Studieplan - Avansert klinisk sjukepleie
Hausten 2019
Deltidsutdanning med samlingar på campus Haugesund og Stord. Studiet vert òg basert på obligatorisk kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats individuelt og i gruppe mellom samlingane.
Undervegsvurdering gjennom skriftlig og muntlig tilbakemelding på arbeidskrav og simuleringsøvingar.
Målgruppe:
Sjukepleiarar som har ansvar for avansert klinisk sjukepleie for eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonr innan pleie- og omsorgssektoren.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten:
- har spesiell kunnskap om patofysiologiske prosessar ved svikt/sjukdom/skade i hjarte-, lunge-, nyre- og sirkulasjonssystemet
- har avansert kunnskap om klinisk vurdering av eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar
Ferdigheter:
Kandidaten:
- arbeider kunnskapsbasert og bidreg til klinisk fagutvikling på arbeidsplassen
- kan planleggje og gjennomføre avansert sykepleie og delegere medisinsk behandling til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar på ein forsvarlig og omsorgsfull måte
Generell kompetanse:
Kandidaten:
- kan bidra til nytenkning og innovasjonsprosessar i klinisk praksis
- har ei analytisk tilnærming til eigen praksis og til vidareutvikling av eigen kompetanse til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar
- kan samarbeide hensiktsmessig med eigen og andre helsefaglige profesjonar innanfor eigen organisasjon og på tvers av tenestenivå
Arbeidsformer
Arbeids- og undervisningsformer:
Rettleiing, undervisning, simulering, sjølvstudium
Praksis:
Simulering av relevante case i kvar samling
FoU-basering:
Inkluderer relevant forsking i og utanfor HVL.
Vurderingsformer
Mappe-eksamen
Organisering
Studieprogrammet inneheld to emne, ELDHELS1006 og ELDHELS2006, kvar på 15 studiepoeng.
I kvart emne arbeidar studentane med oppgåver knytt til 3 pasientcase/pasienthistoriar relatert til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonr.
ELDHELS1006 inneheld introduksjon til pasientgruppa eldre med svikt i vitale funksjonar og har eit særlig fokus på utvikling av samhandlings-, og informasjonskompetanse.
ELDHELS2006 byggjer på ELDHELS1006 og legg vekt på utvikling av kompetanse i klinisk vurdering av pasienten, polyfarmasi og uheldig legemiddelbruk i tillegg til kunnskapsbasert praksis.