Hopp til innhald

Studieplan - Spesialpedagogikk

Hausten 2018

Læringsutbytte

Studenten har tileigna seg kompetanse, utvikla refleksjonsevne og kritisk tenking i høve til arbeid med barn og unge med særskilte opplæringsbehov. Studenten har:

  • forstått innhaldet i dei viktigaste omgrepa innan det spesialpedagogiske arbeidsfeltet
  • kunnskap om lover og rammer for tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • kunnskap om eit utviklings- og systemorientert perspektiv på spesialpedagogikk
  • kjennskap til ulike grupper barn og unge med særskilte opplæringsbehov
  • utvikla innsikt, haldningar og refleksjonsevne i høve til kva som kan fremje eller hemme læring både på individ- og systemnivå
  • tileigna seg kunnskap om korleis ein kan arbeide med spesialpedagogiske oppgåver i samarbeid med kollegaer, føresette og ulike hjelpeinstansar

Innhald

Studiet byggjer på ei grunnutdanning med pedagogikk. Utdanninga kvalifiserer for arbeid med barn og unge med utfordringar i læring og ulike funksjonshemmingar.

Studiet er bygd opp kring tre hovudtema:

  • Organisatoriske og ideologiske perspektiv
  • Lærevanskar og særskilte behov i eit system- og individperspektiv
  • Didaktikk og spesialpedagogisk verksemd

Praksis

I studiet inngår 3 veker praksis ved t.d. PPT - kontor, skule, barnehage eller anna spesialpedagogisk verksemd. For ei lita gruppe studentar er det høve til å gjennomføre praksis utanfor Norge. Internasjonal praksis går over 4 veker.

Arbeidsformer

Det spesialpedagogiske studiet har ei sterk praksistilknyting og refleksjon mellom teori og praksis er ein viktig del av dette. Arbeids- og undervisningsformene varierer mellom førelesing, gruppe-, prosjekt- og individuelt arbeid, samt litteraturstudiar. Kollokviearbeid vil vere ei arbeidsform som kjem i tillegg til den ordinære undervisningstida. Fronter vert brukt som informasjons- og kommunikasjonshjelpemiddel. Det er lagt opp til ein ekskursjon i løpet av studieåret. Kostnader knytt til turen må dekkast av den einskilde student.

Vurderingsformer

Arbeidskrav

  • To individuelle arbeidskrav  
  • Ein individuell rapport eller grupperapport knytt til praksis
  • Praksis; praksisførebuing, gjennomføring og etterarbeid
  • Gjennomføring av prosjekt i gruppe, utarbeiding av skriftleg prosjektrapport
  • Munnleg framlegging av gruppeprosjekt  

Det er krav om 80% fremmøte til undervisning.

Sluttvurdering

Vårsemesteret:
PE331- PR: Skriftleg grupperapport. Bokstavkarakter A-F. Ved eventuell strykkarakter kan studentane justere oppgåva og levere inn til ny vurdering.
Vekting: 40 %

Vårsemesteret:
PE331- SK: Individuell skriftleg eksamen. Bokstavkarakter A-F.
Tid: 6 timar. Vekting: 60 %

Bokstavkarakter A-F