Studieplan - Spesialpedagogikk
Hausten 2019
Læringsutbytte
Studenten har tileigna seg kompetanse, utvikla refleksjonsevne og kritisk tenking i høve til arbeid med barn og unge med særskilte opplæringsbehov. Studenten har:
- forstått innhaldet i dei viktigaste omgrepa innan det spesialpedagogiske arbeidsfeltet
- kjennskap til lover og rammer for tilpassa opplæring og spesialundervisning
- kunnskap om eit utviklings- og systemorientert perspektiv på spesialpedagogikk
- kjennskap til ulike grupper barn og unge med særskilte opplæringsbehov
- utvikla innsikt, haldningar og refleksjonsevne i høve til kva som kan fremje eller hemme læring både på individ- og systemnivå
- tileigna seg kunnskap om korleis ein kan arbeide med spesialpedagogiske oppgåver i samarbeid med kollegaer, føresette og ulike hjelpeinstansar
Innhald
Studiet byggjer på ei grunnutdanning med pedagogikk. Utdanninga kvalifiserer for arbeid med barn og unge med utfordringar i læring og ulike funksjonshemmingar.
Studiet er bygd opp kring tre hovudtema:
- Organisatoriske og ideologiske perspektiv
- Lærevanskar og særskilte behov i eit system- og individperspektiv
- Didaktikk og spesialpedagogisk verksemd
Praksis
I studiet inngår tre veker praksis ved t.d. PPT - kontor, skule, barnehage eller anna spesialpedagogisk verksemd. For ei lita gruppe studentar er det høve til å gjennomføre praksis utanfor Norge.
Arbeidsformer
Det spesialpedagogiske studiet har ei sterk praksistilknyting og refleksjon mellom teori og praksis er ein viktig del av dette. Arbeids- og undervisningsformene varierer mellom førelesing, gruppe-, prosjekt- og individuelt arbeid, samt litteraturstudiar. Kollokviearbeid vil vere ei arbeidsform som kjem i tillegg til den ordinære undervisningstida.Canvas vert brukt som informasjons- og kommunikasjonshjelpemiddel. Det er lagt opp til ein ekskursjon i løpet av studieåret. Kostnader knytt til turen må dekkast av den einskilde student.
Vurderingsformer
Arbeidskrav
- To individuelle arbeidskrav
- Ein individuell rapport eller grupperapport knytt til praksis
- Praksis; praksisførebuing, gjennomføring og etterarbeid
- Gjennomføring av prosjekt i gruppe, utarbeiding av skriftleg prosjektrapport
- Munnleg framlegging av gruppeprosjekt
Det er krav om 80% fremmøte til undervisning.
Sluttvurdering
Vårsemesteret:
Skriftleg grupperapport. Bokstavkarakter A-F. Ved eventuell strykkarakter kan studentane justere oppgåva og levere inn til ny vurdering.
Vekting: 40 %
Vårsemesteret:
Individuell skriftleg eksamen. Bokstavkarakter A-F.
Tid: 6 timar. Vekting: 60 %
Bokstavkarakter A-F