Studieplan - Tolking i offentleg sektor
Hausten 2021
Tolking i offentleg sektor er eit samlings- og nettbasert studium på 30 studiepoeng over to semester. Studiet passar for deg som er to- eller fleirspråkleg, der norsk er eit av språka, og som ynskjer å bli tolk. Ved bestått eksamen kvalifiserer det til å bli registrert i det nasjonale tolkeregister på nivå 3. Det tas opp studentar i fire språk kvart år.
Studiet dannar grunnlag for opptak til vidare påbyggingsemnar i faget tolking/bachelorutdanninga i tolking i offentlig sektor ved OsloMet.
Tolking i offentleg sektor gir ein praktisk-teoretisk innføring i tolkefaget som førebur studentane på tolking av institusjonelle samtalar i norsk offentleg sektor, der tolking gjør fagpersonar i stand til å informere, rettleie og høyre partane i saker med språkbarriere.
Opptakskrav
For opptak til studiet er kravet generell studiekompetanse eller godkjent realkompetanse. Tospråktesten må være godkjent, eller søkaren må ha godkjent statsautorisasjon som tolk.
Det blir tatt opp studentar til utvalde tolkespråk ved kvart opptak og det er eit begrensa antal studentar i kvar språkgruppe. Ved mange søkarar til eit språk vil statsautoriserte tolkar bli prioritert. Søkarar utan statsautorisasjon som tolk blir rangert på bakgrunn av resultatet på Tospråktesten.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Kandidaten har kunnskaper om
- tolkeprofesjonen og yrkesetikk
- tolkens ansvarsområde
- institusjonelle samtalar
- fagterminologi innen utvalgte fagområder innen offentleg sektor
- tolketeknikk
Ferdigheiter
Kandidaten har ferdigheiter i
- å reflektere over og vurdere etiske utfordringar og egen rolle i praksis
- ulike språkkoder, tolketeknikkar og tolkemetodar
- å kunne inngå i relasjonar med tolkebrukarar, tolkar og andre profesjonsutøvarar
Generell kompetanse
Kandidaten har generell kompetanse i
- ulike yrkesetiske problemstillingar ved tolkeyrket
- å opptre profesjonelt
- å reflektere over egen praksis og tolkens rolle i samfunnet
- arbeid med terminologi
Innhald
Studiet er organisert med tre samlingar à to dagar (fredag og laurdag) kvart semester. Mellom samlingane blir det 10 nettundervisningar per semester på vekedagar mellom kl 18-20. Plan for førelesningane vil angi dato for undervisninga, og vil være tilgjengeleg i god tid før studiestart.
Arbeidsformer
Undervisninga er organisert med forelesningar og gruppearbeid. Det blir forventa aktiv deltaking i undervisninga. Opptak av egen tolking, kasusstudium eller besøk i offentleg sektor dannar grunnlag for refleksjon over tolkens rolle og tolkeyrkets utfordringar. Studentanes eigne erfaringar som tolk vil være verdifulle bidrag til undervisninga. For å delta på nettundervisning må studentane ha tilgang til datamaskin og internett.
Vurderingsformer
Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.
Krav til studieprogresjon
Eksamen i «Tolking i offentlig sektor 1» må være bestått for å ta eksamen i «Tolking i offentlig sektor 2».