Hopp til innhald

Studieplan - Master i samhandling og folkehelse

Hausten 2024

Folkehelse handlar om helsetilstanden til befolkninga og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. Master i samhandling og folkehelse er ein tverrfagleg master som gir kompetanse til å arbeide med folkehelsa i framtida.

Befolkninga er meir heterogen, med auka kulturell og sosioøkonomisk ulikskap. Den eldre befolkninga aukar, rusvanskar og psykiske lidingar i befolkninga aukar, det gjer også pågangen til barnevernet. Mange av desse gruppene har komplekse tenestebehov. Andre grupper som har behov for langvarige og samansette tenester kan vere barn og unge med ulike typar vanskar, og menneske med utviklingshemming.

Folkehelsearbeidet skal bidra til å redusere sosiale skilnader i helse og sikre deltaking og inkludering for alle. Gode fellesskapsløysingar med ei inkluderande og helsefremjande innretting skal prege alle sektorar og tenester.

Masterprogrammet har søkjelys på korleis organisere og setje i verk tiltak for å bevare og forbetre helsa til befolkninga på eit strukturelt nivå og på korleis samhandlinga i folkehelsearbeidet omkring kvar enkelt brukar kan gå føre seg.

Komplekse samanhengar og høge krav til kvalitet og innovasjon i tenestene set krav til kunnskap og kompetanse. Master i samhandling og folkehelse omhandlar helsefremmande og folkehelsefaglege problemstillingar og baserer seg på profesjonskunnskap og på samfunnsvitskapeleg og helsevitskapleg kunnskap. Studiet kvalifiserer til brukar retta arbeid og til fagleiing og innovasjon i kommune- og spesialisthelsetenesta samt arbeid i offentleg forvaltning og i rådgivingstenester.

Studiet gjev kompetanse til å:

  • Sette i verk, leie og evaluere innovasjon og tenesteutvikling retta mot ulike brukargrupper.
  • Leie, koordinere og tilrettelegge for samanhengande og heilskaplege tenester til brukarar med langvarige og samansette behov.
  • Arbeide helsefremmande og førebyggande med brukarar med langvarige og samansette behov.
  • Legge til rette for brukarmedverknad

Studiet rettar seg mot personar med nyleg avslutta bachelorutdanning og yrkesutøvarar som arbeider med, eller samarbeider om, helsefremmande og folkehelsefaglege problemstillingar på ulike nivå, som til dømes sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar, barnevernspedagogar, andre pedagoggrupper, ergoterapeutar, fysioterapeutar eller personar med anna relevant samfunnsfagleg- eller idrettsfagleg utdanning.

Kandidatane kvalifiserer seg for ledande stillingar innan fagutvikling i helseføretak eller kommunar innan ulike sektorar, til dømes sosial – barnevern – og NAV-tenesta, helsetenesta, utdanning og ulike aktivitets- og treningstilbod.

Studiet er bygd opp av obligatoriske og valfrie emne. Studiet tilbyr valfrie emne med fordjuping innan tenester til barn og unge, eldre, ulike somatiske tilstandar, psykisk helse- og rusarbeid, e-helse og velferdsteknologi og rettleiing.

Opptakskrav

Opptakskrav Master i samhandling og folkehelse:

  • Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, samfunnsfag, folkehelse, idrett eller pedagogiske fag.

Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

Søkjarar rangerast i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori, metode og etikk
  • har avansert kunnskap om samspelet mellom pasient/brukar, hjelpeapparatet og dei sosiale omgjevnadane
  • har inngåande kunnskap om velferdspolitiske krav og føringar, og forvaltning av desse
  • har inngåande kunnskap om tenesteutvikling og innovasjon
  • har avansert kunnskap om folkehelse

Ferdigheiter:
Kandidaten...

  • kan igangsette og samordne tiltak i samhandling med pasientar/brukarar med samansette tenestebehov frå ulike sektorar
  • er brukar-, ressurs- og løysingsorientert i utvikling og gjennomføring av individualiserte tilbod
  • kan analysere situasjonen, og identifisere og prioritere relevante tiltak relatert til pasient/brukargrupper med både kortvarige og langvarige og samansette hjelpebehov
  • kan forstå og stille seg kritisk til eksisterande kunnskap i lys av grunnleggjande verdiar som respekt og retten til å bestemme sjølv
  • kan skape og leie fleirfaglege koordinerings- og innovasjonstiltak både innan og på tvers av etatar med mål om å utforme pasient/brukarsentrerte og heilskaplege tenestetilbod

Generell kompetanse:
Kandidaten....

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande lover og vitskaplege og forskingsetiske normer og formidle kunnskap frå dette
  • kan arbeide analytisk og lede innovasjon og tenesteutvikling
  • kan bidra med kunnskapsbaserte argument i velferdsdebatten knytt til fagfeltet samhandling og folkehelse
  • har kvalifikasjonar for vidare forskarstudium

Arbeidsformer

Studiet baserer seg på arbeids- og læringsformer som fremjar studentaktivitet. Døme på dette er ressursførelesingar og dialogbasert undervisning, ulike former for gruppearbeid, seminar og skriftlege oppgåver med krav til refleksjon og analyse. I tillegg til planlagde læringsaktivitetar må studentane sette av tid til fordjuping i pensum litteratur og til skriftlege oppgåver.

HVL nyttar nettbasert læringsverktøy som plattform for læring og kommunikasjon gjennom studiet. Informasjonskompetanse vil bli vektlagt, og studentane vil, som registrerte brukarar av høgskulen sitt datasystem, få tilgang til biblioteket sine ressursar med ulike databasar for nasjonale, nordiske og internasjonale tidsskrift, samt elektroniske databehandlingsverktøy.

Studentane vil få rettleiing ved skriftlege arbeid. Nærare beskriving går fram i omtalane av dei ulike emna.

Vurderingsformer

Obligatoriske læringsaktivitetar må vera gjennomførte og godkjende før ein framstiller seg til eksamen (jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 8.4). Kvart emne har obligatoriske læringsaktivitetar som kjem fram av emneomtalane.

I studiet vert det nytta ulike vurderingsformar. Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering. Type sluttvurdering går fram av emneplanane.

Det vert nytta bokstavkarakterar (A – F) i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneomtalen.

Krav til studieprogresjon

Studenten kan ikkje levere masteroppgåva for sluttvurdering før alle andre emne er fullførte.

Internasjonalisering

Alle emne har ein tydeleg internasjonal profil. Dette kan mellom anna omfatte bruk av relevant engelskspråkleg litteratur, drøfting av internasjonale faglege problemstillingar i dei ulike emna og undervisning av internasjonale gjesteførelesarar. Studentar har høve til å få internasjonal erfaring i løpet av utdanninga, i semester 3. Høgskulen på Vestlandet har samarbeid med fleire universitet i utlandet.

Organisering

Alle emna, unnateke valfrie emne, er basert på felles undervisning. Studenten kan ta 15 eller 30 studiepoeng valfrie emne som er tverrfaglege eller meir spesifikt retta mot ein sektor. Studenten kan frå fritak frå obligatoriske eller valfrie emne på bakgrunn av tidlegare gjennomførte fagleg relevante emne på masternivå.

Studentar med valemne på 15 studiepoeng skriv masteroppgåve på 45 studiepoeng, og dei med valemne på 30 studiepoeng skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng. Masteroppgåva kan skrivast ved at to studentar skriv saman eller individuelt. Målet med masteroppgåva er at studentane kan planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt knytt til eit avgrensa problemområde. Studentane skal få erfaring med å hente inn, handtere, diskutere og formidle datamateriale. Dei skal som ledd i dette forskingsarbeidet få forståing for kunnskapsutvikling gjennom analyse, refleksjon og fortolking. Det blir lagt vekt på at studentane er bevisste på si handtering av forskingsetiske problemstillingar. Som førebuing til dette sjølvstendige arbeidet får studentane rettleiing i å planlegge eit prosjekt. Vidare skal dei gjennom emnet MAMET 1SF få inngåande kunnskap om vitskapsteoretisk analyse og refleksjon, og kva som er det særeigne ved dei metodane ein nyttar for å samle inn vitskapleg kunnskap. Studentane skal delta på obligatoriske masterseminar med framlegg og opposisjon, og dei får rettleiing under skriving av masteroppgåva.