Studieplan - Tolking i offentleg sektor
Hausten 2024
Tolking i offentleg sektor er eit samlings- og nettbasert studium på 30 studiepoeng over to semester. Studiet passar for deg som er to- eller fleirspråkleg, der norsk er eit av språka, og som er eller ynskjer å bli tolk. Ved bestått eksamen er du kvalifisert til å bli oppført i det nasjonale tolkeregister i kategori D.
Studiet dannar grunnlag for opptak til vidare påbyggingsemnar i faget tolking ved HVL eller OsloMet og bachelorutdanninga i tolking i offentlig sektor ved OsloMet.
Dette studiet gjer ein praktisk-teoretisk innføring i tolkefaget som førebur studentane på tolking av institusjonelle samtalar i norsk offentleg sektor, der tolking gjer fagpersonar i stand til å informere, rettleie og høyre partane i saker med språkbarriere.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Kandidaten
- har kjennskap til tolkeprofesjonen og yrkesetikk
- har kunnskap om tolkens ansvarsområde og tolketeknikk
- kjenner til forhold ved institusjonelle samtalar
- har kunnskap om fagterminologi innen utvalgte fagområder innen offentleg sektor
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan reflektere over og vurdere etiske utfordringar og egen rolle i praksis
- kan anvende ulike språkkoder, tolketeknikkar og tolkemetodar
- kan inngå i relasjonar med primærdeltakarar, tolkar og andre profesjonsutøvarar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan reflektere rundt ulike yrkesetiske problemstillingar ved tolkeyrket
- kan opptre profesjonelt
- kan reflektere over egen praksis og tolkens rolle i samfunnet
- kan arbeide med og oppdatere terminologi
Innhald
Studiet er organisert med tre samlingar med fysisk oppmøte à to dagar (fredag og laurdag) kvart semester. Mellom samlingane blir det 8-10 nettundervisningar per semester på tirsdagar mellom kl 18-20. Plan for førelesningane vil angi dato for undervisninga, og vil være tilgjengeleg i god tid før studiestart.
Arbeidsformer
Undervisninga er organisert med forelesningar og gruppearbeid. Det er krav om 80 % deltaking i all studentaktiv undervisning. Opptak av egen tolking, kasusstudium og/eller eigne erfaringar dannar grunnlag for refleksjon over tolkens rolle, tolketeknikk og tolkeyrkets utfordringar. Studentanes eigne erfaringar som tolk vil vere verdifulle bidrag til undervisninga. For å delta på nettundervisning må studentane ha tilgang til datamaskin og internett.
Vurderingsformer
Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.
Krav til studieprogresjon
Eksamen i «Tolking i offentlig sektor 1» må være bestått for å ta eksamen i «Tolking i offentlig sektor 2».