Studieplan - Vurderingspraksis og læreplanforståelse
Hausten 2023
Består av emnene YFL802 og YFL810
Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar sin praksis knytt til vurdering. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingsarbeidet innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vidareutdanninga skal gje grunnlag for å vidareutvikle undervisningspraksis i deltakarane sine undervisningsfag på yrkesfaglege utdanningsprogram. Studiet vil fokusere på formativ vurdering i undervegsvurdering, utvikling av vurderingsverktøy, eigenvurdering og elevmedverknad og samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga.
Tilbodet er forankra i Opplæringslova og forskrifter, læreplanverket for grunnopplæringa (LK20) , og strategien Yrkesfaglærarløftet
Opptakskrav
Fullført lærerutdanning. Søkere må være ansatt i og ha undervisningspraksis i videregående opplæring, yrkesfaglig utdanningsprogram.
Læringsutbytte
Se emneplanene
Innhald
Tilbodet er delvis nettbasert med to samlingar på Campus og ei nettbasert samling.
Studiet vekslar mellom fagleg formidling, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis, samstundes som det er ei målsetjing at studiet kan bidra til å vidareutvikle vurderingspraksis i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Vi legg særskilt vekt på erfaringsdeling (både innan programfag og på tvers av programfag) både på samlingar og i studentane sine nettverksgrupper. Erfaringsdeling og drøftingar skal vere ein viktig ressurs utdanninga og som undervisninga skal sentrere rundt.
Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og verktøy for vurdering i relasjon til sentrale element i LK20. Studentane skal òg arbeide i nettverksgrupper mellom samlingane, som støtte for kvarandre i utprøvingar av metodar og verktøy og som ein arena for erfaringsutveksling og refleksjonar.
Praksis
Nei
Arbeidsformer
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling ein og to.
- Utprøving og dokumentasjon av undervisningsopplegg i eigen praksis mellom samling to og tre.
- Presentasjon av erfaringar frå obligatoriske læringsaktiviteter i studiet for kollegaer på eigen skule
- Aktiv deltaking på samlingar gjennom erfaringsdeling og drøftingar med medstudentar.
Alle obligatoriske læringsaktiviteter er relatert til føremål og læringsutbytte i emnet der felles refleksjonar og erfaringsdelingar er eit viktig kunnskaps- og utviklingsgrunnlag i utdanninga. Obligatoriske læringsaktiviteter må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsformer
YFL802 og YFL810
Munnleg eksamen i gruppe.
Dette blir gjennomført i nettverksgrupper.
Eksamen vert organisert som eksamenskonferanse på campus. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbytteformuleringar i studiet og obligatoriske læringsaktivitetar i studiet. Eksamen er open for kollegaer, skuleleiing, samarbeidspartnarar frå arbeidsliv, skuleeigar og PPU-studentar.
Karakter: Bestått/ikkje bestått
Internasjonalisering
Nei