Studieplan - Master i samfunnsfagdidaktikk
Hausten 2013
Mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng og eit sjølvstendig forskingsarbeid (mastergradsoppgåve) på 60 studiepoeng. Mastergradsstudiet i samfunnsfagdidaktikk er retta mot undervisnings- og formidlingsverksemd, t.d. i skuleverket, offentlege og private arkiv, museumsinstitusjonar, media og hjelpe- og bistandsorganisasjonar.
Samfunnsfagdidaktikk vedkjem kva samfunnsfag i vid tyding har som siktemål og hensikt, kva som er legitime grunngjevingar for faget, kva det skal innehalda og kva som er mogelege og gode arbeidsmåtar i didaktisk praksis. Det handlar også om korleis faget virkar i samfunnet, for elevane og kva verknader det har i vidaste tyding. Slik handlar samfunnsfagdidaktikk også om utdanning i relasjon med andre samfunnstilhøve. Fagdidaktikk slik skissert er både normativt og analytisk. Studiet byggjer på ein føresetnad om at fagdidaktikk er nært knytt til dei disiplinane, som skulefaga samfunnskunnskap, geografi og historie er forankra i.
Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid. Studentar i studiet skal gjera seg kjende med innhaldet i studieplanen.
Master i samfunnsfagdidaktikk kvalifiserer for vidare studium på doktorgradsnivå.
Læringsutbytte
Ein kandidat som har fullført ei masterutdanning i Samfunnsfagdidaktikk skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten:
- har inngåande kunnskapar om fagets rolle i høve sentrale samfunnsvitskaplege tema
- har avanserte kunnskapar om globalisering i eit utdanningsperpektiv
- har avanserte kunnskapar om historiemedvit og historiebruk
- har inngåande kunnskapar om vitskapsteori og samfunnsvitskapleg grunnlagsproblematikk
- har inngåande kunnskapar om teoriar og metodar innan samfunnsvitskapleg forsking og samfunnsfagdidaktikk
- har god kjennskap til forskingsetiske problemstillingar
- kan analysere faglige problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie og tradisjoner
- kan nytta kunnskap på nye område innafor samfunnsfaga
Dugleikar
Kandidaten:
- kan nytta teori, metodar og teknikkar tilhøyrande faget i løysinga av vitskaplege problemstillingar
- kan nytta vitskapsteori og fagdidaktisk innsikt på sjølvstendig måte i eiga formidling
- kan nytta forskingsmetodar til produksjon og analyse av empiri
- kan utforma og gjennomføre forskingsprosjekt
- kan utforska og analysera undervisingsverksemd og læremiddel
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan analysere samfunnsfagdidaktiske og skulerelevante samfunnsfaglege problemstillingar
- kan analysere forskningsetiske problemstillingar som vedkjem samfunnsfaget
- kan analysere samfunnsvitskaplege framstillingar og empirisk materiale
- medverke til fagutvikling og innovasjon i fagdidaktisk praksis gjennom refleksjon over val og haldningar som ledd i utøvinga av yrket
- kan gjere seg nytte seg av kunnskapar og dugleikar på nye område for å gjennomføra vitskapleg forankra arbeidsoppåver og prosjekt
- kan formidla omfattande sjølvstendig arbeid og meistra samfunnsfaget sine uttrykksformer
- kommunisere om faglege problemstillingar innafor samfunnsfagdidaktisk praksis og teori
Innhald
Studiet er organisert som eit institusjonsbasert heiltidsstudium over to år. Dei to åra er eit samanhengande studium der masteroppgåva utgjer det samlande elementet i studieinnsatsen.
Innhaldsmessig består studiet av seks emne. Dei tre fyrste: samfunnsfagleg forsking og litteratur, samfunnsfag i undervisning og formidling og forskingsmetodar og kjeldekritikk, gir studentane kunnskap om samfunnsfaget som vitskapsfag og formidlingsfag. Arbeidet med desse emna gir også ferdigheiter i bruk av teori, metodar og teknikkar, samt øving i munnleg og skriftleg framstilling av problemstillingar tilhøyrande faget. Emna legg også opp til sjølvstendig refleksjon over utforming av eige prosjekt.
I tillegg får studentane høve til ei tematisk spesialisering innan anten historiebruk eller globalisering og utdanning i eit eige emne. Dette gir kunnskapar om faget si rolle på to sentrale felt i samfunnsdebatten.
Val av spesialisering legg føringar for det siste emnet, sjølve masteroppgåva. Gjennom arbeidet med eit sjølvvalt tema utviklar studenten kunnskapar om eit spesifikt temaområdet og teoretisk, metodisk og analytisk kompetanse. Arbeidet med masteroppgåva skal utvikle ei refleksiv haldning til faget.
Semester 1:
- Emne 1 (obligatorisk): Samfunnsfagleg forsking og litteratur, 15 sp.
- Emne 2 (obligatorisk) Samfunnsfag i undervisning og formidling, 15 sp.
Semester 2:
- Emne 3 (valemne): Utdanning og globalisering, 15 sp. Emne 4 (valemne): Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk, 15 sp.
- Emne 5 (obligatorisk): Forskingsmetodar og kjeldekritikk, 15 sp.
Semester 3 og 4:
- Emne 6 (obligatorisk): Masteroppgåve, 60 sp.
Første semester:
Emne 1 er obligatorisk. og skal gi ei brei forståing for samfunnsvitskapleg grunnlagsproblematikk, og gjera studenten i stand til å utforme sitt eige masterprosjekt. Emne 2 skal gi eit oversyn over samfunnsfagsdidaktikk og skal løfta fram sentrale utfordringar for fagdidaktisk teori og praksis i vid tyding. Det skal setja studenten i stand til kritisk analyse av samfunnsfaglege framstillingar, inkludert undervisning Studentane må tidleg retta seg inn mot tema og problemstilling for masteroppgåva. Kvar kandidat får tildelt ein rettleiar tidleg i 1. semester. Rettleiingskontrakt blir skriven innan 15. september. Emne 1 og 2 går parallelt, med eksamen i slutten av semesteret.
Andre semester:
Studentane kan velje å ta anten emne 3 eller 4. Desse emna gir djupare kunnskap i kvart sitt fagdidaktiske problemfelt.Emne 3 og 4 går parallelt med emne 5 i andre semester, med eksamen mot slutten av semesteret.. Emne 5 gir studentane kunnskapar og kompetanse i forskingsmetodar. Som Emne 1 er også Emne 5 nært knytt til utforminga av masteroppgåva, og skal munne ut i eit prosjektskisse for den planlagde masteroppgåva. Denne skissa skal presenterast munnleg og inngår som del av seksjonen sitt faglege seminar.
Tredje og fjerde semester:
Studentane skriv og får rettleiing på masteroppgåva. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane gjere bruk av kunnskapar og dugleikar tileigna gjennom det første året. Masteroppgåva skal representere både faget si bredde og djupn, samt studentens individuelle kompetanse. Normalt vil det tredje semesteret involvera datainnsamling / feltarbeid i Noreg eller i utlandet.
Gradsnemning
Studiet fører fram til "Master i samfunnsfagdidaktikk" ("Master of social science education").
Opptakskrav
Opptaksgrunnlaget for master i samfunnsfagdidaktikk er bachelorgrad og 60 eller 80 studiepoeng i samfunnsfag:
- tre år av allmennlærarutdanning som inkluderer obligatorisk del (120 studiepoeng) og minst 60 studiepoeng samfunnsfag
- tre år av grunnskolelærar- / førskolelærarutdanning og minst 60 studiepoeng samfunnsfag
- Disiplinbasert bachelorgrad frå universitet eller høgskule med minst 80 studiepoeng samfunnsfag
Samla karakter for 60/80 studiepoengsfordjuping må være C, 2.7, tilfredsstillande eller betre for å kvalifisere til opptak.
Studiet vil kunna gå inn som fjerde og femte år i ei femårig lærarutdanning (GLU / ALU). Masterstudiet kan også takast som vidareutdanning etter fullført lærarutdanning.
Søkjarar vil bli rangert i høve til høgskolens forskrift om opptak til mastergradsstudier og videreutdanninger (vedlegg 7).
Praksis
I høstsemesteret 1. studieår inngår en praksisperiode på 15 dager. Praksis er en integrert del av studiet. Det blir lagt vekt på helhet og sammenheng mellom teori- og praksisstudier i nært samspill med partnerskolene. Praksis er læringsarena på linje med høgskolen.
Studentene skal derfor - enkeltvis eller i grupper - planlegge, gjennomføre og vurdere undervisningsopplegg i faget i skolen. Slike opplegg skal forberedes faglig og didaktisk, gjennomføres og bearbeides i samarbeid med praksislærere ved våre partnerskoler og høgskolens lærere.
Arbeidsoppgaver for studenten i forbindelse med praksisopplæringen er å lage planleggingsdokumenter, svare på praksisoppgaver, føre praksislogg, skrive refleksjonsnotat og gjennomføre selvevaluering.
Se ellers felles plan for praksis som gjelder grunnskolelærerutdanningen ved HiB.
Arbeidsformer
Eit studium som kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid, krev at studentane tek sjølvstendig og aktivt ansvar for eiga læring. Undervisninga blir organisert gjennom forelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing og studentrespons. Det blir lagt vekt på å etablere felles møtestader for diskusjon og samarbeid mellom studentar. Oppgåve- eller essayskrivinga vil i stor grad ta utgangspunkt i teoretiske og forskingsmetodiske problemstillingar knytt til masteroppgåva. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus.
Vurderingsformer
Både munnleg og skriftleg eksamen vil verta nytta. Det vil vera ekstern sensur på all vurdering.