Studieplan - Master i undervisningsvitenskap
Hausten 2015
Masterstudiet i undervisningsvitskap ved Høgskolen i Bergen kvalifiserer til undervisningsarbeid på ulike nivå i utdanningssystemet. Studiet plasserer undervisning som den grunnleggjande profesjonelle aktiviteten i læraryrket. Det er denne aktiviteten, slik den konkret blir gjennomført og slik den teoretisk kan beskrivast, som gir perspektiv til og set rammene for studiearbeidet. Studium av undervisning vil innebere å skaffe seg kunnskap om korleis ein planmessig og systematisk legg til rette for at elevar kan lære, korleis ein legg til rette for tileigninga og bruken deira av kunnskap og korleis ein handlar for å fremje danning. Undervisningsomgrepet impliserer på denne måten det komplementære omgrepet læring.
I studiet vel studenten eit fagområde for fordjuping og spesialisering. Dette kan vere fagfordjuping i engelsk-, norsk-,eller matematikk - didaktikk, eller det kan vere fagfordjuping i pedagogikk. Dette fagvalet avgjer kva for fag sjølve masteroppgåva skal skrivast innanfor.
Normert studietid for mastergraden er 2 års fulltidsstudium, som tilsvarer 120 studiepoeng. Dei innleiande fellesemna utgjer 45 sp og den fagspesifikke delen 75 sp. Dei to åra er eit samanhengande forløp, der masteroppgåva utgjer den samlande og mest omfattande studieinnsatsen. Studiet stiller store krav til sjølvstendig arbeid.
Masterstudiet er profesjonsbasert med grunnlag i allmennlærarutdanning, grunnskolelærarutdanning eller førskolelærarutdanning. Det tar utgangspunkt i den faglege og fleirfaglege kompetansen og interessa studentane har med seg som opptaksgrunnlag for masterstudiet. Eit anna utgangspunkt er den pedagogiske og didaktiske kompetansen dei har med seg frå grunnutdanninga. Dette gir studentane kunnskap om og dugleik i å leie barn og unge i læringsprosessar. Samtidig vil studiet formidle det perspektivet at fag og praksis både er integrerte i kvarandre og i ein kulturell, samfunnsmessig og institusjonell samanheng. Studiet har dermed ein allmenn kulturell danningsdimensjon.
Skole og barnehage er i konstant endring. Slik endring er både styrt og ikkje-styrt. Lærarar må ha endrings- og utviklingskompetanse for å kunne reflektere over og forandre eigen undervisningspraksis, og for å yte sitt til skolen eller barnehagen som lærande organisasjon. I tillegg treng læraren medvit om at i tillegg til skole og barnehage finst det mange andre arenaer der barn og unge konstruerer kunnskap og identitet. Læraren treng også sosial kompetanse for å kunne samarbeide og kommunisere med barn og unge, føresette og kollegaer, og yrkesetisk kompetanse for å kunne reflektere over val og holdningar som profesjonell yrkesutøvar. At skole og barnehage finst i eit fleirkulturelt samfunn, set alle dei kompetanseområda som her er nemnde, inn i ein ny samanheng.
Studentar ved studiet skal gjere seg kjende med innhaldet i studieplanen.
Læringsutbytte
Etter fullført studium skal studentene kunne:
- arbeide med fagutvikling
- vise bred orientering og evne til refleksjon på det fagdidaktiske feltet
- kjenne til og bruke kunnskap i vitenskapsteori, forskningsmetoder og akademisk tekstarbeid på selvstendig måte i egen forskning og formidling
- vise kunnskap om og innsikt i karakteristiske trekk ved undervisningsvirksomhet og lærerarbeid: vilkår og rammer, organisering, tilrettelegging og gjennomføring
- utforske og analysere undervisningsvirksomhet og læringsmiljø i skole / barnehage i tråd med gjeldende forskningsetiske normer
- beskrive og resonnere omkring endringsprosesser i skole / barnehage, deres forløp og årsaker og hvordan slike prosesser kan initieres
- reflektere over valg og holdninger som en del av sin yrkesetiske profesjonskompetanse
For Masteravhandlingen :
Læringsutbytte
Kunnskaper
Etter avslutta studium skal studenten ha kunnskaper om
- vitenskapstradisjoner, med særlig vekt på teorigrunnlaget som er valgt for eget studie
- forskingsmetodiske tradisjoner, med særlig vekt på metodologiske valg for eget studie
- hvordan vitenskapelige perspektiv gir grunnlag for analyser av et datamateriale knyttet til eget masterstudie, men også utover eget studie
- forskningslitteratur og publiseringskanaler relevant for eget studie
- forskningsetiske problemområder og retningslinjer
- vitenskapelige sjangre (essay, artikkel, avhandling)
Ferdigheter
Etter avsluttet studium kan studenten
- beskrive og kritisk drøfte interessefeltet masteravhandlingen undersøker
- beskrive vitskapstradisjonen en har plassert seg i gjennom eget studie, også i kontrast til andre tradisjoner
- argumentere kompetent for eget metodevalg
- drøfte annet forskningsarbeid, også knytt til forskningsetiske problemstillinger
- formulere tekst om et didaktisk saksfelt, rettet mot praksisfeltet og mot forskermiljø
Generell kompetanse
Etter avsluttet studium kan studenten
- orientere seg i praksisfeltet og være orientert i forskningstradisjoner.
- se potensiale for utviklingsarbeid og ny forskning
- fremme forskningsbaserte diskusjoner og forskningssamarbeid i barnehage og skole
Arbeidsformer
Eit studium som kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid, krev at studentane tek sjølvstendig og aktivt ansvar for eige læringsforløp. Undervisninga blir organisert gjennom forelesingar, gruppearbeid, praksisobservasjon, prosjektarbeid, seminar med presentasjonar, oppgåveskriving, rettleiing og studentrespons. Det blir lagt vekt på å etablere felles møtestader for diskusjon og samarbeid mellom studentar med ulike fordjupingsfag. Oppgåve- eller essayskrivinga vil i fleire tilfelle ta utgangspunkt i mindre, problemorienterte prosjekt der studentane prøver ut forskingsmetodiske arbeidsprinsipp. Slike prosjekt kan prøve ut aspekt ved problemstillinga i masteroppgåva. Det blir lagt opp til at arbeidet med masteroppgåva skal starte tidleg i studiet, og ha kontinuerleg fokus. I masteroppgåveseminara vil studentar presentere eige prosjekt i tillegg til at dei er kommentatorar til framlegg frå medstudentar.
Opptaksgrunnlag
Opptaksgrunnlaget for master i undervisning er
- tre år av allmennlærarutdanning/grunnskolelærarutdanning som inkluderer obligatorisk del (120 studiepoeng) og minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
- treårig førskolelærarutdanning og dessutan minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
- to-, tre- eller fireårig lærarutdanning. Minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
- lærarutdanning med cand. mag.- eller bachelorgrad frå universitet eller høgskule med minst 60 studiepoeng i eitt av fordjupingsfaga i master i undervisning
Samla karakter for 60-studiepoengsfordjuping eller tilsvarande må være C, 2.7, tilfredsstillande eller betre for å kvalifisere til opptak.
Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. Søkjarane må gi opp kva for eit 60-poengsfag dei vil arbeide vidare med i masterstudiet.
Søkjargrupper
Sidan studiet er lagt opp tverrfagleg, vil søkjarane bli delte inn i søkjargrupper etter val av fordjuping. Styret bestemmer kor mange studentar som skal takast opp i kvar enkelt søkjargruppe.
Søkjarar i same søkjargruppe konkurrerer innbyrdes. Dersom ei søkjargruppe ikkje blir fylt opp, kan styret bestemme at studenttalet i ei anna søkjargruppe skal aukast tilsvarande.
Søkjarane får ventelisteplass innanfor eiga søkjargruppe.
Styret kan bestemme at nokre studieplassar skal reserverast for utanlandske søkjarar.
Rangeringsreglar
Søkjarar vil bli rangert i høve til høgskolens forskrift om opptak til mastergradsstudier og videreutdanninger (vedlegg 7).
Opptakskomité
Opptakskomiteen består av representantar frå studieadministrasjonen og dei faglege tilsette. Opptakskomiteen vurderer og tar stilling til skjønnsmessige sider ved søknader.
Master i undervisning kvalifiserer for vidare studium på doktorgradsnivå.
Gradsnemning
Studiet fører fram til "master i undervisningsvitskap" ("Masters in Education"). På vitnemålet vil fordjupinga bli påført, slik at det der vil heite
- "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i engelsk fagdidaktikk" ("Masters in Education with English Didactics")
- "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i matematikk fagdidaktikk" ("Masters in Education with Mathematics Didactics")
- "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i norsk fagdidaktikk" ("Masters in Education with Norwegian Didactics")
- "Master i undervisningsvitskap med fordjuping i pedagogikk" ("Masters in Education with Pedagogy").
Mål
Studiet skal gi studenten vitskapleg basis for å styrke eiga kompetanseutvikling og spesialisering, for forskings- og utviklingsarbeid knytt til undervisning, og for opptak til forskarutdanning.
Studentane skal arbeide med å tileigne seg eit samansett omgrep om undervisning, som dei i løpet av studiet skal utdjupe og konkretisere i ulike fagkontekstar, avhengig av fordjupingsval.
Studentane skal gå ut av studiet med styrkt kompetanse for læraryrket.
Studentane skal kunne
- arbeide med fagutvikling
- vise brei orientering og evne til refleksjon på det fagdidaktiske feltet.
- kjenne til og bruke kunnskap i vitskapsteori, forskingsmetodar og akademisk tekstarbeid på sjølvstendig måte i eiga forsking og formidling
- vise kunnskap om og innsikt i karakteristiske trekk ved undervisningsverksemd og lærararbeid: vilkår og rammer, organisering, tilrettelegging og gjennomføring
- utforske og analysere undervisningsverksemd og læringsmiljø i skole / barnehage i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- beskrive og resonnere omkring endringsprosessar i skole / barnehage, deira forløp og årsaker og korleis slike prosessar kan initierast
- reflektere over val og holdningar som del av sin yrkesetiske profesjonskompetanse
Organisering
Studiet er organisert som eit institusjonsbasert heiltidsstudium over to år. Studiet vil i mange tilfelle gå inn som fjerde og femte år i ei femårig grunnskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning. Masterstudiet kan også takast som vidareutdanning etter fullført lærarutdanning.
1. år
- Emne 1: Lærararbeid 10 sp
- Emne 2: Vitskapsteori, metodar og akademisk tekstarbeid 20 sp
- Emne 4: Fordjupingsfag (første halvdel) 15 sp
- Emne 3: Fleirfagsdidaktikk 15 sp
2 år
- Emne 4: Fordjupingsfag (andre halvdel) 15 sp
- Emne 5: Masteravhandling 45 sp
Første semester:
Emne 1 og 2 går parallelt i første semester, med eksamen i slutten av semesteret. Studentane blir tidleg innretta mot refleksjonar rundt tema og problemstilling i masteroppgåva.
Andre semester:
Arbeid med fordjupingsemnet, emne 4 (30 sp), som innrettar seg heilt mot den faglege spesialiseringa, og som legg full tyngd i arbeid med tema som er aktuelle for masteroppgåva, er lagt til deler av 2. og 3. semester. Det andre semesteret startar med dei første 15 sp av emne 4. For å oppfylla krav til grunnskolelærarkompetanse, vil studentar som har bakgrunn i grunnskolelærarstudiet, og som har pedagogikk som fordjupingsfag få tilbod om den første delen av emne 4 i matematikk, norsk, eller engelsk. Emne 3 (15sp) er lagt til den siste delen av 2. semester og startar med konsentrert undervisning og studiearbeid som blir avslutta i slutten av semesteret med essay og posterpresentasjon. Studentane kan etter avtale ha utanlandsopphald i semester 2. Rettleiarkontrakt blir skriven innan 15. februar.
Tredje semester:
Arbeidet med emne 4 held fram samtidig med skriving av og rettleiing i samband med masteroppgåva. Semesteret blir avslutta med eksamen i emne 4. Etter avtale kan studentane ha utanlandsopphald i dette semesteret.
Fjerde semester:
Ferdiggjering og levering av masteroppgåva. Studentar som har spesialisering i engelsk må skrive masteroppgåva på engelsk.