BARNkunne får fortsette det gode arbeidet
Då BARNkunne – Senter for barnehageforsking blei etablert, var målsettinga å bidra til ny kunnskap og ny praksis innan barnehagefeltet. No har Forskningsrådet gitt senteret tildeling på 25 millionar kroner for nye fem år.
Forskingsleiar, professor Elin Eriksen Ødegaard, er glad over å få fortsette arbeidet.
— Forskningsrådet anerkjenner med denne tildelinga det arbeidet vi gjer. Det tar tid å byggje kompetanse og kunnskap i barnehagesektoren, så med denne tildelinga har vi fått tillit til å fortsette å ha høge ambisjonar for barnehageforsking, seier ho.
Utvikle viktig ressurs
— Det er ofte underkommunisert og underkjent kor viktig barnehagen er for barna. Det er ein danningsarena og ressurs for det berekraftige samfunnet vi må stå saman om å utvikle, seier Ødegaard.
BARNkunne har sidan senteret blei oppretta, levert forsking og drive fram utviklingsarbeid innan fleire viktige område blant anna med EX-PED-LAB, eit prosjekt om utforskande prosesser og pedagogisk innovasjon saman med barnehagesektoren. I haust starta også arbeidet med MoveEarly, eit forskingsprosjekt som har som mål å fremme ein pedagogisk praksis i barnehagen der bevegelse, leik og utforsking får spele ein større rolle. Eit anna viktig prosjekt er NORBARN, ein eigen forskarskule for barnehageforsking,
Ho er takksam og gler seg til å fortsette arbeidet:
— Eg er takksam for å ha moglegheita til å arbeide saman med høgt presterande forskarar som er engasjerte i å bidra i utviklinga av barnehagesektoren i Noreg og internasjonalt. Saman med partnarane våre skal vi ta vidare sats for å fortsette dette spanande arbeidet.
— Velfortent tildeling
Prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten, er klar på at BARNkunne spelar ei viktig rolle og meiner tildelinga er velfortent:
— Dette er heilt fantastiske nyheiter. BARNkunne jobbar så godt og gjer eit arbeid som er svært viktig for Høgskulen på Vestlandet og ikkje minst for sektoren dei forskar samen med.
Tidlegare saker om BARNkunne
- November 2022: Stor suksess for norsk barnehageforskingskonferanse - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
- Januar 2022: Nasjonal forskerskole for barnehageforskere: – En milepæl for barnehageforskningen
- Februar 2022: Vil finne ut mer om hvordan barnehager legger til rette for utforskning
- Juni 2021: 12 millionar frå Norges forskingsråd - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
- Desember 2017: HVL får senter for barnehagerelevant forsking - Høgskulen på Vestlandet