Fleire vil studere ved HVL og søkjartala til sjukepleie aukar kraftig

– At så mange ønskjer å studere sjukepleie er veldig bra. Veksten ved Høgskulen på Vestlandet er størst i landet, seier prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal.

Auken for bachelor i sjukepleie er på nærmare 30 prosent når det gjeld personar som har denne utdanninga som sitt førsteval. I fjor var det 985 personar som hadde sjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) som førsteval, i år er talet 1273. Nasjonalt har det vore ei auke i søkjarar til sjukepleieutdanninga på 10 prosent.  
 
Det er ikkje berre innan sjukepleie HVL opplever gode søkjartal og interesse. Ingeniør- og økonomifaga er i vinden. Fleire av sosialfaga har god utvikling. For lærarutdanningane er søkjartala meir blanda.  

Fordeler seg ulikt 

Naustdal gler seg over at HVL samla sett er ein av dei institusjonane i landet som har størst auke i talet på førstevalssøkjarar i Samordna opptak. 7911 personar har HVL som førsteval i år. Det er ein auke på 12,5 prosent frå i fjor, mens det nasjonalt er ein oppgang på 4,7 prosent.  
 
Vi ser at søkjarane våre fordeler seg litt ulikt mellom fagområda og dei fem campusane våre. Fleire ønskjer å studere på nett og innan fleksible studieløp. Det er ein trend som forsterkar seg år for år, seier Naustdal.  

Bilete: F.v. Amanda Sangolt og Solveig Røberg Vik ved sjukepleieutdanninga på Høgskulen på Vestlandet. På simulerings-, test- og ferdighetslaboratorium øver studentane på det som møter dei i arbeidslivet.

Sjukepleie også på deltid

Den store auken i talet på søkjarar til sjukepleie betyr mykje. Størst auke er det ved heiltidsutdanninga ved campus Bergen. 
 
– Vi har jobba hardt for å auke rekrutteringa, både ved å opprette deltidsutdanningar på Stord og i Førde, og ved å synleggjere at karakterkrava i norsk og matte hindrar motiverte personar i å bli sjukepleiar. Vi har stor tru på at Stortinget sluttar seg til Kunnskapsdepartementet sitt framlegg om at generell studiekompetanse skal vere hovudvegen inn i all høgare utdanning, også for sjukepleie, seier Naustdal. 
 
Påtrykket for å utdanne fleire sjukepleiarar merkast godt. 
 
Færre søkjarar til sjukepleiarutdanninga dei siste to åra har uroa oss sterkt. Det er svært bra at vi har klart å snu denne utviklinga. Kommunar og sjukehus i store delar av landet slit med å rekruttere nok sjukepleiarar. No får vi fleire ut i arbeidslivet, seier Naustdal.  

Blanda tal for lærarutdanningar

Nedgangen i søknadar til grunnskulelærarutdanningane held fram nasjonalt og HVL skil seg ikkje ut. Høgskulen har samla sett ein nedgang i søkjarar til grunnskulelærarutdanningane 1-7. trinn og 5-10. trinn, på høvesvis 16,5 og 4,5 prosent.  

Samstundes er søkinga til idrettsfaga innan lærarutdanningane god, barnehagelærarutdanninga har eit oppsving og interessa for lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag styrkar seg.

PPU (Praktisk-pedagogisk utdanning) er og ein viktig veg for mange inn i læraryrket. Årsstudium i engelsk ved campus Sogndal er i år nettbasert. Der har søkinga vore eksplosiv. 
 
– Her treff vi med eit tilbod som er fleksibelt og som rekrutterer breitt. Det blir spennande å sjå korleis dette utviklar seg, seier Naustdal. 


Foto: HVL/Falkeblikk
 
Nasjonalt er søknaden til barnehagelærarutdanninga uendra, mens ved HVL aukar søkjartalet med sju prosent.  

– Det er bra at fleire vil bli barnehagelærar, og eg håpar dette er starten på ei positiv utvikling og at ting er i ferd med å snu, seier ho.  
 
At så få unge i dag ønskjer å bli lærar er svært bekymringsfullt.  
 
– Dersom denne trenden held fram, kan vi står i fare for lærarmangel. Det går jo først og fremst utover barna våre, som treng godt kvalifiserte lærarar. Vi opplever at mange av våre kommunar slit med å få fatt i kvalisert arbeidskraft alt i dag, seier Naustdal. 
 
I starten av året la regjeringa fram ei ny stortingsmelding for å auke rekrutteringa til læraryrket, som 11 organisasjonar står bak. HVL leiar Nasjonalt prosjekt for rekruttering til lærarutdanning, som er eit av tiltaka i strategien.   

– Vi treng eit felles krafttak for å få fleire til å velje lærarutdanning og bli i yrket. Vi må dra i lag. HVL skal gjere sitt for å bidra til å snu utviklinga, seier Naustdal.   
 
På dei fleste lærarutdanningane vil det vere ledige plassar. Det er moglege å gjere omprioriteringar fram til 1. juli og søkje på ledige studieplassar fram til studiestart i august. 

Deltid og nettstudiar er i vinden

Innanfor nettbaserte studiar er det ei stor auke i talet på søkjarar. Årsstudium i sosiologi og samfunnsfag ved campus Sogndal er lagt om til nett og har ei formidabel vekst. Også bachelor i sosiologi ved campus Sogndal er nettbasert frå i år, og har ei auke i søkjartal.  

Deltidsutdanningar innan helse- og sosialfag har også god søknad. Vernepleie deltid, både i Haugesund og i Sogndal, rekrutterer godt. Det breie tilbodet av masterutdanningar er også populært. 

- Trenden dei siste åra er meir fleksible utdanningar slik at ein kan kombinera studiar med jobb og familieliv. Dei gode søkjartala viser at det har vore ei rett prioritering å oppretta desse deltidsutdanningane. Det er også tydeleg at mange ønskjer å studere på nett, og dei digitale tilboda våre treff godt, seier Naustdal.  
 
Det er ikkje berre fleksible utdanningar innan helse- og sosialfaga som går godt. Dei fleste andre bachelorutdanningane innan helse- og sosialfag har også godt med søkjarar. Sosialt arbeid og fysioterapi er begge utdanningar som rekrutterer sterkt og konkurransen om studieplassane er stor. Det same gjeld for bachelor i folkehelsearbeid.   


Bilete: Mikkel Paulsen (t.v) og Idunn Maria Koi i HVL sin Marinlab på campus Bergen. Foto: HVL/Mauricio Pavez.

Ingeniørfaga går fram

HVL har mange ingeniørutdanningar og årets søkjartal viser at fleire vil studera ingeniørfag. Samla for dei ulike retningane, er det ein vekst på 11 prosent ved HVL, mot 14 prosent nasjonalt. Det er særleg data, havteknologi, maskin, branntryggleik og energiteknologi som trekkjer fleire søkjarar i årets opptak. Nautikkutdanninga i Haugesund går også svært godt. 

Søkjartala viser at kvinneandelen på ingeniørutdanningane er stigande. På tre år er det fire prosent fleire kvinner som ønskjer å bli ingeniør.  
 
– Det er stort behov for ingeniørar framover, og kompetanse innanfor grøn omstilling, berekraft og digitalisering er særleg etterspurt. Enkelte ingeniørfag har vore mannsdominert lenge, og det er ekstra kjekt å sjå at fleire kvinner søkjer seg til desse yrka, seier Naustdal. 
 
– At mange søkjer seg til forkurs for å kvalifisere seg til ingeniørutdanning er også eit godt teikn på interessa. 

Bachelor i bioingeniør er også ei populær utdanning. I år vil det i tillegg starte opp ein ny master innan bioingeniørfag: medisinsk laboratorieteknologi. Til denne masteren er det 57 søkjarar som konkurrerer om 20 studieplassar. 
 
Økonomi-, administrasjon-, og leiingsfaga er også i år ettertrakta på mange av campusane i HVL.  
 
– Dette er utdanningar som har hatt ei god tilstrøyming dei siste åra. Både bachelorutdanningar og masterlaup har gode søkjartal, seier Naustdal.

Desse faga er det størst konkurranse om på HVL (flest søkjarar pr. plass): 

  • Vernepleie, deltid, Haugesund
  • Sosialt arbeid, Bergen
  • Administrasjon og leiing, Haugesund
  • Sosiologi, årsstudium, nett
  • Digital økonomi og leiing, Bergen
  • Fysioterapi, Bergen
  • Samfunnsfag, årsstudium, nett
  • Økonomi og administrasjon, Bergen
  • Vernepleie, Bergen
  • Sosiologi, bachelor, nett 

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • HVL er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet med om lag 17.000 studentar og 1800 tilsette.  
  • HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. 
  • HVL uteksaminerer kvart år 2500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver.
  • Kandidatundersøkingar viser at 8 av 10 av dei som blir utdanna ved Høgskulen på Vestlandet blir verande i vestlandsregionen og finn seg raskt relevant arbeid.