Hopp til innhald

Studieplan - Vurdering av barnets beste

Hausten 2019

Studiet er etablert av Bufdir i samarbeid med HVL og Høgskulen i Volda på oppdrag fra Barne- og likestillingsdepartementet. Etablering av studiet er eit viktig element i styresmaktene sin strategi for å løfte kompetansen i det kommunale barnevernet.

Utdanninga har som mål å styrke dei tilsette i barnevernstenesta sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak, samt styrke vurderings- og avgjerdskompetansen i det barnevernsfaglege arbeidet.

Studiet har et faglig nivå tilsvarande masternivå.

Læringsutbytte

En kandidat med fullført studie skal ha følgene totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har inngåande kunnskap om barnevernets heterogene kunnskapsgrunnlag og tverrfaglige perspektiv
  • har spesialisert innsikt i barnevernsfaglege vurderingar og avgjerder
  • har inngåande kunnskap om det juridiske og tverrfaglege kunnskapsgrunnlaget som inngår i skjønnsutøvinga ved vurdering av barnets beste
  • har avansert kunnskap om ulike barnesyn og forhold som fremjar barns medverknad og medbestemming
  • har spesialisert innsikt i sentral forsking om omsorgsvurderingar og tydninga av ei heilskapleg forståing av barn og foreldre
  • har inngåande kunnskap om barnevernets maktposisjon og strukturar som kan bidra til avmakt

Ferdigheiter:
Kandidaten...

  • kan gjennomføre heilskaplege omsorgsvurderingar ved å analysere og vurdere barnets beste i lys av aktuelle teoriar og metodar
  • kan analysere og halde seg kritisk til ulike kunnskapskjelder og bruke desse for å ta ei avgjerd til barnets beste
  • kan gjere seg nytte av relevante metodar for å styrke, grunngje og dokumentere den faglege skjønnsvurderinga
  • kan samarbeide med barn og foreldre og andre tenester ved innhenting av informasjon og vurdering av tiltak
  • kan på ein sjølvstendig måte bruke kunnskapsbaserte metodar for å fremje barn og foreldres høve til innverknad og styring av eige liv

Generell kompetanse:
Kandidaten...

  • kan analysere etiske problemstillingar knytt til utgreiingar og avgjerder om barns omsorgssituasjon
  • kan nytte avansert kunnskap om barn og unges utvikling og foreldres situasjon i arbeid med komplekse omsorgsvurderingar
  • kan sette seg inn i og reflektere kritisk over vitskapleg kunnskap
  • kan formidle eit sjølvstendig arbeid og meistre uttrykksformar om barns omsorgsituasjon og foreldres omsorgskompetanse
  • kan kommunisere om faglige dilemma, uvisse og tvil i vurderingar av barns omsorgssituasjon
  • har en analytisk medvit og kan utøve kritisk refleksjon og etisk dømmekraft i vurderingar av barnets beste

Innhald

Studiet er samlingsbasert. Det er lagt opp til seks samlingar, à tre dagar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.

Hovudtema for samlingane:

Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon
Samling 2: Barnesyn og barns medverknad
Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst
Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta
Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak
Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker.

Arbeidsformer

Undervisningsformene vekslar mellom førelesning og arbeid i lærarstyrte grupper. I gruppearbeida vil studentane reflektere over og drøfte praksisrelevante kasus og eigne erfaringar frå praksis i lys av ulike teoriar og tverrfaglege perspektiv på barnets beste.

Vurderingsformer

Vurderingsformer i emnet er arbeidskrav, heimeeksamen og munnleg eksamen.