Studieplan - Høgskulepedagogikk
Våren 2022
Studieprogrammet kvalifiserer undervisarar i høgare utdanning etter dei høgskulepedagogiske krava som er sett i forskrift om tilsetting og opprykk, og dei nasjonale retningslinene for basiskompetanse.
Læringsutbytte
Ved gjennomført studieprogram skal deltakaren ha
- God kunnskap om undervisnings- og læringsmetodar i høgare utdanning
- Ferdigheiter til å rettleie undervise, vurdere og utvikle undervisninga slik at den fremjar studentane si læring
- Generell kompetanse til å arbeida på ein kritisk reflekterande måte for å fremje læring og utvikling blant studentane.
Innhald
Studiet består av eit innføringsemne i høgskulepedagogikk som tel 5 sp. og emnet fagdidaktisk fordypning i høgskulepedagogikk som også tel 5 sp.
Praksis
Kollegarettleiing og utprøving av didaktiske metodar i eiga undervisning
Arbeidsformer
Deltaking på samlingar/nettmøte og ulike teoretiske og praktiske oppgåver relevant for eiga undervisningspraksis.
Vurderingsformer
Innlevering av oppgåver.
Karakter: Bestått/ikkje bestått
Krav til studieprogresjon
2 år
Internasjonalisering
Nei