Koronasituasjonen og studiestart

Måndag 16. august er det studiestart og semesteropning på HVL. - Vi følgjer den fastlagde timeplanen som vi la før vi gjekk på ferie. Samstundes førebur vi oss på at vi kan gje meir og meir fysisk undervising utover i haustsemesteret når vi går over til trinn fire i den nasjonale gjenopningsplanen, seier rektor Gunnar Yttri. 

Han fortel at høgskulen si krise- og beredskapsgruppe har hatt to møter denne veka.  
 
- Det er viktig å understreke at vi framleis er i trinn tre av den nasjonale gjenopningsplanen. Smittevernsråda, retningslinjene og situasjonen for vår aktivitet er såleis lik som den var før sommaren.  
 
- Så ser vi at smittetrykket er aukande fleire stader. Det gjer at vi må vera varsame, påpasselege og ha ei føreseieleg og tydeleg linje overfor tilsette, studentar og allmenta. 
 
- Vi har god kontakt med dei fem vertskommunane våre og Saman, og jobbar godt når det gjeld dette med å informere om vaksinering, ulike tilbod med meir. 
 
Her er informasjon om vaksinering for studentar
 
- Vi held difor fast i planane våre. Det inneber at studiestarten her på HVL i haust blir ein god kombinasjon av fysisk og digital velkomst og undervisning, med gradvis meir fysisk undervisning når gjenopningsplanen tilet det.  

Unntak frå avstandskravet 

Framleis er det ikkje klart kor tid trinn fire i gjenopningsplanen skjer.  
 
- Ei ny vurdering av om vi kan gå til trinn fire vil styresmaktene ta i midten av august. Vi held oss til dette. Samstundes er vi på høgskulen i gang med å legge planar for denne fasen. Ei viktig justering som vil tre i kraft når vi går over til trinn fire, er at det vert opna for at vi kan ha fysisk undervisning med unntak frå avstandskravet. 
 
- Vi vil koma med meir oppdatert informasjon til studentar og tilsette kring dette når det ligg føre meir avklaringar.   

Semesteropning 

I Bergen er studiestarten og semesteropninga lagt over tre dagar for at ikkje for mange menneske skal samlast samstundes.  
 
Les meir her om studiestarten og semesteropninga i HVL - og programmet for alle fem campus
 

- Vi planlegg for ein trygg og god studiestart, der nye studentar skal bli kjend med kvarandre, med faglærarane, campus og med studentlivet.  
 
- Det vert ikkje tradisjonelle felles opningsseremoniar og mange menneske samla. Vi gjennomfører dette i mindre  grupper, og også her kombinerer vi det fysiske og digitale.  
 
- Veldig mange er involvert i studiestarten og eg vil takka alle for godt arbeid. 

Fadderaktivitet 

Når det gjeld fadderaktivitet har HVL lagt seg på ei linja der dette vert definert som private arrangement med dei tilpasningar som der gjeld. 
 
- Gjeldande smittevernreglar betyr at fadderarrangement vert definert som private arrangement, noko som gjev ganske strenge restriksjonar i høve tal studentar som kan vere samla.  
 
- Vi har fadderveker over to veker, for å spreie arrangementa utover. Kjem det andre nasjonale eller lokale råd og retningslinjer vil vi tilpasse arrangementa våre. Vår plan no er å halde faddergruppene på 20 eller færre studentar, med moglegheit for mindre grupper om nødvendig.  

- Vi har god fadderopplæring i forkant av faddervekene med vekt på trygge fadderveker og smittevern.  

Heimekontor

Når det gjeld bruk av heimekontor er linja i HVL framleis lik det den var før sommaren. 

- Vi føl dei nasjonale tilrådingane som legg opp til at vi skal ha generelle smitteverntiltak, og nytte delvis heimekontor for dei som kan, og/eller fleksibel arbeidstid. Det betyr auka bruk av arbeidsplassen, samstundes som avstandskravet må kunne følgast.  
 
- HVL legg difor opp til at fleire kan nytte seg av kontorfasilitetane på campus nokre dagar i veka dersom ein ønskjer det. Dette skal skje i dialog med næmaste leiar, seier organisasjonsdirektør Tage Båtsvik. 

Leige av lokale til undervising

Når det gjeld leige av meir undervisingslokale er linja den same. 
 
- Avgjersla om å ikkje leige eksterne lokale til ordinær undervisning i haust er forankra i toppleiinga i høgskulen. Hovudsakleg er dette grunngjeve i ei kost-nytte-vurdering, der vi vurderer ulemper og kostnader knytt til ei slik ordning som større enn meirverdien. Leige av eksterne lokale krev monaleg ekstra arbeid, knytt til koordinering og organisering, tilrettelegging av infrastruktur i lokala, tilpassingar i timeplanen og meir.  
 
- Potensiell meirverdi ligg i å kunne samle større studentgrupper til undervisning. Samstundes opplever toppleiinga at ein hovudsak har tenlege rammer for undervisningsaktiviteten i gjeldande retningsliner for timeplanen. Inkludert høve til å finne tenlege løysingar for dei store studentgruppene. Så vil vi som nemnd i løpet av hausten vonaleg få høve til å ha enda meir av undervisningsaktiviteten på campusane våre, seier Båtsvik.