Studieplan - Yrkesdykking
Hausten 2023
Studiet er 1-årig og gir fagskulegrad med 60 studiepoeng.
Ein yrkesdykkar er ein fagperson som utfører sitt virke under vatn. Oppgåvene til dykkarar kan vere særs varierte, men døme på arbeidsområde er anleggsarbeid, røyrlegging, havbruk, inspeksjonsdykking, vitskapeleg arbeid, arkeologi, fotografi / video, berging, sveising eller sprenging.
Ein yrkesdykkar jobbar i lag saman med andre og må være ivareta sin eigen tryggleik og tryggleiken til dei laget rundt.
Målgruppe: Kandidatar som vil utføre sitt virke under vatn.
Eittårig fagskule for yrkesdykkerar følgjer Forskrift for fagskoleutdanning i yrkesdykking ved Høgskulen på Vestlandet.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten:
· Har kunnskap omkring HMS og regelverk, som gjev eit heilskapleg systemperspektiv på korleis organisasjonen og dykkelaget skal ivareta tryggleiken til alle som er involvert.
· Har grunnleggjande kunnskap i matematikk, dykkefysikk og dykkemedisin og om korleis desse kan integrerast i problemløysing innan arbeid under vatn.
· Kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.
Ferdigheiter:
Kandidaten:
- Kan utføre sikker dykking til 50 meter med overflateforsynt utstyr og til 18 meter med sjølvforsynt utstyr.
· Kan dykke med dei vanlegaste formane for utstyr nytta i arbeidsdykking og veit kva type · Kan utføre nødvendig nødprosedyrar under og over vatn,
· Kan bidra til planlegging av dykkeoppdrag i samarbeid med dykkelag, bedrift eller prosjektorganisasjon.
Generell kompetanse:
Kandidaten:
· Har innsikt i samfunnsmessige, økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan dykking og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
· Kan formidla kunnskap innan dykking både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk til dykkelag, organisasjon eller bedrift.
· Kan reflektera over både eigen og laget si faglege utøving, og kan tilpassa denne til den ulike arbeidssituasjonar.
· Kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innan fagområdet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.
Praksis
- Kandidaten skal kunne benytte utstyr og verktøy som passar til forskjellige oppgåver under vatn.
· Kan identifisera risikoar, gjennomføra risikovurderingar og planleggja dykkeoppdrag både sjølvstendig og i team.
Innhald
Studiet er 1-årig og gir 60 studiepoeng. Høgskulen på Vestlandet er den einaste studiestaden i Noreg som tilbyr fagskulestudium i yrkesdykking.
Noreg er eit land med lang kystlinje, store havområde og mykje industri knyta til verksemd ved, på og under vatn. Mykje av vår historie og vårt næringsliv er sterkt knyta til desse områda, derfor treng vi folk som utføre arbeid under vatn tilknytt konstruksjon, vedlikehald, kartlegging, forsking og ivaretaking av desse ressursane.
I dykkarutdanninga lærer du mange ulike dykkemetodar og former for undervassarbeid. Du lærer også korleis du skal fungere i eit dykkarlag. I tillegg til opplæring i dei fleste former for yrkesdykking, får du lære om dykkefysikk, fysiologi, dykkemedisin, førstehjelp, dekompresjon, utstyrslære, regelverk, HMS, sjømannskap, søkemetodar og dykkeleiing. Du vil også lære om anleggsarbeid, undervass-sprenging, varmearbeid, berging og legging av røyr, havbruk og allmennfag.
Studiet gir:
- Fagskulegrad yrkesdykking, 60 studiepoeng
- Inspeksjonsdykking
- Anleggsdykking og røyrlegging
- Teoridel sprenging under vatn
- Brenning og sveising under vatn
- Berging
- Dykking innan havbruk
- Dykking med Nitrox som pustegass
- Dykkebevis B, grunnleggande tryggleiksopplæring
- Dykkesertifikat Klasse 1, Petroleumstilsynet
- IDSA Level 3 (Surface Supplied Offshore Air Diver)
- Sertifikat varme arbeid
- HMS-kurs, 40 timar
- Utdanninga kvalifiserer til opptak til bedriftsintern opplæring hos brann- eller redningskorps (modul C), som gir dykkebevis A+R, redningsdykking
Arbeidsformer
Teoriundervisninga skjer i klasserom og gjennom praktisk dykking. Forelesninger, gruppearbeider, selvstudium og praktiske øvingar
Dei praktiske øvingane startar i basseng innandørs og held fram med øvingar i sjø frå landbaserte dykkepostar og frå fartøy.
Merk at store delar av studiet har obligatorisk oppmøte.
Vurderingsformer
Studentar vert vurdert i form av skriftleg skuleeksamen, munnleg eksamen og prosjektoppgåver. I tillegg vert studentar vurdert på utføring av praksis og ivaretaking av sin eigen og andre sin tryggleik.
Informasjon om vurderingsordninga går fram av emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles «Forskrift for fagskoleutdanning i yrkesdykking ved Høgskulen på Vestlandet» for nærare detaljar.
Organisering
Utdanninga er eittårig og studieåret er delt inn i to semester. Kvart semester tek studenten fleire emne, som samla vert 30 studiepoeng. Studiet er et fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid. Undervisninga føregår primært mellom kl 08:00 og 16:00, men undervisning på ettermiddagen kan førekome.
Studenten må rekna med å bruka i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil ha behov for å bruka meir tid.
Studieåret er fordelt i følgjande kategoriar:
DYK600 «Sikkerhetsopplæring i dykking»: Dykketeori, dykkefysikk, Nitrox, fysiologi, dykkemedisin, førstehjelp, dekompresjon, overflatedekompresjon, utstyrslære, prosedyrar og sjekklister, nødprosedyrar og beredskap, farer ved dykking, regelverk og standardar, søk og søkemetodar, løfteutstyr og rigging, sjømannskap, grunnleggande arbeidsdykking og dykking med basket, våtklokke og varmtvatnsdrakt. Praksis Dykking med sjølvforsynt utstyr til 18 meter, dykking til 50 meter med overflateforsynt utstyr og dykking med Nitrox som pustegass.
Praksis: Inneheld praksis i dykking med sjølvforsynt utstyr til 18 meter, dykking til 50 meter med overflateforsynt utstyr og dykking med Nitrox som pustegass, grunnleggande arbeidsdykking og dykking med basket, våtklokke og varmtvatnsdrakt.
DYK601 «Fagopplæring og tverrfaglig eksamen»: Gir praktisk og teoretisk opplæring i anleggsdykking, bergingsdykking, inspeksjonsdykking, røyrlegging, bruk av tungt hjelmutstyr, sprenging under vatn og sveising under vatn.
DYK603 «Kommunikasjon og rapportering»: Kunnskapar om kommunikasjon og rapportering, grunnleggjande kunnskapar om utforming av ei prosjektoppgåve og akademisk referering, grunnleggjande kunnskap om oppbygning og innhald i rapportar, prosedyrar og samsvarsmålingar samt å kunne det fonetiske alfabetet.
DYK604 «Matematikk»: Kunnskapar om aritmetikk og algebra, trigonometri, geometri, trykk i gass og væske, og likningar med to ukjente. Studenten skal kunne anvende matematikken i praksis ved praktiske oppgåver innan gassfysikk, masseberekning, areal, volum og oppdrift i væske.
DYK 605 «Engelsk»: Kunnskapar om engelsk dykke- og inspeksjonsterminologi.
HMS-Kurs: Ved avslutta emne skal kandidaten inneha nok teoretisk kunnskap til å kunne delta i planlegging, utføring og evaluering av ein dykkeoperasjon på en måte som sikrar kvalitet på HMS - arbeidet.