Hopp til innhald

Studieplan - Samfunnsfag, årsstudium

Hausten 2023

Årsstudium i samfunnsfag er eit fleirfagleg studium. Med utgangspunkt i historiske, statsvitskaplege og sosiologiske emne gir undervisninga innsikt i samfunnet og samfunnsutviklinga i fortid og notid.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd studium skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

har kunnskap om historiefagets grunnlagsproblem og korleis historia vert brukt i dagens samfunn

har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i sosiologi

har kunnskap om korleis statsmakta er organisert og korleis dei ulike politiske institusjonane fungerer i forhold til kvarandre i ulike land, og om forhold som påverkar forholda mellom land

Ferdigheiter

Kandidaten

kan vurdere korleis historie vert brukt i media og i politikken

kan reflektere kring utvalde politiske problemstillingar

kan drøfte ulike sosiologiske perspektiv på samfunnet

kan finne kjelder og vurdere metodar som er relevante i kvalitative og kvantitative samfunnsvitskaplege framstillingar

kan orientere seg i relevant faglitteratur

kan gjennomføre enkle komparative analyser

Generell kompetanse

Kandidaten

kan nytte samfunnsfagleg kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder

kan gjennomføre mindre granskingsarbeid og presentere funna i korte analytiske fagtekstar

kan gi ein individuell, skriftleg eller munnleg presentasjon av ei problemstilling

kjenner til korleis nytenking og innovasjonsprosessar påverkar samfunnsutviklinga

kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Innhald

Studiet inneheld emne frå dei tre samfunnfaga historie, statsvitskap og sosiologi. Til saman gir desse emna ei forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet, og kjennskap til ulike teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar om statsutvikling og samfunnsendring. 

Det første emnet, Danning og akademisk handverk - historie, gir ei grunnleggjande innføring i å vera student, i akademisk verksemd, og i historiefaget. Det neste emnet gir studentane kunnskap om korleis historie brukes og forstås i dag. Det siste emnet på hausten handlar om dei klassiske sosiologiske teoriane og perspektiva som har forma mykje av tenkinga i samfunnsfaga generelt. 

På våren møter studentane først to statsvitskaplege emne. Her får ein innblikk i samspelet mellom institusjonar, partisystem og val i ulike land, og i relasjonane mellom landa i den internasjonale politikken. Det siste emnet er eit metodeemne som er bygd opp kring dei ulike stega i ein forskingsprosess, frå utforming av problemstilling og innsamling av data, til analyse av data og tolking av det endelege forskingsresultatet.

Arbeidsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Læringsaktivitetane elles vil vere førelesingar, munnleg presentasjon, skriftlege oppgåver/mappeoppgåver og gruppeoppgåver.  Skriftlege oppgåver blir kommenterte av faglærar eller medstudentar.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Samfunnsfagstudentane går i somme emne saman med historiestudentane og i andre emne saman sosiologistudentane. Nokre av emna blir tilbydd både som campusstudium og nettstudium medan andre emne berre blir tilbydde som campusstudium. 

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen, skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen, og oppgåver av varierande storleik. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.

Organisering

Studiet er bygt opp av dei følgjande obligatoriske emna. Alle emna er på 10 studiepoeng, og dei er bolka slik at ein gjer unna undervisning og eksamen i eitt emne før ein tek til på det neste. På hausten vil det seie at emne 1 går i august–september, emne 2 i oktober–november og emne 3 i november–desember. På våren vil emne 1 gå i januar–februar, emne 2 i februar–mars og emne 3 i april–mai. Nøyaktig periode for bolkane blir fastsett i timeplan og eksamensplan og vil variere noko frå studieår til studieår.

 

Haust (1. semester)

  • Emne 1: SA597 Danning og akademisk handverk - historie (10 studiepoeng)
  • Emne 2: SA603 Historia i samfunnet (10 studiepoeng)
  • Emne 3: SO103 Klassiske sosiologiske perspektiv (10 studiepoeng)

Vår (2. semester)

  • Emne 1: SA589 Politiske institusjonar (10 studiepoeng)
  • Emne 2: SA590 Globaliseringa av verdspolitikken (10 studiepoeng)
  • Emne 3: SA588 Sosiologisk forskingsmetode (10 studiepoeng)