Forskingsrådet støttar fire store prosjekt ved HVL
HVL blei tildelt i alt 47 millionar kroner frå Forskingsrådet i dag. Dei skal brukast til forsking på Jostedalsbreen, brannutsette grupper, etterlatne etter narkotikarelatert død og vasskvalitet i oppdrettsanlegg.
I alt har tre prosjekt frå Fakultet for ingeniør- og naturfag fått tilslag, og eitt prosjekt frå Fakultet for helse- og sosialvitskap.
- Eg vil gratulere dei fire som er tildelt NFR-midlar. Det er eit trongt nålauge å komme igjennom, difor er dette resultatet ekstra gledeleg, seier rektor Berit Rokne.
- Eg vil også gratulere alle dei involverte i prosjektet og andre som har bidrege til søknadene.
Det at høgskulen klarer å konkurrere nasjonalt om forskingsmidlar, er viktig for universitetsambisjonen, meiner Rokne. Alle dei fire tildelingane kjem frå programmet Samarbeidsprosjekt for samfunnsutfordringar og næringsutvikling.
- Det støtter vår profil med tett kopling til arbeids- og næringslivet på Vestlandet, seier Rokne.
Jostedalsbreen: eit studium i klimaendringar
Jostedalsbreen i Sogn og Fjordane er det største landskapsområdet i Europa som enno ikkje er kartlagt. Det er også eit område i dramatisk endring – på grunn av klimakrisa og oppvarming trekkjer brearmane seg tilbake og isen minkar. No skal breforskarar ved HVL i gang med eit stort prosjekt for å utforske breen. Professor Jacob Clement Yde leiar prosjektet, og samarbeidspartnarar er mellom anna NVE, UiO, UiB og Vestlandsforsking, i tillegg til regionale og internasjonale partnarar. Prosjektet inngår òg i Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt). Til saman er det tildelt 17 millionar kroner frå NFR.
- Det blir utruleg spennande å få jobbe intensivt med Jostedalsbreen! Og det trengst verkeleg - det er så mykje vi ikkje veit om den. Det at breen minkar, vil få store konsekvensar for menneska som bur rundt den, seier Yde.
Nett dette med dei sosiale konsekvensane av bresmelting er sentralt for prosjektet. I første omgang skal forskarane måle breen – både areal og kor tjukk den er frå topp til botn. Dette skal dei gjere ved hjelp av isradar, og ved å køyre på kryss og tvers med snøscooter og gå på ski over breen. Sidan skal dei bruke spørjeskjema og intervju for å få innsikt i kva issmeltinga vil ha å seie for lokalmiljøet på sikt.
- Breen er svært viktig for menneska som bur rundt den. Den leverer vatn til kraftverk, er utgangspunktet for ein stor turistindustri og er tett knytt til den lokale identiteten, seier Yde.
- Når breen blir markant mindre, vil det også påverke klimaet og nedbørsmønsteret i området. Dette vil igjen ha effekt på landbruket, særleg dei som lever av å produsere frukt.
Branntryggleik blant sårbare grupper
Bjarne Christian Hagen leiar prosjektet Building design for At-risk groups. Prosjektet har to ulike delar – og den eine delen handlar om grupper i samfunnet som er spesielt utsette for å omkomme i brann. Prosjektet er tildelt ti millionar kroner frå Forskingsrådet.
- 70 prosent av dei som døyr i brann i Noreg i dag er frå sårbare grupper. Vi snakkar om eldre menneske, eller folk som slit med rus eller psykiske problem, seier Hagen.
- Her trengst det verkeleg å gjere ein jobb i samfunnet for å beskytte dei betre – ikkje minst med tanke på at fleire og fleire skrøpelege eldre bur heime. Vi skal sjå på korleis vi kan utvikle bygg med tanke på å betre branntryggleiken for desse utsette gruppene.
I tillegg skal prosjektet undersøke branntryggleik for trebygg plasserte i utmark eller nær skog. Desse er spesielt utsette for brann, særleg i samband med skogbrannar. Prosjekta er relatert gjennom at begge delar handlar om å auke branntryggleiken i bygg. Fagfolka innanfor brann i HVL kjem til å samarbeide med fagfolk frå bygg, NORSE og Karmøy kommune. Prosjektet har også internasjonale forgreiningar til fagmiljø ved Universitet i Lund og Imperial College i London.
Etterlatne ved narkotikarelatert død
Hovudmålet til forskingsprosjektet END - Etterlatte ved narkotikarelatert død - er å skaffe ny kunnskap og forståing rundt konsekvensane av narkotikarelaterte dødsfall for nære etterlatne. I dag er det lite forskingsbasert kunnskap om korleis dei etterlatne har det. Prosjektet er tildelt ti millionar kroner frå Forskingsrådet.
Målet med prosjektet er å sikre at desse menneska får den støtta og hjelpa dei har behov for av samfunnet. Kunnskapen frå forskingsprosjektet skal også integrerast i utdanningane ved HVL.
- Mykje tyder på at mange av dei etterlatne ved narkotikarelatert død kjenner seg stigmatiserte eller ikkje orkar å be om den hjelpa eller støtta dei har krav på etter dødsfallet seier Kari Dyregrov, professor ved Institutt for velferd og deltaking og leiar for END-prosjektet.
- Difor er det viktig at vi forskar på situasjonen til denne gruppa og kva hjelp og støtte dei treng - slik at samfunnet i større grad kan stille opp for desse menneska.
Drift av vassbehandlingsanlegg i oppdrett
Forskingsprosjektet Massebalanse og energioptimalisering i RAS systemer ser på vasskvalitet i ein bestemt type oppdrettsanlegg (RAS). Talet på oppdrettsanlegg på land aukar samtidig som det pågår ei rask teknologiutvikling innan feltet. Prosjektet har fått ti millionar frå NFR.
Eit spesielt fokus er retta mot døgnvariasjonar med tanke på metabolittproduksjon og effektiv drift av vassbehandlingsanlegg. Om lag nitti prosent av vatnet i oppdrettsanlegg blir no resirkulert og brukt igjen, og det er denne teknologien som skaper nye utfordringar.
Prosjektet er eit kompetansehevingsprosjekt som skal auke kompetansen og styrke fleire fagmiljø internt ved høgskulen.
- Gjennom prosjektet håpar vi å kunne bygge kunnskap som kan bidra til betre fiskevelferd, systemforståing med tanke på til dømes døgnvariasjonar, energieffektivitet og energiutnytting, fortel Anne-Camilla Diesen Hosfeld, som leiar prosjektet.
Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeid mellom forskningsmiljø frå ulike ingeniørmiljø ved HVL, der fagmiljø innan sikkerheit, kjemi og bioingeniør, maskin og marinfag og datateknologi, elektroteknologi og realfag er involverte. Også eksterne partnarar og nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar deltek.
Foto under: Jacob Clement Yde, Marit Svarstad Andresen og Mette Gillespie under feltarbeid på bre.