Hopp til innhald

Studieplan - Årsstudium i Sosiologi - ungdomssosiologi, nettstudium

Hausten 2024

Sosiologi handlar om å forstå samspelet mellom individ og samfunn og danning av relasjonar og handlingsmønster innanfor ulike samfunnsområde. Sentrale sosiologiske tema blir formidla gjennom studiar av institusjonar som er viktige for ungdom, og kulturelle trekk ved ungdomsfasen. Ein nyttar faglitteratur som gir eit teoretisk og empirisk grunnlag for ungdomssosiologiske studiar. Studiet presenterer sentrale sosiologiske perspektiv frå klassiske teoritradisjonar til nyare sosiologisk teori og gir innsikt i det vitskaplege grunnlaget for faget.

Dei sosiologiske perspektiva blir utdjupa gjennom døme på konkrete studiar av ungdom. Ein kan forstå ungdomstida som ein livsfase der kvalifisering til vaksenroller er den sentrale livsoppgåva. Denne oppgåva må løysast i samspel med omgjevnader som er prega av auka kompleksitet og raske endringar i dei unge sine sosiale, kulturelle, økonomiske og materielle livsvilkår. Studiar av endringsprosessar som modernisering og globalisering har derfor ein sentral plass.

Spesiell merksemd blir retta mot marginaliseringsprosessar som oppstår gjennom eit auka normpress, hardare konkurranse og endringar i måten samfunnet forstår og handterer utanforskap.

Målgruppa er studentar med interesse for samfunnet generelt og for ungdomskultur og sosiale problem knytt til ungdom som livsfase spesielt. Studiet er relevant for arbeid i offentlig forvaltning, i organisasjonslivet, eller i private foretak. Studiet kan og vere en relevant vidareutdanning for sosialarbeidarar, lærarar og andre yrkesgrupper som arbeider med ungdom.

Læringsutbytte

Etter fullført årsstudium:

Kunnskapar:

Har kandidaten brei kunnskap om sosiologiske omgrep om sosiale mønster, relasjonar og prosessar

Har kandidaten kunnskap om ulikskap knytta til klasse, kjønn og etnisitet.

Har kandidaten kunnskap om «ungdom», som omgrep og som gruppering med historisk skiftande meiningsinnhald, i tillegg til eit utval sentrale ungdomssosiologiske studiar.

Har kandidaten kunnskap om delar av den klassiske sosiologien til Marx, Durkheim og Weber

Kjenner kandidaten til grunnleggjande samfunnsvitskaplege omgrep og analysar knytt oppvekst, modernisering og ulikskap

Ferdigheiter:

Kan kandidaten finne, vurdere og vise til relevant faglitteratur i drøfting av oppgjevne sosiologiske og ungdomssosiologiske problemstillingar

Kan kandidaten finne døme på korleis sosiologien tematiserer samfunnsendring og kva rolle ungdom spelar i desse prosessane

Kan kandidaten reflektere over samspelet mellom ungdom og omgjevnader; frå familien til internasjonale forhold

Kan kandidaten identifisere og vurdere metodebruk i samfunnsvitskaplege framstillingar

Generell kompetanse:

Kan kandidaten formidle og diskutere sentrale utfordringar for ungdom i overgangen frå barndom til vaksenliv

Har kandidaten innsikt i kva roller ungdom tek og blir gjevne i seinmoderne samfunn

Har kandidaten kompetanse til å formidle fagkunnskap ved å skrive sakleg og etterretteleg

Innhald

Studiet er nettbasert og undervisninga vil gå føre seg digitalt. Merksemda i dette studiet er mellom anna retta mot dei unge si integrering/marginalisering i forhold til trygge vaksenroller. Studiet formidlar kunnskap i sosiologisk teori og metode og brukar denne kunnskapen på studiar av ungdom. Fenomen som identitetsdanning og individualisering blir gjeven særskilt merksemd. Sidan stadig meir utdanning er nøkkelen til å erobre trygge vaksenposisjonar, vil skulen og utdanning vere eit viktig tema. Kven meistrar eller kjem i konflikt med skulen? Studenten lærer også om forholdet til familie, vener, fritidsaktivitetar, konsum, rus, kriminalitet og subkultur og kva desse fenomena tyder for integrering i samfunnet.

Studenten får innsikt i dei unge sine oppvekstvilkår i vår eiga samtid og nære fortid. Både klassiske og moderne sosiologiske perspektiv blir formidla, og studenten får grunnleggjande kompetanse i sosiologisk forskingsmetode. Studiet inneheld introduksjon til ei rekkje sentrale sosiologiske emne som utdanning og sosial ulikskap, makt/avmakt, sosiale avvik, etnisitet, kulturkonfliktar, klasse og kjønn. Det er også oppteken av samspelet mellom individ og politiske organisasjonar og system, og av globaliseringsprosessar.

Didaktikk er integrert i studiet gjennom tematisering av sosiologiens historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon, og meir spesielt gjennom å sjå sosiologi som grunnlag for refleksjon over ungdom sin livssituasjon.

Studiet utgjer ei sjølvstendig årseining og tel 60 studiepoeng i ein universitets- eller høgskulegrad. Årsstudiet kan også inngå i bachelorgraden i sosiologi ved HVL.

Arbeidsformer

Undervisninga er lagt opp som førelesingar, seminarundervisning, podcast, skriftlege arbeid og sjølvstudium. Det blir forventa at studentane deltek aktivt i alle undervisningsformer.

Vurderingsformer

Digital skriftleg heimeeksamen, semesteroppgåve, individuell oppgåve med rettleiing, digital munnleg eksamen (sjå under kvar emneomtale). Om ikkje anna er oppgjeve blir det gitt bokstavkarakter på emnet; A - F, der F er ikkje greidd.

Organisering

Følgjande emne inngår i årsstudiet i ungdomssosiologi:

1. semester

SOS110 Danning og akademisk handverk – sosiologi (10 stp)

SOS120 Ungdomssosiologi (10 stp)

SOS 130 Klassiske sosiologiske perspektiv (10 stp)

2. semester

SOS140 Nyare sosiologiske perspektiv (10 stp)

SOS150 Frå ung til vaksen (10 stp)

SOS160 Sosiologisk forskingsmetode (10 stp)