Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i skulefritidspedagogikk

Hausten 2024

Skulefritidsordninga (SFO) er ein viktig stad der barna kan oppleve venskap, trivsel, meistring, leik og glede. I 2021 vart nasjonal rammeplan for SFO vedteken som forskrift til opplæringslova. Føremålet med rammeplanen var å løfte SFO i retning av å bli meir inkluderande og likeverdig, uavhengig av kvar ein bur i landet. Rammeplanen for SFO byggjer praksisen sin på grunnleggjande verdiar som er felles både i føremålsparagrafane til barnehage og skule.

Verdigrunnlaget skal vere mangfald og inkludering, skaparglede, engasjement og utforskartrong, demokrati og fellesskap, samt «Berekraftig utvikling». Vidare skal SFO ha fokus på inkludering, leik, kunst- og kulturaktivitetar, mat og måltidsglede og fysisk aktivitet og rørsleglede.

Sidan det er mange elevar på dei lågaste klassetrinna som tilbringer mange timar på SFO, er det særs viktig at dei tilsette har høg kompetanse om kva SFO er og kan vere, i tillegg til at dei er godt kjende med skulen sitt mandat og utfordringar. Bachelor i skulefritidspedagogikk ved HVL byggjer difor på rammeplan for SFO og skal ruste dei tilsette til implementering av denne. Det er òg vanleg for tilsette i SFO å arbeide med dei same elevane i skulen, ofte med elevar som treng ekstra tilrettelegging etter §5 i opplæringslova. I Bachelor i skulefritidspedagogikk vil det difor leggjast vekt på heilskap og samanheng mellom verdigrunnlag, leik, læring, spesialpedagogikk, fritidspedagogikk, kunst- og kulturaktivitetar, mat og måltid, fysisk aktivitet og rørsleglede, og praksis og leiing. Utdanninga kvalifiserer for fritidspedagogisk arbeid i skulefritidsordninga og oppfølging av Rammeplan for SFO med særleg fokus på praktiske og estetiske fagområde. Ho kvalifiserer òg for arbeid som pedagogisk medarbeidar i skulen, spesielt knytt til å yte assistanse for elevar med ulike utfordringar. Skulefritidspedagogikken skal supplere og komplettere det øvrige pedagogiske tilbodet i skuledagen, og skal bidra til å støtte opp om barna sin heilskaplege utvikling og læring. Gjennom teori og praksis ønskjer utdanninga å ha barnet sitt beste i sentrum.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, men det er òg mogleg å søkje opptak med utgangspunkt i realkompetanse. Døme på dette kan vere barne- og ungdomsarbeidarfag eller tilsvarande utdanning.

Det er krav om politiattest for denne utdanninga.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten...

  • har kunnskap om barns væremåtar, behov for omsorg, tryggleik, trivsel, tilhøyrsle og anerkjenning, og om korleis dette heng saman med deira interesser, føresetnader og livserfaringar.
  • har kunnskap om aktuelle teoriar og forsking om utvikling, leik, læring og danning hos barn i alderen 6-10 år, og om samanhengar mellom desse.
  • har kunnskap om sentrale tema som heilskapleg utvikling og læring, helsefremjande aktivitet og inkluderande fellesskap.
  • har brei kunnskap om sentrale fritidspedagogiske teoriar som er relevante for skulefritidsordninga.
  • har grunnleggjande kunnskap om styringsdokument og den historiske utviklinga av fritidspedagogisk verksemd.
  • har brei kunnskap i praktiske og estetiske læringsprosessar og arbeidsmåtar, materiale, verktøy og teknologi i dans, drama, musikk og forming (kunst og handverk).
  • har kunnskap om relevant forsking og teori i fritidspedagogikk, praktiske og teoretiske læringsprosessar, som omfattar forskingsmetodar, vitskaplege tenkemåtar og etikk.

Ferdigheiter

Kandidaten...

  • kan skape inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, utforsking, skaparglede og leik.
  • kan skape inkluderande og helsefremjande leike- og læringsmiljø som bidreg til gode utviklingsprosessar.
  • kan leggje til rette for fysisk aktivitet, leik, måltidsglede, kultur og fritidsaktivitetar som er tilpassa barn i ulik alder og med ulike funksjonsnivå.
  • kan nytte ulike arbeidsmåtar for å ivareta og inkludere mangfald av språk, uttrykksformer og kulturar i leik og læring i SFO og skule.
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing.

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • kjenner til fritidspedagogen sin betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barns praktiske og estetiske læringsprosessar.
  • kan samarbeide tverrfagleg med aktørar som er involverte rundt barnet og skape gode relasjonar mellom SFO, skule og heim.
  • kan saman med kollegaer reflektere over tema som er relevante for praksis.
  • kan leggje til rette for aktivitet og deltaking ut frå det einskilde barnet sine føresetnader.
  • kan setje seg inn i, formidle og kommunisere fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til arbeid i SFO og skule.

Innhald

Bachelor i skulefritidspedagogikk er ei utdanning på 180 studiepoeng som blir tilbydd som eit nett- og samlingsbasert studium over fire år. Utdanninga vil bli gitt som tilbod på campusane i Bergen, Sogndal og Stord, ved at til dømes samlingane rullerer mellom campusane eller at samlingane blir haldne på fleire campus. Studiet er bygd på rammeplanen for SFO og har som mål at studentane skal få breiddekompetanse innan dei aktuelle fagområda, samtidig som det gir djupnekunnskap innanfor skulefritidsordninga sitt verdigrunnlag, leik og læring, fritidspedagogiske arbeidsmåtar, spesialpedagogikk og praktiske og estetiske fagområde. Kunst- og kulturaktivitetar vil bli særleg vektlagde. Dette legg vidare grunnlaget for bacheloroppgåva i 8. semester, der studentane fordjupar seg i eitt tema. Studentane skal kunne arbeide og leggje til rette for varierte aktivitetar som ivaretek mangfald av uttrykksmåtar, utfalding og barns helse, trivsel, samhandling og læring, både i SFO og i skulen. Utdanninga består difor av 16 ulike obligatoriske emne der valfridomen for fordjuping ligg nettopp i dei obligatoriske læringsaktivitetane og arbeidet med bacheloroppgåva.

Studiet legg stor vekt på heilskap og samanheng, og organisasjonsutvikling er eit gjennomgåande tema. Dette kjem til uttrykk i faga som handlar om leiing, inkluderande leike- og læringsmiljø, spesialpedagogikk, estetiske fag, skaparglede, mat, helse og fysisk aktivitet. Utdanninga vil i særleg grad kvalifisere for eit meiningsfylt og spennande praksisfelt med ein variert kvardag i skulefritidsordninga og i skulekvardagen.

Praksis

Det er seks praksisperiodar på til saman 19 veker. Praksis vil som hovudregel bli gjennomført i samanhengande praksisperiodar, men med opning for noko punktpraksis i delar av utdanninga (heile dagar spreidde over eit større tidsrom).

Praksis skal vere variert, rettleidd og vurdert, og skal gå føre seg i skulefritidsordninga (70 %) og i skulen (30 %). Det blir lagt til rette for at studentane kan ha praksis i utlandet.

Praksisperioden skal innehalde ein førebuingsdel, ein gjennomføringsdel og ein evalueringsdel. Emneplanane skildrar innhaldet i praksisperiodane. Praksis i to semester eller eventuelt fleire kan gjennomførast på eigen arbeidsplass dersom ein allereie er tilsett i SFO/skule. Praksis er ein obligatorisk del av bachelor i skulefritidspedagogikk.

Arbeidsformer

Studiet er organisert som eit samlingsbasert studium og har ein kombinasjon av fysiske samlingar og nettundervisning. Det er lagt opp til tre fysiske samlingar på 2–3 dagar i semesteret. Dei fysiske samlingane har ei viktig rolle i å etablere eit godt læringsmiljø og identitet som HVL-student.

Samlingane skal òg ivareta praktisk-metodiske sider ved emna. For dei praktisk-estetiske faga er det viktig å gi studentane moglegheita til å prøve ut ulike aktivitetar og metodar og få rettleiing av faglærarar. I semester med praktisk-estetiske emne vil desse bli prioriterte.

Samlingane vil vere prega av studentaktive læringsformer som praktisk framføring, verkstadarbeid, utstilling, musisering, men òg førelesingar, rettleiing, akademisk skriveseminar, workshops og studentaktivitetar som styrker læringsmiljøet.

Nettbaserte samlingar består av ulike undervisningsformer og arbeidsmetodar. For kvart emne blir det laga ein eigen modul på Canvas som gir oversikt over pensum, obligatoriske læringsaktivitetar, eksamen og fagrelatert praksis. I kvart emne blir det lagt ut undervisningsmateriale i form av blant anna innspelte førelesingar, podkastar og diskusjonstrådar.

Ulike undervisningsformer som flipped classroom, artikkelseminar, studentpresentasjonar eller fagsamtalar kan òg nyttast. Det blir gitt minst éin skriftleg tilbakemelding på ein obligatorisk læringsaktivitet i kvart emne, der fokuset er delt på fagleg tilbakemelding og akademisk skriving. Eit godt læringsmiljø er ein sentral faktor for studentane sin progresjon, trivsel og gjennomføringsevne. For å ivareta studentane blir dei delte inn i kollokviegrupper der dei får både formell og uformell rettleiing og støtte.

Obligatoriske læringsaktivitetar er skildra i emneplanane til kvart enkelt emne.

Vurderingsformer

Studiet nyttar følgjande vurderingsformer: praktiske eksamenar, mappevurdering, munnleg eksamen, skuleeksamen, heimeeksamen og oppgåve.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for utveksling i 4. semester. Det vil vere moglegheiter for praksisopphald i utlandet utover dette.

Kvifor utveksling?
Eit utvekslingsopphald vil gi deg interkulturell kompetanse, moglegheit for fagleg spesialisering og personleg vekst. Tilgang til eit kompetansemiljø utanfor Noreg vil vere nyttig for både deg som student og for fagmiljøet her heime.

Ordning for utvekslinga:
Utveksling i SFO-bachelorgraden vil skje med Linnéuniversitetet i Kalmar, eller med andre institusjonar som HVL har utvekslingsavtalar med, og som tilbyr relevante emne.

Val av emne må passe inn i emna til vertsuniversitetet, så søk om førehandsgodkjenning av emna før du reiser, slik at du er sikker på at emna vil bli innpassa i graden din.

Du kan ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon.