Hopp til innhald

Studieplan - Samfunnsfag årsstudium, nettstudium

Hausten 2023

Årsstudium i samfunnsfag er eit fleirfagleg studium. Med utgangspunkt i historiske, statsvitskaplege og sosiologiske emne gir undervisninga innsikt i samfunnet og samfunnsutviklinga i fortid og notid.

Opptakskrav

GSK Generell studiekompetanse

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd studium skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om historiefagets grunnlagsproblem og korleis historia vert brukt i dagens samfunn
  • har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i sosiologi
  • har kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land, og om forhold som påverkar forholda mellom land

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere korleis historie vert brukt i media og i politikken
  • kan reflektere kring utvalde politiske problemstillingar
  • kan drøfte ulike sosiologiske perspektiv på samfunnet
  • kan finne kjelder og vurdere metodar som er relevante i kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege framstillingar
  • kan orientere seg i relevant faglitteratur
  • kan gjennomføre enkle komparative analyser

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan nytte samfunnsfagleg kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder
  • kan gjennomføre mindre granskingsarbeid og presentere funna i korte analytiske fagtekstar
  • kan gi ein individuell, skriftleg eller munnleg presentasjon av ei problemstilling
  • kjenner til korleis nytenking og innovasjonsprosessar påverkar samfunnsutviklinga
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Innhald

Studiet inneheld emne frå dei tre samfunnfaga historie, statsvitskap og sosiologi. Til saman gir desse emna ei forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det modernesamfunnet, og kjennskap til ulike teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar om statsutvikling og samfunnsendring.

Det første emnet, Danning og akademisk handverk - historie, gir ei grunnleggjande innføring i å vera student, i akademisk verksemd, og i historiefaget. Det neste emnet gir studentane kunnskap om korleis historie brukes og forstås i dag. Det siste emnet på hausten handlar om dei klassiske sosiologiske teoriane og perspektiva som har forma mykje av tenkinga i samfunnsfaga generelt.

På våren møter studentane først to statsvitskaplege emne. Her får ein innblikk i samspelet mellom institusjonar, partisystem og val i ulike land, og i relasjonane mellom landa i den internasjonale politikken. Det siste emnet er eit metodeemne som er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet.

Studiet er bygt opp av dei følgjande obligatoriske emna. Alle emna er på 10 studiepoeng, og dei er bolka slik at ein gjer unna undervisning og eksamen i eitt emne før ein tek til på det neste. På hausten vil det seie at emne 1 går i august–september, emne 2 i oktober–november og emne 3 i november–desember. På våren vil emne 1 gå i januar–februar, emne 2 i februar–mars og emne 3 i april–mai. Nøyaktig periode for bolkane blir fastsett i timeplan og eksamensplan og vil variere noko frå studieår til studieår.

Haust (1. semester):

  • Emne 1: SA597 Danning og akademisk handverk - historie (10 studiepoeng)
  • Emne 2: SA603 Historia i samfunnet (10 studiepoeng)
  • Emne 3: SO103 Klassiske sosiologiske perspektiv (10 studiepoeng)

Vår (2. semester)

  • Emne 1: SA589 Politiske institusjonar (10 studiepoeng)
  • Emne 2: SA590 Globaliseringa av verdspolitikken (10 studiepoeng)
  • Emne 3: SA588 Sosiologisk forskingsmetode (10 studiepoeng)

Praksis

Ingen

Arbeidsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Læringsaktivitetane elles vil vere førelesingar, munnleg presentasjon, skriftlege oppgåver/mappeoppgåver og gruppeoppgåver. Skriftlege oppgåver blir kommenterte av faglærar eller medstudentar.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen, skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen, og oppgåver av varierande storleik. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktøyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.

Internasjonalisering

Ingen