnskap om arrangment og verknader av arrangement i ein region.
  • brei kunnskap om internasjonal leiing og strategi i reiselivsføretak
  • brei kunnskap om leiing og kulturelt mangfold.
  • brei kunnskap om marknadsføring. Ulike verktøy, metodar og teknikkar knytt til marknadsføring i praksis.
  • grunnleggande teori innan bedriftsøkonomi, statistikk, metode, forretningsjus, organisasjonsteori og personalleling.
  • kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet reiseliv.
  • nytte brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar
  • brei kunnskap om avgjersler på mikronivå innanfor private og offentlege organisasjonar med sikte på å koordinere bruken av knappe ressursar for å nå organisasjonens mål
  • brei kunnskap om korleis produkt og tenester kan utviklast og marknadsførast

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • nytte forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar som dei kan møte i arbeidslivet
  • planlegge og gjennomføre eigne prosjekt innan reiseliv, marknadsføring og internasjonal leiing.
  • jobbe saman med andre i grupper, kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg og kunne utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til utvikling av god praksis
  • nytte kunnskap til å løyse problem og oppgåver i reiselivsnæringa, både kognitivt, kreativt og praktisk.
  • framskaffe, analysere og presentere relevant informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det gjere greie for ei problemstilling.
  • nytte grunnleggande kunnskap om begrep og utfordringar knytta til reiseliv og turisme
  • sjå dei ulike fagområda i samanheng, slik at dei kan bruke kunnskapar og ferdigheiter frå fleire fag på ei bestemt problemstilling
  • bidra til utviklingsarbeid og nyskaping for å fremje verksemda si innovasjonsevne
  • leie prosessar innan utvikling av reiselivet
  • etablere eiga verksemd og/eller leie organisasjonar i reiselivet og offentleg sektor
  • utvikle nye og innovative reiselivsprodukt

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan reflektere over kva som er beste praksis i reiselivsnæringa.
  • har faglig innsikt og analytiske ferdigheiter til å arbeide både sjølvstendig men og kunne anvende kunnskap gjennom samarbeid.
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, både åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • kan bruke kunnskapen, , metodane og verktøya dei opparbeidar seg på ein kritisk måte og løyse relevante problemstillingar i reiselivsnæringa.
  • kjenne til nytekning og innovasjonsproessar.
  • kan formidle sentralt fagstoff som teori, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg og andre relevante utrykksformer innan fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.

Innhald

Bachelorstudiet i reiselivsleiing er eit treårig studium som gjev graden bachelor i reiselivsleiing. Studiet er på 180 studiepoeng.

Utdanninga består av emne innan reiseliv, marknadsføring, internasjonal leiing og økonomi samt praksis. Studiet skal gje studenten ei bre kompetanseplattform til å arbeide innan reiselivsnæringa, som fagperson eller rådgjevar i privat næringdsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Studentane skal kunne arbeide som leiar og mellomleiar både i privat og offentleg sektor.

Meir spesifikt kan utdanninga kvalifisere studenten til å leie verksemder innan transport, overnatting, attraksjonar, aktivitetsselskap, museum og andre opplevingsbaserte verksemder samt lærar i fagområde reiseliv/marknadsføring.

Reiselivsfaga byggjer på kvarandre og fokus er alltid kva som er relevant for reiselivsnæringa og arbeidslivet i dag.

I tredje semester kan studentane velje mellom utanlandsopphald ved godkjent universitet/høgskule, eller følgje dei obligatoriske emna i semesteret.

Studieplanen vert revidert ein gong per år, med atterhald om endringar både i rekkjefølgje av emna og emnetilbod.

Praksis

Det blir observasjon av praksis i RE6-1005 Vertskap & Service og førebuing til praksis med praksisrelatert arbeid på skulen i Re6-2013 Introduksjon til praksis i reiselivsnæringa.

Det er eit eige emne i praksis der studenten skal hospitere hjå ei verksemd: RE6-2006 Praksis i reiselivet.

Vidare er det eit arbeidskrav i praksis i RE6-2005 Event Management 1.

Arbeidsformer

Undervisninga skiftar mellom førelesningar, seminar, arbeidsgrupper, øvingsoppgaver, arbeidskrav og casearbeid. Problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante, står sentralt i studiet si undervisning og læringsform.

I studiet vert det lagd vekt på å lære studentane opp til å jobbe sjølvstendig både med individuelt arbeid og gruppearbeid. Det er nødvendig med eit stort innslag av sjølvstudium.

For å følgje undervisning og gjennomføre eksamen i studiet, må studentane disponere eigen bærbar datamaskin med standard programvare.

Studiet inkluderer og praksis, både i emne Re6-2006 og Re6-2007 samt Re6-2013 og Re6-1005.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen både individuelt og i gruppe, individuell munnleg samt mappeeksamen.

Krav til studieprogresjon

Studenten må ha avlagt minst 100 studiepoeng ved oppstart 5. semester for å ta bacheloroppgåve i 6. semester.

Studenten må ha bestått OR6-1005 i 5. semester før ein kan ta OR6-1008 og RE6-2004 i 6. semester.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for utanlandsopphald i 3. semester der ein gjennomfører studium ved ein utanlandsk institusjon. Emne må vere godkjent på førehand.

Australia | University of the Sunshine Coast (USC)

Australia | James Cook University

Canada | Trent University

Canada | Royal Roads University

Finland | Satakunta University of Applied Sciences (SAMK)

Romania | Ovidius University of Constanța (OUC)

Spania | University of Huelva

USA | Augustana University

USA | California State University Monterey Bay (CSUMB)