Møt Høgskulen på Vestlandet på Arendalsveka!
Under Arendalsveka arrangerer Høgskulen på Vestlandet debattar om alt frå det amerikanske presidentvalet til høgskular og universitet si rolle i regional utvikling.
Den siste tida har det for alvor dratt seg til i den amerikanske valkampen. Kan vi ved utgangen av august fastslå kven som blir USA sin neste president?
I debatten Hva kan forskningen fortelle oss om hvem som vinner presidentvalget i USA?, møter du Hilmar Mjelde, professor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og ein av landets fremste USA- ekspertar. Med seg har han Eirik Løkke i Civita, Heidi Taksdal Skjeseth i Bloomberg og Carl Henrik Knutsen ved Universitetet i Oslo.
Er det ein debatt du ikkje vil gå glipp av om det det amerikanske presidentvalet under Arendalsveka (ja, det er mange av dei), så er det denne.
Her får du oversikt over alle arrangementa som HVL deltar på under Arendalsveka.
Regional utvikling: Kunnskap der folk bur
Under Arendalsveka i fjor inngjekk HVL ein avtale med Høgskolen i Innlandet, Nord universitet og Universitetet i Sørøst-Norge om å styrke samarbeidet om forsking, utdanning og regional utvikling.
— Alle desse fire institusjonane spelar ei viktig rolle for tilgangen til utdanning, forsking, kompetanse og arbeidskraft i sine eigne regionar, men òg i heile landet og internasjonalt, sa Gunnar Yttri, rektor ved HVL då han signerte avtalen.
I år samarbeider dei fire fleircampusinstitusjonane, som har fått namnet VINST-alliansen, om tre debattar under Arendalsveka under overskrifta «Kunnskap der folk bur».
I den fyrste av VINST-debattane onsdag 14. august kl. 12.45-13.30, møter forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel kommunesektoren og næringslivet til debatt om kva staten bør gjere for at universitet og høgskular med mange campus skal kunne bidra meir til regional vekst og utvikling.
På arrangementet «En varslet krise for skole- og helsetilbudet i Norge – hva gjør vi?, tar vi debatten om nedgangen i søkjartal til lærar- og sjukepleiarutdanningane, og konsekvensane dette har for heilt samfunnet. For kven vil jobbe og bu på steder der helse- og skuletilbodet blir redusert? Og kven vil investere i lokalsamfunn der folk ikkje lenger vil bu?
Overgangsalder - kvinners veg ut av arbeidslivet?
Professor Anette Fagertun deltek på arrangementet «Overgangsalder – kvinners vei ut av arbeidslivet», som HVL arrangerer saman med Universitetet i Bergen og Alrek helseklynge. Bakgrunnen for debatten er eit stort forskingsprosjekt som skal sjå på korleis overgangsalderen verkar inn på kvinner si deltaking i arbeidslivet.
Vi veit at ein av tre kvinner opplever helseplager under overgangsalderen, og at det er ein auke i langtidssjukemelding blant kvinner i alderen 45 til 60 år. Det er og fleire som fell ut av arbeidslivet i denne perioden. Kva skal til for å helde på kvinner i arbeidslivet – også midt i livet?
Digital helse i kommunane
For å sikre ei berekraftig helse- og omsorgsteneste i framtida, er det naudsynt med store endringar. Her er utvikling av ny teknologi og nye digitale løysingar avgjerande, løysingar som både gir god behandling og samstundes reduserer behovet for helsepersonell.
I debatten "digital helse i analoge kommuner", spør vi korleis vi kan sikre at digitaliseringa av helse- og omsorgstenestene i kommunane skaper naudsynte og grunnleggjande endringar i måten vi jobbar på?
Driv norske kommunar digital innovasjon, eller om vi berre setter strøm på det vi allereie gjer? Går utviklinga fort nok?
HVL har både sterke helsefaglege og teknologiske miljø, og har eit mål om å styrke det tverrfaglege samarbeidet innan digital helse. Professor, Yngve Lamo, skal lede dette arbeidet og deltar i debatten.
Frå hydrogen til psykisk helse
Du møter og fleire forskarar frå HVL under Arendalsveka.
Velaug Myrseth Oltedal, førsteamanuensis ved HVL, deltar i ein debatt om hydrogen. Der blir det mellom anna peika på at det er eit gap mellom kompetansebehovet og tilbodet i utdanningsinstitusjonane, og eit auka behov for etter- og vidareutdannin,
Christian Moltu, professor ved HVL og forskingssjef i psykisk helsevern i Helse Førde, er ein av sju forskarar som skal fortelle om nye og innovative løysingar for ei bærekratig helseteneste i framtida. Prosjektet Norse Impact, som Moltu leiar, skal utvikle nye digitale løysingar, som ved hjelp av data frå pasienten og kunstig intelligens skal gi meir skreddersydd behandling til den enkelte. Målet er og å gi hjelp digitalt når psykologen ikkje kan, for eksempel når det er ventetid, slik at pasienten kjem raskt i gang med behandling.
Dhayalan Velauthapillai, professor i fysikk ved HVL, er ein av deltakarane i debatten Solenergi - Den nye elbilen?. Velauthapillai forskar på nye nanomaterialer som kan brukast på ulike områder, som solceller. Eit viktig mål er å redusere kostnadar og gjere energiproduksjon meir tilgjengeleg.