Hopp til innhald

Studieplan - Høgskulepedagogikk

Hausten 2024

Studieprogrammet kvalifiserer undervisarar i høgare utdanning etter dei universitetspedagogiske krava som er sett i forskrift om tilsetting og opprykk, og dei nasjonale retningslinene for basiskompetanse.

Opptakskrav

Mastergrad, fortrinnsvis PhD

Læringsutbytte

Ved gjennomført studieprogram skal deltakaren ha

  • God kunnskap om undervisnings- og læringsmetodar i høgare utdanning
  • Ferdigheiter til å rettleie undervise, vurdere og utvikle undervisninga slik at den fremjar studentane si læring
  • Generell kompetanse til å arbeida på ein kritisk reflekterande måte for å fremje læring og utvikling blant studentane.

Innhald

Studiet består av eit innføringsemne i universitetspedagogikk som tel 5 sp. og emnet fagdidaktisk fordypning i universitetspedagogikk som også tel 5 sp.

Praksis

Kollegarettleiing og utprøving av didaktiske metodar i eiga undervisning

Arbeidsformer

Deltaking på samlingar/nettmøte og ulike teoretiske og praktiske oppgåver relevant for eiga undervisningspraksis.

Vurderingsformer

Innlevering av oppgåver.

Karakter: Bestått/ikkje bestått

Krav til studieprogresjon

2 år

Internasjonalisering

Nei