Studieplan - Samfunnsfag, årsstudium
Hausten 2020
Årsstudium i samfunnsfag er eit fleirfagleg studium. Med utgangspunkt i historiske, statsvitskaplege og sosiologiske emne vil undervisninga gi innsikt i samfunnet og samfunnsutviklinga i fortid og notid.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullførd studium skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- kan gjere greie for hovudtrekk i norsk, europeisk og global historie etter 1700 og forklare sentrale kulturelle, sosiale, økonomiske og politiske endringsprosessar
- har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i sosiologi
- har kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land, og om forhold som påverkar forholda mellom land
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan drøfte korleis menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve har variert gjennom ulike historiske epokar, frå stad til stad, og mellom ulike grupper
- kan reflektere kring utvalde politiske problemstillingar
- kan finne kjelder og vurdere metodar som er relevante i kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege framstillingar
- kan orientere seg i relevant faglitteratur
- kan gjennomføre enkle komparative analyser
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan nytte samfunnsfagleg kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder
- kan gjennomføre mindre vitskaplege granskingsarbeid og presentere funna i korte analytiske fagtekstar
- kan gi ein individuell, skriftleg eller munnleg presentasjon av ei problemstilling
- kjenner til korleis nytenking og innovasjonsprosessar påverkar samfunnsutviklinga
- kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
Innhald
Studiet skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i norsk, europeisk og global historie frå 1700 og fram til i dag. Det skal gje forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet. Å forstå statsutvikling og samfunnsendring føreset ei forståing av teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar.
I haustemnet Danning og akademisk handverk vil ein få ei grunnleggjande innføring i korleis det er å vere student, i akademisk verksemd og i historiefaget. Sentrale spørsmål i det statsvitskaplege emnet Politiske institusjonar er samspelet mellom konstitusjonar, parlament og regjeringar, partisystem og val i ulike land.
Når det gjeld sosiologi gir dei to emna ei grunnleggande innføring i både dei viktigaste teoriane og perspektiva innom faget og korleis samfunnsvitskaplege undersøkingar blir gjennomførte. Undervisninga i metodeemnet som avrundar årsstudiet er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet.
Arbeidsformer
Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Læringsaktivitetane elles vil vere førelesingar, munnleg presentasjon, skriftlege oppgåver/mappeoppgåver og gruppeoppgåver. Skriftlege oppgåver blir kommenterte av faglærar eller medstudentar.
For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.
Vurderingsformer
Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen, skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen og oppgåver av varierande storleik. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.