Studieplan - Samfunnsfag, årsstudium
Hausten 2022
Årsstudium i samfunnsfag er eit fleirfagleg studium. Med utgangspunkt i historiske, statsvitskaplege og sosiologiske emne gir undervisninga innsikt i samfunnet og samfunnsutviklinga i fortid og notid.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullførd studium skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
kan gjere greie for hovudtrekk i norsk, europeisk og global historie etter 1930 og forklare sentrale kulturelle, sosiale, økonomiske og politiske endringsprosessar
har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i sosiologi
har kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land, og om forhold som påverkar forholda mellom land
Ferdigheiter
Kandidaten
kan drøfte korleis menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve har variert gjennom ulike historiske epokar, frå stad til stad, og mellom ulike grupper
kan reflektere kring utvalde politiske problemstillingar
kan drøfte ulike sosiologiske perspektiv på samfunnet
kan finne kjelder og vurdere metodar som er relevante i kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege framstillingar
kan orientere seg i relevant faglitteratur
kan gjennomføre enkle komparative analyser
Generell kompetanse
Kandidaten
kan nytte samfunnsfagleg kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder
kan gjennomføre mindre granskingsarbeid og presentere funna i korte analytiske fagtekstar
kan gi ein individuell, skriftleg eller munnleg presentasjon av ei problemstilling
kjenner til korleis nytenking og innovasjonsprosessar påverkar samfunnsutviklinga
kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
Innhald
Studiet inneheld emne frå dei tre samfunnfaga historie, statsvitskap og sosiologi. Til saman gir desse emna ei forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet, og kjennskap til ulike teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar om statsutvikling og samfunnsendring.
Det første emnet, Danning og akademisk handverk, gir ei grunnleggjande innføring i korleis det er å vera student, i akademisk verksemd, og i historiefaget. Det neste emnet gir studentane kunnskap om norsk, europeisk og global historie frå 1930 og fram til i dag. Det siste emnet på hausten handlar om dei klassiske sosiologiske teoriane og perspektiva som har forma mykje av tenkinga i samfunnsfaga generelt.
På våren møter studentane først to statsvitskaplege emne. Her får ein innblikk i samspelet mellom institusjonar, partisystem og val i ulike land, og i relasjonane mellom landa i den internasjonale politikken. Det siste emnet er eit metodeemne som er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet.
Arbeidsformer
Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Læringsaktivitetane elles vil vere førelesingar, munnleg presentasjon, skriftlege oppgåver/mappeoppgåver og gruppeoppgåver. Skriftlege oppgåver blir kommenterte av faglærar eller medstudentar.
For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.
Samfunnsfagstudentane går i somme emne saman med historiestudentane og i andre emne saman sosiologistudentane. Nokre av emna blir tilbydd både som campusstudium og nettstudium medan andre emne berre blir tilbydde som campusstudium.
Vurderingsformer
Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen, skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen, og oppgåver av varierande storleik. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.
Organisering
Studiet er bygt opp av dei følgjande obligatoriske emna. Alle emna er på 10 studiepoeng, og dei vil som hovudregel vere bolka slik at ein gjer unna undervisning og eksamen i eitt emne før ein tek til på det neste. På hausten vil det seie at emne 1 går i august–september, emne 2 i oktober–november og emne 3 i november–desember. På våren vil emne 1 gå i januar–februar, emne 2 i februar–mars og emne 3 i april–mai. Nøyaktig periode for bolkane blir fastsett i timeplan og eksamensplan og vil variere noko frå studieår til studieår.
Haust (1. semester)
- Emne 1: SA597 Danning og akademisk handverk (10 studiepoeng)
- Emne 2: HI104 Historie etter 1930 (10 studiepoeng)
- Emne 3: SO103 Klassiske sosiologiske perspektiv (10 studiepoeng)
Vår (2. semester)
- Emne 1: SA589 Politiske institusjonar (10 studiepoeng)
- Emne 2: SA590 Globaliseringa av verdspolitikken (10 studiepoeng)
- Emne 3: SA588 Sosiologisk forskingsmetode (10 studiepoeng)